Når me opplev Fædrelandsvennen sin kulturredaktør gjer noko så lite kulturelt som å harselere med bygdefolk si bruk av heiane, vitnar det om mykje kunnskapsløyse.
Bygdefolk og heia har gjennom generasjonar vore tett knyt saman. Heia sine ressursar var det som gav mat på bordet. I heia beita husdyra, i heia vart vinterfôret hausta. I heia dreiv bygdefolk jakt og fiske og fanga småvilt og fugl i snarer. I Valle og Hylestad vart det ifølge landbrukstellinga hausta over syv tusen lass med høy frå heia.
Hvem skal eie fjellet?
Det er denne tradisjonen me bygdefolk førar vidare i vår måte å nytte heia på. Me driv jakt og fiske, me beitar sauene i heia.
Det nye er at me og nyttar fritida vår i heia. Fedrane våre visste nok ikkje kva friluftsliv var, toppturar var vel heller ikkje den tids aktivitet, men denne aktiviteten er og sterkt forankra i fedrane si bruk av heia. Det er når den eldre generasjonen tek med den yngre generasjonen på heia, gleda med heielivet vert førd vidare til ein ny generasjon. På heia gjer me noko saman, om me plukkar bær, jaktar eller fiskar.
Gleda når du er på sauesanking og set deg ned for å eta og verkeleg får sjå venleiken i landskapet. Det å få oppleve å krysse same bekken år etter år og oppleve at storauren er på gåten i år og. Da tek eg av meg hatten for skaparen. Eller møter på ein flokk reinsdyr, der du verkeleg høyrer brunsten, må ein berre sette seg ned og nyte synet og lyden.
Over 330 innspill om villrein: Det koker i fjellet
Dyra beitar like gjerne inn til ein sti eller eit skooterspor og flytter seg noko om ein kjem nær innpå dei, men dyra flyg ikkje over alle heiar, men flytter seg roleg, noko vekk. Eller når været og mørke kjem fortare enn du tenker, er det godt å ha jervenposen i sekken som ein kan krype ned i. Etter ei god natt i jervenposen og det lysnar av dag, er livet godt og å leve.
Debatten om forvaltning av reinsdyra i Setesdalsheiane må handla om noka meir enn berre reinsdyr. Debatten må handle om meir enn skrantesjuke, turister, stenging av turisthytter og motorisert ferdsel.
Nå kan det bli det bråk på bygda
Debatten må og handle om tradisjon og kulturarv. Det er gjennom bruk og dei opplevingar bruken gjev, band til heia vert til. Det er gjennom desse banda til heia, respekten for heia og dyra vert til, og viljen og evna til å take vare på dyr og landskap vert skapt. Det er gjennom å take vare på tradisjon og kulturarv ein best tek vare på dyra og heia.
Steinar Kyrvestad
Bonde og mangesyslar
Kulturredaktør. Det bygdefolk ønskjer for framtida er at me framleis kan nytte heia som ein fristad, ein plass til å lære og leve. Me ønskjer at generasjonane etter oss skal oppleve gleda med dyr og hei.
Det at bygdefolk nytter heia er ikkje noko nytt. Bygdefolk har nytta heia i generasjonar. Skal den offentleg forvaltninga lukkast må dei og take omsyn til tradisjon og kulturarv. Til slutt kulturredaktør. Les NINA rapporten «Kvalitetsnorm Villrein» så vil kanskje du og sjå at det er ikkje noko grunn, ut frå rapporten, til å rope «Ulv Ulv» for villreinen i Setesdal.













English (US)