Anne Kalvig
Forfatter av Kjønnstru: Kampen om røynda
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Lærar Tormod Gilje Rossavik forkludrar eit sakleg ordskifte om Bufdirs språkføringar i sitt innlegg den 6. januar. Der Stortingsrepresentant for FrP, Pål Morten Borgli, legg fram kva som er problematisk med ei statleg retningslinje som vil pålegga folk å lyga, påstår Rossavik at elevar ikkje tar psykisk skade av å bli innlærte usant som sant i skulen.
Det handlar om kjønn, den mest grunnleggande inndelinga i menneskearten. Og nei, det er ikkje respekt og «sunn fornuft» å lata som at mennesket, som einaste pattedyr, kan skifta kjønn. Det er intellektuell latskap, og etisk havari.
Lærarar er i særleg grad dei som burde ha stått i front for å verna barn og unge mot skadeleg ideologi og kjønnstru presentert som fakta. Mange – som Rossavik – vel i staden å både bagatellisera sakskomplekset, ignorera kritikarar sine saklege framlegg og å dydsposera.
Om Rossavik er opptatt av homofili, kvifor bryr han seg ikkje om at unge som nå blir villeia til å tru dei er eit anna kjønn, svært ofte viser seg å vera homofile og lesbiske? Skjønner han ikkje at sjølvidentifisering av kjønn og forbod mot konverteringsterapi opp mot fiksjonen «kjønnsidentitet», faktisk er statleg pålagt konvertering av homofile og lesbiske? Har han sat seg inn i feltet han sett seg til doms over?
Det er ikkje snilt å tala usant om kjønn. Det er ikkje fagleg forsvarleg heller. Det fører sårbare barn og unge til forvirring og usikkerheit, og leier mange, jenter især, til å starta helseskadeleg behandling i den umoglege jakta på å bli ein annan enn den ein er.
Trua på at me kan bestemma kva som er verkeleg gjennom subjektive erklæringar, utan omsyn til sanning og fellesskap, er ikkje humanistisk, inkluderande og liberalt. Det er antivitskapleg og illiberalt, og tar vekk etablerte menneskerettar. Ingenting av dette drøftar Rossavik i sin «slapp nå litt av og gjer som meg»-tekst.
At foreldre mistar barna sine til transideologi, at kvinner mistar sitt diskrimineringsvern og at me alle blir fanga i statspålagde løgner – det er altså «sunn fornuft» for lærar Rossavik. Det er dessverre ikkje overraskande i ei tid der den frie tanken har underlagt seg systemtru og maktlojalitet.
Publisert:
Publisert: 9. januar 2026 06:25

16 hours ago
1





.jpg)







English (US)