– Det er så grovt

3 days ago 2



KOMMENTAR: Pakistanarar bør helst ikkje få barn? Dei er «målbare minusvariantar»? Det er reinspikka, grov rasisme. Frå ein tilsett i Frp's Stortingsgruppe. Det er så grovt.

Det held ikkje å visa til at dette er ei personalsak, Sylvi Listhaug. Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Kvelden før Frp opna sitt hurra-landsmøte med partiets beste stortingsval nokosinne i ryggsekken, sit Hårek Hansen på puben Eilefs Landhandleri midt i Oslo, og lirer av seg reinspikka, grov rasisme. Han er politisk rådgivar for Frp's stortingsgruppe.

Minusvariantar???

Rundt bordet er fleire journalistar, etter kvart begynner dei å ta opp samtalen. På det nå publiserte opptaket frå TV 2, seier denne rådgivaren i Frp's stortingsgruppe at pakistanarar i Norge helst ikkje bør få barn. Dei er «minusvariantar»«minusvariantar»Minusvarianter var betegnelsen på individer som rasehygienikere mente svekket den biologiske kvaliteten på en befolkning. Begrepet stammer fra en ideologi der mennesker ble vurdert utelukkende ut fra biologiske kriterier, og har i ettertid blitt sterkt fordømt på grunn av sine koblinger til nazistisk tankegods og menneskerettighetsbrudd. . Eit ord med røter djupt nedi gammal, skiten, stygg rasisme. Der ein søker å gjera eit samfunn betre ved å luka ut den eller dei gruppene menneske ein ser på som mindre verdt enn seg sjølv. På grunn av biologi. Det er så grovt.

Hansen meiner også Europa er «fucked», på grunn av befolkningsutviklinga. Han er langt, langt inne i konspirasjonsteoriane. Han snakkar ikkje om manglande integrering, han snakkar ikkje om at det finst grenser for kor stor innvandring vi klarer handtera. Nei. Han snakkar om pakistanarar som «minusvariantar.» Det er nesten så ein ikkje orkar skriva det ned. Men det må til.

For vi snakkar ikkje om dumt fyllerør, sjølv om det var promille i bildet. Vi snakkar heller ikkje om ei sak resten av Frp ikkje treng å forholda seg til. Dei er for tida Norges største parti. Hårek Hansen er tilsett i Frp's stortingsgruppe. Han er blant anna rådgivar for nyvalde Simen Velle, som frontar Frp's skulepolitikk. Frp vil ha Kunnskapsministeren, kjem dei i regjering. Ifølge TV 2 er Simen Velle eit aktuelt namn til den posten.

Det går ikkje

Verken Velle, eller andre i Frp, kan halda seg med ein rådgivar som lirer av seg reinspikka rasisme. Hansen er også gift med ei nær venninne av partileiar Sylvi Listhaug. Likevel fann verken Velle eller Listhaug eller andre stortingsrepresentantar frå Frp det nødvendig å gå ut og stilla seg ved ein norsk-pakistanars side. Eller i det minste ta avstand frå slikt som dette. Før langt utpå sundags morgonen.

Eit kvart politisk parti i Norge ville måtta gjera det umiddelbart etter noko slikt. Også Frp.

For alle dei som er barn av innvandrarar, for alle dei som heile livet har stressa med å aldri vera gode nok, aldri norske nok, uansett kva dei måtte gjera. For alle dei som også burde få kjenna at den fridommen Frp meiner kvart enkeltmenneske skal ha, også gjeld dei. Når ein sentral rådgivar i partiet får seg til å seia at dei ikkje ein gong bør få barn, er vi så langt, langt unna den fridommen som det går an å koma.

Det er så grovt. I dag bør vi alle vera norsk-pakistanarar. Også Frp.

Publisert:

Publisert: 3. mai 2026 10:17

Read Entire Article