– I går så møtte eg nissen.
Det fortel Edvard, som går i førsteklasse ved Åskollen skole i Drammen.
– Han gav meg ei gåve, men det var ikkje den ordentlege nissen. Eg såg på skjegget og drog litt i det. Da såg eg at det var pappaen min, seier han.
Det er høgsesong for dei med kvite skjegg og raude frakkar. Julenissane har hektiske dagar, og ein av dei er Bent Lønrusten.
Han har vore profesjonell julenisse i over 30 år. Men jobben har blitt vanskelegare enn før, synest han.
Bent Lønrusten blir kalla for ein hybrid mellom julenisse og lokalhistorikar frå Kinnerud gard på Konnerud.
Foto: Karoline Forberg / NRKFor i ei tid med falske nyheiter og videoar som det er usikkert om ein kan stole på, er det ikkje berre dei vaksne som har blitt meir opptatt av kva som er sant eller ikkje.
Barn anno 2025 kan vere kjeldekritiske, meiner nissen.
– Dei er meir på jakt etter å få avslørt kven som er bak maska enn før. Dei går kjeldene sine ganske nøye etter i saumane. Dei veit kva dei skal sjå etter og spørje om. Om du ikkje er kjapp i replikken der, så sit du i saksa, seier han.
Skjegget blir sjekka først
Førsteklassingane er alle einige om at han bur på Nordpolen og kjem med gåver.
På spørsmål om dei trur på nissen, roper dei «jaaa» i kor.
– Eg trur han gir gåver til heile verda, seier Jokubas.
Men den krystallklare trua slår litt sprekkar når barna deler erfaringane sine om hovudpersonen i jula.
– Han har komme på besøk, men eigentleg var det berre bestefar som kom, seier Nora.
Nokon teiknar julemiddag og nissar, mens andre teiknar drakar og monster. Edvard jobbar konsentrert med meisterverket sitt.
Foto: Haakon Nesse Moreau / NRK– Trur du på nissen?
– Nei ... Eller jo, seier Theodor.
– Eg skjønte, da nissen kom i fjor, at det var berre ei maske. Nissen er ikkje ekte.
– Du trur kanskje litt likevel, høyrest det ut som?
– Lite grann, bekreftar han, mens han finpussar sjømonsteret på arket.
Førsteklassingane kjenner godt til julenissar og rampenissar. Eline måtte berre vise fram eit triks ho har lært.
Foto: Haakon Nesse Moreau / NRKSkjegget er det første barna på Åskollen tar ein ekstra titt på, for å finne ut om det faktisk er nissen som kjem på besøk.
– Vi kan sjå bakpå om det er strikk eller ikkje, også kan vi dra i det, seier Jonathan.
Ein annan ting som kan avsløre falske nissar er kva dei seier, og korleis dei bruker stemma.
– Han seier ikkje «ho-ho-ho», slår Theodor fast om ein falsk nisse.
– Da vi var på skolefest her, så hadde pappa kledd seg ut. Vi visste det var han, fordi det var stemma til pappaen min, legg Nora til.
Gåva er ikkje det viktigaste
Kvardagsnissen kan lett bli avslørt, ifølge den profesjonelle aktøren, Lønrusten.
Dersom ein snik seg ut for å ta på nissedrakta på julaftan, men gløymer å byte sko eller ta av klokka, da blir du fort tatt på fersken.
– Og stemma. Du kan rope på ungane dine ut av vindauget, og dei høyrer med ein gong at det er deg. Stemma er utruleg viktig, gir han barna rett i.
Men han har eitt tips til alle hobbynissane og stemmeskodespelarane.
– Vått dopapir nede i munnen, på utsida av tennene. Da får du ein mykje holare lyd, seier mannen med skjegget.
Er det vanskelegare å få barna til å tru på nissen?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
I jobben med å få skeptikarane til å tru eitt år til, meiner han at han kan skilte med høg suksessrate, sjølv når dei vanskelegaste spørsmåla dukkar opp.
– Om dei drar av meg lua, så er det hår under. Du må bruke litt tid og energi og pengar på å bli ekte nok, om du ikkje skal bli tatt, seier han.
For det er forskjell på kvantitets- og kvalitetsnissar. Berre skjegget til Lønrusten kosta 30.000 kroner, og han bruker rundt to timar på å feste det til ansiktet.
Men han er trass alt profesjonell nisse. Nissane som er på heimebane treng ikkje å gjere drakta til ei storinvestering.
– Du treng ikkje bruke så mykje på skjegg, men ikkje kjøp dei dårlegaste, seier han.
Med lang erfaring kjem også eit auge for detaljar. Drakta er blant anna av ekte vadmål og fløyel.
Foto: Karoline Forberg / NRKMen Lønrusten synest ikkje berre det er leitt at barna har blitt meir kritiske.
– Da blir dei sikkert noko stort når dei blir vaksne. Men det er jo litt hyggeleg å kunne fortsette denne tradisjonen med gåveutdelaren, seier Drammensnissen.
Sjølv om det ikkje er gåva i seg sjølv som er poenget.
– Vel så viktig er det å kunne dele gleder med andre, seier han. Det er det vi skal prøve å lære ungane våre: Det speler inga rolle om ein kjem frå Nisseland eller Nordpolen eller kor det er. Berre det er ein god person som kjem inn og gjer veg i vellinga, minner nissen oss på.
Publisert 23.12.2025, kl. 17.04



















English (US)