Dette er gjengen Trump vil skal skape fred i Gaza

3 hours ago 4



Den amerikanske presidenten Donald Trump har utnemnd seg sjølv til leiar av det han kallar eit «fredspanel». Der skal han, saman med inviterte medlemmar, jobbe mot fred i Gaza.

Det er Trump som får bestemme kven som får vere med, og han skal vere leiar på livstid. Det vil sei at han sit uavhengig om han er president i USA eller ikkje.

– Det er ein stor ære å invitere deg til ein historisk og storslått innsats for å bygge varig fred i Midtøsten, og på same tid, å gå i gang med ein dristig ny tilnærming til å løyse global konflikt, skriv Trump i invitasjonen som han skal ha sendt til Viktor Orban, statsminister i Ungarn.

Orban, president Santiago Peña i Paraguay og president i Argentina Javier Milei har delt teksten på X.

Medlemskap i panelet skal vare i tre år. Om ein ønsker å bli permanent medlem, er prislappen 1 milliard dollar, eller 10 milliardar norske kroner.

Det kvite hus seier at betalinga tilbyr permanent medlemskap til «land som viser eit djupt engasjement for fred, tryggleik og velstand».

Mogleg alternativ til FN

Frankrike har takka nei til å sitje i panelet. Ifølgje The Guardian seier utanriksdepartementet at det er grunna panelets «utvida ambisjonar».

Financial Times og Haaretz siterer anonyme diplomatiske kjelder som seier at Trump har planar om å utvide fredspanel-konseptet. Planen hans skal vere å etablere tilsvarande fredspanel til andre konfliktar som eit alternativ til FN.

Panelet er ein del av fredsplanen etter Gazakrigen og skal ha oppsyn med eit teknokratisk palestinsk overgangsstyre. Rådet vart annonsert då Trump la fram fredsplanen sin på 20 punkt.

Emmanuel Macron

President Emmanuel Macron i Frankrike vil ikkje vere med i Trump sitt fredsråd.

Foto: AFP

Ingen frå den palestinske sjølvstyremyndigheita skal vere invitert til å delta i panelet, skriv CNN.

Mykje er enno uklart rundt kven som skal sitje i panelet og kva rolla til panelet skal vere.

Det er ikkje kome fram om slike panel skal forhalde seg til folkeretten, slik som FN.

Noreg og fleire andre land avventar

Statsminister Jonas Gahr Støre har og fått invitasjon og seier dei vil gå gjennom invitasjonen i dialog med andre allierte.

– Dette verkar som eit omfattande oppsett for å etablera heilt nye institusjonar. Det er behov for å gå gjennom grundig både rettsleg og politisk. For Noreg er det mellom anna viktig å forstå betre korleis dette vil forhalda seg til etablerte strukturar, som FN og forpliktingane våre der, seier han.

Jonas Gahr Støre og Cristian Jensen

Jonas Gahr Støre er blant dei som har fått invitasjon om å bli medlem i fredsrådet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Canada ønsker ikkje å betale for medlemskap, og har heller ikkje blitt spurt om det. Det er ikkje klart om landet vil avslå invitasjonen.

Statsminister Keir Starmer i Storbritannia seier han vil snakke med allierte om fredspanelet, men har ikkje sagt om dei er blant landa som har fått invitasjon, skriv nyheitsbyrået AP.

Invitasjonen Ungarns president Viktor Orban fikk om å bli med i Trump sitt fredspanel.
Brev Viktor Orban fikk om å bli med i Trumps fredspanel.

Invitasjonen Donald Trump skal ha sendt til Viktor Orban. Teksten er delt av Orban sjølv på X.

Putin og Lukasjenko invitert

Russlands president Vladimir Putin, som sjølv har erklært ein angrepskrig på Ukraina, skal også vere ein del av fredspanelet. Det same skal leiarar av Kasakhstan, Vietnam og Tyrkia.

Det er venta at ei fullstendig liste på medlemmar i panelet vil bli offentleggjort på Verdas økonomiske forum i Davos i Sveits denne veka.

Måndag fekk også den belarusiske diktatoren Alexander Lukasjenko invitasjon, ifølge utanriksdepartementet i Belarus.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin nyaste podkast-episode:

Publisert 19.01.2026, kl. 23.30

Read Entire Article