– Det bidrar til at ein ikkje får sett eit punktum, men må halde fram med ventinga og belastninga det medfører.
Det seier ei kvinne som er tilsett i Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Ho er ein av fleire BUP-tilsette som har opplevd å bli hengt ut og hetsa i fleire videoar på sosiale medium.
Kvinna i 50-åra som publiserte desse videoane, blei i fjor dømd i Salten og Lofoten-tingrett til eit halvt års fengsel for omsynslaus åtferd og krenking av privatliv. I tillegg blei ho frådømt retten til å bruke fleire sosiale medium-kontoar i halvanna år.
Dommen blei anka av kvinna i 50-åra, og ankesaka skulle etter planen starte tidlegare sist veke i Hålogaland lagmannsrett.
Men tiltalte møtte ikkje opp den første dagen i retten på grunn av sjukdom, og ankesaka blei utsett til midten av mai.
Det reagerer 62-åringen på. Ho har brukt mykje tid og ressursar på å førebu seg til rettssaka.
BUP-tilsett seier det er ei belastning at ankesaka er utsett.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell– Eg er utruleg skuffa over at ankesaka ikkje blir gjennomført som planlagt, seier ho til NRK.
Det er ikkje berre BUP-tilsette som har blitt hengt ut.
Det har også nære slektningar av kvinna, og bistandsadvokaten deira, Kristine Aare Hånes fryktar at denne utsettinga vil bli ei stor belastning for klientane hennar.
– Ho held fram med å publisere videoar, og om saka blir utsett vil ho fortsette å legge ut videoar, sa ho i lagmannsretten tysdag.
– Uoppretteleg skade
Kvinna har publisert 14 videoar på Facebook sidan tingrettsdommen kom i byrjinga av juni i fjor. Desse videoane er også publisert på kvinna si eiga heimeside og TikTok-konto.
Fleire av videoane handlar blant anna om dei fornærma slektningane.
Videoane har alt frå 13.000 til 200.000 sidevisningar.
Sidan kvinna anka tingrettsdommen, er han ikkje rettskraftig, og ho kan halde fram med å publisere videoar.
Bistandsadvokaten seier til NRK at utsettinga av ankesaka blir ei større påkjenning for dei fornærma slektningane.
– Det er fordi det vil ta enda lenger tid før dette forbodet faktisk er rettskraftig og vi får ein stopp på dette. Det er denne stadige krenkinga. Ho held fram med å publisere, og innhaldet i videoane blir ikkje akkurat mildare, seier Hånes.
Når kvinna publiserer nye videoar, får det store konsekvensar for dei fornærma, seier bistandsadvokaten.
– For kvar video er det nye kommentarar og delingar. Krenkinga held fram og blir større, seier ho og legg til:
– Det er ein uoppretteleg skade som lev sitt eige liv i sosiale medium. Det er viktig for mine klientar å få ein stopp på dette her.
– Stilt strenge krav
Advokat Jon Wessel-Aas, kan rettsområde som medierett og ytringsfridom veldig godt.
Han seier at dersom dei nye videoane kvinna publiserer er straffbare, kan ikkje Hålogaland lagmannsrett dømme ho for dei.
– I straffesaker kan domstolane berre dømme nokon for forhold som blir omfatta av eit tiltalevedtak frå påtalemakta. Og når den opphavlege tiltalen allereie er dømd i tingretten, kan ikkje tiltalen utvidast i ankesaka for lagmannsretten, seier han.
Viss påtalemakta meiner at kvinna har publisert nye straffbare videoar, må det eventuelt takast ut ny tiltale om desse, forklarar advokaten.
Advokat Jon Wessel-Aas.
Foto: Peder Bergholt / NRKDet er først i nyare tid at det har kome rettspraksis frå høgsterett om å frådøme personar retten til å bruke sosiale medium, seier Wessel-Aas.
Høgsterett har behandla dette i to saker dei seinare åra. Først i ein dom i 2024, som blei følgt opp i ein dom frå 2025.
– Etter dei avklaringane som er gitt frå Høgsterett i dei dommane, vil nok dette bli vanlegare i saker der sosiale medium er brukte til å gjere seg skuldig i grovare krenkingar, seier han og legg til:
– Det er jo snakk om eit alvorleg inngrep i den dømde sin ytringsfridom, og difor blir det stilt strengar krav til proporsjonalitet om ein skal frådøme nokon retten til å bruke sosiale medium generelt.
– Innanfor ytringsfridomen
Bendik Falch-Koslung er forsvararen til kvinna i 50-åra. Han svarar på vegner av sin klient at publiseringane av videoane, etter deira syn, er innanfor rammene av ytringsfridomen.
– Det finnast per i dag ingen rettskraftig dom, og ikkje noko publiseringsforbod som avgrensar hennar rett til å uttale seg offentleg, seier Falch-Koslung.
Forsvarar til kvinna, Bendik Falch-Koslung saman med statsadvokat og aktor Thor Erik Høiskar i lagmannsretten tysdag.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKDet at lagmannsretten utsett ankesaka på grunn av sjukdom, er noko retten måtte gjere, ifølge forsvararen.
– Noko anna ville etter mitt syn vore ein openberr saksbehandlingsfeil.
Vidare seier han at klienten hans har eit anna syn på saka enn bistandsadvokat Hånes.
– Ho har ingen ønske om å skade nokon, men vil få fram den urett ho meiner har skjedd. Ein subjektiv oppleving av å bli krenka, er ikkje det same som at ytringane er ulovlege.
– Viktig verktøy
Bakgrunnen for dei publiserte videoane av slektningane og dei BUP-tilsette, handlar om ein barnefordelingssak.
Dei BUP-tilsette hadde hatt oppfølging av eit barn, i ei sak som seinare enda i ein tvist om barnefordeling, der barnevernet vedtok at ein forelder skulle miste omsorga.
I etterkant publiserte kvinna, ein nær slektning av barnet, skjulte lydopptak frå samtalar dei hadde hatt med barnet, ope ut på Facebook, TikTok og YouTube.
Ifølge tiltalen delte også kvinna personlege, private og intime opplysingar om barnet.
Blant anna inneheldt videoane lydopptak kor barnet prata og grein i samtale med hjelpeapparatet.
Kvinna sin forsvarar, Bendik Falch-Kolsung seier at ytringane til kvinna er innanfor rammene til ytringsfridomen.
Illustrasjon: Skjermdump frå TiktokI samband med barnefordelingssaka, blei det retta anklar om overgrep mot barnet, men desse skuldingane er avvist i fleire rettsinstansar.
– Sosiale medium er for min klient eit viktig verktøy for å rette merksemd mot det ho meiner er alvorlege rettssikkerheitsutfordringar i saka, seier Falch-Koslung.
Publisert 19.01.2026, kl. 22.34











English (US)