Epstein hadde eit enormt nettverk av verdsleiarar, kongelege og rike forretningsfolk. Også fleire frå Noreg.
Nokre av dei norske forbindelsane har vore kjende tidlegare, men no kjem det fram fleire detaljar om kva slags relasjon han hadde til fleire av dei.
Epstein vart dømt for kjøp av seksuelle tenester av mindreårige jenter allereie i 2008, og sona den gong ein dom på 13 månader i fengsel.
Nesten ti år seinare vart han arrestert og fengsla igjen, i juli 2019, skulda for fleire overgrep og menneskehandel. Han vart funne død på cella si berre ein månad seinare.
Sidan har den amerikanske kongressen bestemt at alle dokumenta frå etterforskinga skal ut i offentlegheita, trass i at svært mykje er sladda.
- Her kan offentlegheita søke i dei frigitte dokumenta
Det amerikanske justisdepartementet har frigitt fleire millionar e-post- og SMS-utvekslingar, skanna dokument, bilde og videoar.
Dette veit vi om Epstein sin omgang med norske makttoppar:
- Kronprinsesse Mette-Marit
- Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland
- Sjef i World Economic Forum, Børge Brende
- Tidlegare toppdiplomat Terje Rød-Larsen
- Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik
Kronprinsesse Mette-Marit
Sjargongen mellom Epstein og kronprinsessa viser seg å ha vore nær, ifølgje e-postutvekslingar dei imellom.
«Eg er på konejakt. Paris viser seg å vere interessant, men eg føretrekker skandinavar», skriv Epstein til kronprinsessa hausten 2012. Ho svarer nokre timar seinare:
«Paris er bra for utruskap. Skandinavar er betre konemateriale. Men samstundes, kva veit vel eg».
Kronprinsessa seier i dag at ho er flau og angrar på kontakta. Ho seier også at ho burde ha sjekka bakgrunnen hans betre.
Men allereie i 2011 Googla kronprinsesse Mette-Marit Epstein, og erkjente at «det ikkje såg så bra ut».
Nokre få år tidlegare, i 2008, vart Epstein som nemnt dømt og sona ein fengselsdom.
Kontakta mellom dei to har også vore langt meir omfattande og vart lenger enn det som tidlegare har vore kjent.
Tidlegare har Slottet sagt at kronprinsessa braut kontakta med Epstein i 2013, men nyleg frigitte dokument viser dialog mellom dei to også i 2014.
I januar 2013 budde kronprinsessa fire dagar i villaen til Epstein på Palm Beach i Florida.
Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland
Epstein og Jagland diskuterte fleire gonger moglegheita for eit familiebesøk til Little Saint James i 2013 og 2014, ifølge e-postutvekslingar som er frigitt. Det var øya til Epstein, kor mange av overgrepa skal ha funne stad.
På dette tidspunktet var Jagland generalsekretær i Europarådet og leiar av Nobelkomiteen.
Jagland skriv i ein e-post frå januar 2013 at han ville ta med heile familien på tur for å feire bursdagen til kona. Her føyer han til at «eg kan ikkje berre halde det gåande med unge kvinner, som du veit».
NRK har spurt Jagland kva han meinte med dette, men har så langt ikkje fått svar.
På spørsmål om han planla familietur til Epstein-øya, svarte Jagland laurdag slik:
– Eg planla ikkje noko slikt, og det blei aldri noko av, skriv Jagland i ein SMS.
Jagland har også kome med kommentarar om unge kvinner i ein annan e-post til Epstein frå 2012.
«Eg har vore i Tirana (Albania) ekstraordinære jenter. Reiser til Jordan, Palestina og Israel. Tilbake på torsdag».
Dette skaper overskrifter også i albanske medium måndag.
– Eg ser at nokre i desse mailane har ein pinleg sjargong som kan bli misforstått, seier Jagland til VG.
NRK kjenner ikkje til i kva slags samanheng denne kommentaren vart skrive.
Hausten 2014 bad Jagland Epstein om økonomisk hjelp til eit bustadkjøp, ifølgje ein e-post VG har omtalt. Også NRK har sett e-posten.
Jagland har tidlegare teke avstand frå Epstein sine handlingar, og meint at hans kontakt med Epstein var «normal diplomatisk aktivitet».
Måndag føremiddag varslar Jagland ei omfattande utgreiing om hans relasjon til Epstein, opplyser advokaten hans Sigurd Klomsæth.
Sjef i World Economic Forum, Børge Brende
I 2018 og 2019 skal tidlegare utanriksminister, no sjef i World Economic Forum (WEF), Børge Brende, ha møtt Epstein fleire gonger.
Berre nokre få veker før Epstein vart arrestert i 2019, skal dei to ha nyte ein sushimiddag saman.
I ei e-postutveksling frå 2017 går det også fram at Epstein foreslo at World Economic Forum kan erstatte FN.
«Nettopp – vi treng ein ny global arkitektur. World Economic Forum (Davos) er i ein unik posisjon – offentleg og privat. Alt godt, Børge.», svarte Brende.
I dag beklagar han at han ikkje sjekka bakgrunnen til Epstein nærare, og kallar han eit «monster».
Tidlegare toppdiplomat Terje Rød-Larsen
Rød-Larsen er blant dei første frå Noreg som vart linka til Epstein, etter at Dagens Næringsliv skreiv fleire saker om det i 2019.
Ei heil bråte med e-postutvekslingar og SMS-kontakt viser at Rød-Larsen og Epstein hadde omfattande kontakt.
I filene ligg det også kopiar av Epstein sitt testament, kor det går fram at han har testamentert vekk 10 millionar dollar til borna til Rød-Larsen og kona hans, Mona Juul.
Juul seier dei er kjent med opplysningane om testamentet gjennom media, ifølgje DN.
Juul er for tida ambassadør i Amman, Jordan. No varslar også Utanriksdepartementet ein gjennomgang av all kontakt ho eventuelt har hatt Epstein.
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik
Den tidlegare KrF-leiaren møtte Epstein på hans kontor i New York i 2015, blant anna for å diskutere mogleg finansiering av Oslosenteret – som Bondevik stifta i 2006.
I e-postane som no er frigitt går mykje av dialogen rundt organisering av møter med Epstein.
Faktisk stadfesta Bondevik eit frukostmøte også i oktober 2013.
– Eg trur at det møtet kan ha blitt avlyst i siste liten. Kan berre hugse å ha hatt eitt møte med Epstein på hans kontor, skriv Bondevik i ein e-post til NRK.
Bondevik inngjekk aldri nokon finansieringsavtale med Epstein, etter å ha funne ut meir om hans kriminelle bakgrunn.
Han møtte også Epstein i Oslo i 2012 for å diskutere drapet på Martine Vik Magnussen.
Epstein fungerte som mellommann for faren til drapssikta Farouk Abdulhak.
Publisert 02.02.2026, kl. 15.21












English (US)