Dette kan bli en flaskehals hvis det blir krig i Norge

1 hour ago 1



Narvik vil spele ei viktig rolle for Noreg og Nato i ei eventuell krise- eller krigssituasjon i nord.

Opptil 80 prosent av allierte styrkar vil nemleg kome til malmbyen i ein krigssituasjon.

Men ein ny rapport viser at Narvik ligg an til å bli ein flaskehals om det skulle skje.

Årsaka er Ofotbanen, E6 og havna.

– For at Narvik ikkje skal vere ein flaskehals for Noregs beredskap og Nordflanken må det investeres mykje, seier ein av forfattarane av rapporten.

soldater i hvit kamuflasje i hvitt landskap.

Soldatar frå allierte styrkar har fleire gonger vore i områda rundt Narvik.

Foto: Karelius Heitmann/Forsvaret

– Må bli invistert myke

I april 2024 lossa det amerikanske forsvaret utstyr i hamna i Narvik.

Det var ein del av Nato-øvinga «Immediate response». Men i ein ekte krise eller krig ville nettopp dette området vore eit hinder.

US Army losser militært utstyr i Narvik

US Army losser militært utstyr i Narvik under ei øving i fjor sommar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen

Kapasiteten for å ta imot allierte styrkar her er for dårleg, ifølge ein fersk rapport frå rådgjevningsselskapet PWC.

– Det må bli investert både i betre kaikapasitet og ny infrastruktur for å flytte materiale frå hamna til nord og aust, seier Anders Brun i PWC.

– Ein må investere både i vei, bane og hamn.

I ein krisesituasjon treng ein nemleg store areal for lagring av millitært materiell. Når dette skal bli frakta austover krevjer det mykje av vegnett og jernbane.

Meiner dobbeltspor til toget hastar

I Narvik har ein lenge jobba med planar for å betre infrastrukturen med til dømes tunell under sentrum og utbygging av hamna.

I tillegg har dei lenge ønska dobbeltspor på Ofotbanen.

  • Ordfører Rune Edvardsen (Ap) i Narvik.

    Rune Edvardsen

– No må vi ha det, når den geopolitiske situasjonen har blitt som han har blitt, og også Nato og forsvaret har kome inn i biletet, seier han.

Ordføraren etterlyser betre samhandling mellom departementa om ein skal få dette til.

– Sjølv om samferdselsdepartementet meiner dei gjer godt nok, kva meiner forsvaret. For dei er det kanskje ikkje godt nok.

  • Direktør i Utdanningsetaten, Marte Gerhardsen

    Marte Gerhardsen

    • Statssekretær i Forsvarsdepartementet fra Ap

Forsvarsdepartementet skriv til NRK at Nato no jobbar med å kartleggje behov for infrastruktur, kapasitet og varer og tenester hos ulike vertsland.

– Det er ikkje per i dag grunnlag for å seie kva hamnar, flyplassar og liknande som bør bli utbedra for å oppfylle dei endelege krava til Nato.

FFI: Ser mange svake punkt

– Eg fryktar at for mange trur at tida er på vår side. Det er ho ikkje. Tida for handling er no.

Det sa generalsekretæren i Nato, Mark Rutte, då han snakka på førre sikkerheitskonferanse i München i Tyskland.

Person i mørk dress står mot en mørk blå bakgrunn. Hånden er plassert nær ansiktet i en tenkende stilling. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Generalsekretær Mark Rutte la trykk på at verda ikkje har mykje tid til å førebu seg, då han snakka på sikkerheitskonferansen til Nato i februar.

Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB

Han sa at allierte måtte førebu seg på krig innan fem år. No har det snart gått eitt år sidan konferansen.

Sjefsforskaren hos Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) har analysert alierte mottak. Ho er einig i at det hastar med å få bygd ut no.

– Det hastar med å få på plass robust infrastruktur for transport. Vi har mange hamnar, men infrastrukturen for veg har mange sårbare punkter som bruer.

  • en kvinne med blondt hår

    Gunn Alice Birkemo

    • Sjefsforsker ved Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI)

Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) meiner mykje gjer den totale infrastrukturen i nord sårbar om ein skal få fram millitær beredskap.

– Til dømes vegen frå Narvik til Kirunna, som vil bli ein viktig transportkorridor i forbinding med eit alliert mottak er veldig sårbar. Jernbanen har heller ikkje særleg mykje restkapasitet, seier Birkemo.

– Der haster det er ein del, meiner eg.

Publisert 20.12.2025, kl. 11.49

Read Entire Article