Dette trur ekspertane at Noregs Bank vil gjere

1 month ago 14



Økonomane er samstemte om kva Noregs Bank vil gjere med renta torsdag, men er spente på kva signal dei vil sende om bana vidare.

 Thomas Evensen / TV 2
RENTEMØTE: Torsdag blir Norges Bank si renteavgjerd lagt fram. Foto: Thomas Evensen / TV 2

Publisert 20.03.2024 15:02

Torsdag presenterer sentralbanksjef Ida Wolden Bache renteavgjerda til Noregs Bank.

Økonomar TV 2 snakkar med onsdag er ikkje i tvil om at styringsrenta vil bli ståande på 4,5 prosent.

– Det er ikkje så stor spenning knytt til rentebeskjeden denne gongen, seier sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken. 

– Eg er heilt sikker på at Noregs Bank lar renta bli liggande uendra no, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB.

Men dei to økonomane er ikkje heilt samde om når Noregs Bank vil setje ned renta. 

Spår kutt i september

Bakgrunnen for spådommen er samansett. Norsk økonomi klarar seg bra trass den høge styringsrenta, og arbeidsløysa er lågare enn Noregs Bank hadde sett for seg, ifølge Haugland. I tillegg har oljeprisen vore høgare enn venta.

Samtidig har prisveksten den siste tida vore lågare enn sentralbanken hadde trudd, peiker sjeføkonomen på.

– Det er ein viktig bidragsytar. Men så har og kronekursen vore sterkare enn Noregs Bank hadde anslått, og det bidrar til mindre inflasjonstrykk enn om kronekursen hadde vore svakare, seier Haugland.

Første kutt trur ho kan kome i september.

– Eg trur dei vil legge fram ein renteprognose som indikerer stort sannsyn for rentekutt i september, seier Haugland.

 Goran Jorganovich  / TV 2
TRUR RENTA BLIR VERANDE: – Ein sterkare kronekurs og ein lågare inflasjon er grunnen til at vi forventar ein litt lågare rentebane enn sist, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Trur kuttet kan kome seinare

Hov trur også at Noregs Bank vil halde på signala om at det første rentekuttet vil kome til hausten. Men han trur ikkje det første kuttet vil kome allereie i september.

– Inflasjonen har gått ned den siste tida. Det kan opne for at Noregs Bank kuttar renta tidlegare. Samtidig går vi mot eit ganske spennande lønsoppgjer som vi trur kan bli ganske kostbart i år, seier Hov.

 Per Haugen / TV  2
SPÅR SEINARE KUTT: Sjeføkonom Marius Gonsholt Hov har meir trur på at renta vil bli sett ned i desember. Foto: Per Haugen / TV 2

Også Hov trekk fram kronekursen. I tillegg meiner han at Noregs Bank vil sjå an kva store bankar som European Central Bank (ECB) og Federal Reserve (FED) gjer med renta.

– Ein siste ting er at Noregs Bank har anledning å vente og sjå, for vi ser at økonomien toler renta ganske godt. Den er betre enn Noregs Bank såg for seg, så det er ikkje noko som tilseier at dei har bråhast med å setje ned renta, seier Hov, som trur det er større sannsyn før at første rentekutt kjem i desember.

– Eg trur ikkje på store endringar i rentebana, men om noko, må det vere at rentekuttet vil kome meir mot slutten av året enn tidlegare spådd. Dei har anledning å vente og sjå, fordi dei ser at økonomien toler dei høge rentene betre enn venta, seier Hov.

Read Entire Article