Dialekt er identitet — ikkje humor.
TikToker og fylkestingsrepresentant (Sp)
Då artisten Synne Vointervjua av NRK P3 var ho bedt om å lese opp triste nyhende fordi ho har så «koseleg dialekt».
frå Lesja vartI staden for å snakke om musikken og karrieren, brukar altså programleiarane frå statskanalen tida på å gjere narr av dialekta hennar.
Det er i kvart fall det fokuset er på videoklippet som vart lagt ut på P3s instagramkonto i etterkant.
Er det rart ungdommar skammar seg over dialekta si når sjølv NRK ler av dialektbruk på riksdekkande direkteradio?
Språk er fantastisk!
Det er lov å la seg fascinere og glede seg over skilnadane og likskapane dei ulike dialektene våre har.
Likevel er det ei grense mellom å vere språkinteressert og å bruke andre si dialekt som humorinnslag.
Sjølv er eg ein stolt dialektbrukar, og er glad for at eg kan nytte språket og dialekta mi til å uttrykkje meg.
Eg har vakse opp både i Sogn og på Nordmøre, vekslar mellom sognemålet og nordmørsdialekta, litt etter kven eg pratar med.
For meg er det ei gåve å ha to dialekter, og begge dialektene mine er ein viktig del av den eg er.
På sosiale media får eg likevel stadig meldingar frå folk som openbert ikkje er like glad i dialektene mine som eg er.
Eg trur at mange, i tillegg til å vere glad i dialekta si, også kjenner på ei «dialektskam».
Særleg rundt dei store byane i Noreg ser ein at folk endrar på dialekta si til fordel for talemålet i byen.
Til dømes byter folk ut dialektord, og fleire av vennene mine frå Østfold brukar ikkje lenger tjukk L.
Handlar dette om storsamfunnet sine haldningar til dialekt?
Er det innafor å tulle med dialekter?aJa, så klart.bDet kommer helt an på situasjonen.cNei, det er billig og unødvendig humor.Dialekta, som representerer identitet, oppvekst og tilhøyrsle, vart på radioen brått redusert til underhaldning.
Eg tvilar på at det same hadde skjedd dersom Synne Vo si dialekt var nærare talemålet i Oslo.
Kvifor er det alltid det standardiserte hovudstadsdialekta som blir handsama som den nøytrale og «normale», medan dialekter frå resten av landet blir sett på som 2. rangs?
Det å snakke dialekt er så knytt til identitet, at når nokre dialekter blir sett på som morosame, stygge, fine eller i dette tilfellet «koseleg», skapar ikkje det berre ei rangering av dialekta i seg sjølv, men også av dialektbrukaren.
Skal fleire, særleg unge, tore å vere stolte dialektbrukarar må media stoppe å gjere narr av dialekt.
Det normale er å snakke ei anna dialekt enn standardisert austnorsk.
Likevel er det sjeldan ein høyrer folk på TV og radio med andre dialekter enn nettopp denne.
Enno sjeldnare høyrer eg andre med same dialekt som meg.
NRK og andre media må ta ansvar, og bli flinkare på å syne fram det fagre dialektmangfaldet vi har i Noreg.
Ein må også klare å løfte fram dei norske dialektene, utan å gjere eit nummer ut av det.
Dialekt er identitet, ikkje underhaldning.