Dette veit vi om skyttarane som stod bak terrorangrepet i Sydney

20 hours ago 1



Naveed Akram (24) og faren hans Sajid Akram (50) står bak det antisemittiske terrorangrepet i Sydney, skriv australske medium som kringkastaren ABC.

Søndag blei minst 15 personar drepne i det som blir omtalt som eit av dei verste terrorangrepa på australsk jord.

Australia sin statsminister Anthony Albanese hevdar at gjerningspersonane handla aleine. Han opplyser at politiet ikkje etterforskar fleire personar.

– Det er ikkje noko bevis for samarbeid, ingen bevis for at desse personane var del av ei celle, seier Albanese på ein pressekonferanse, skriv BBC.

En gruppe mennesker deltar i en minnemarkering, hvor blomster ligger spredt ut på bakken. En mann er sittende med armene hevet, mens han holder en blomst i hånden. Bak ham står flere personer som ser mot ham, samlet i en sørgende, men samholdt gruppe. Omgivelsene er preget av blomster og en stemning av ettertanke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Måndag har det vore minnemarkering på Bondi Beach.

Foto: BIANCA DE MARCHI / Reuters / NTB

Gjerningspersonane skal vere «motivert av ekstremistisk ideologi», hevdar Albanese. Statsministeren har ikkje kommentert utsegna ytterlegare.

Australske medium skriv om funn av IS-flagg og sprengstoff i bilen til gjerningspersonane.

Dette er foreløpig ikkje stadfesta av offisielle kjelder.

Statsministeren opplyser også at Naveed Akram blei etterforska i seks månadar i 2019, på grunn av si tilknyting til to personar som seinare blei fengsla.

Etterforskinga fann ikkje noko bevis for at 24-åringen planla eller vurderte valdshandlingar eller antisemittisme, ifølge Albanese.

Politiet har ikkje identifisert skyttarane

Politiet har vore atterhaldne med informasjon om gjerningspersonane. Dei har førebels ikkje formelt bekrefta kven som står bak angrepet.

– Vi går grundig gjennom bakgrunnen til begge personane. På dette stadiet veit vi veldig lite om dei, sa politimeister i New South Wales Mal Lanyon.

Den eldste gjerningspersonen blei skoten og drepen av politiet på staden.

Den yngste blei sendt til sjukehus etter at han blei skoten av politiet. Tilstanden skal vere kritisk.

Han er under oppsyn av politiet medan han får behandling på sjukehuset.

Skal ha fortald familien at dei skulle på fisketur

Det var lite som tyda på at Sajid og Naveed gjorde seg klare til eit terrorangrep, ifølge familien si forklaring til politiet.

Naveed skal ha vore ein roleg og pliktoppfyllande ung mann, skildra mora, Verena, til politiet.

Ifølge The Sydney Morning Herald, skal Naveed og faren ha fortalt familien at dei i helga skulle på fisketur i Jervis Bay, på den sørlege kysten av New South Wales.

Det sa mora til den 24 år gamle gjerningspersonen til politiet, då dei omringa familieheimen deira i Bonnyrigg i Sydney.

Sydney Opera House er avbildet i nattemørket med et projisert bilde av en menorah på taket. Bygningen er opplyst, og omgivelsene er mørke med noen få lys langs kaien. Vann reflekterer lyset fra operaen. Ingen mennesker er synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Måndag kveld lokal tid prydar ein menorah taket på det ikoniske operahuset i Sydney. Menorah er ein sjuarma lysestake som blir brukt under den jødiske høgtida hannuka.

Foto: Hollie Adams / Reuters / NTB

Verena klarte ikkje å identifisere sonen hennar på eit bilete og sa at ho har vanskeleg for å tru at han var del av angrepet.

– Han har ikkje våpen. Han går ikkje ut. Han omgår ikkje venner. Han drikk ikkje, røyker ikkje og han er ikkje på farlege stader, sa mor Verena.

– Kven som helst ville ha håpa på ein son som han ... Han er ein god gut.

Tidlegare lærar fordømer angrepet

Eit bilete av Naveed posere med ein islamsk lærar ved Al-Murad Institute har sirkulert på sosiale medium.

Læraren, Adam Ismail, seier at han ikkje har hatt kontakt med Akram på fleire år, men at Akram oppsøkte senteret i slutten av 2019 for å få undervisning i koranresitasjon og arabisk.

Islamic teacher breaks silence on viral photo alongside alleged Bondi gunman

Tidlegare lærar for Naveed Akram har uttala seg til australske medium etter at eit bilete av dei har sirkulert på internett.

Faksimile: Privat/Facebook

Ismail understrekar til australsk medium at han ikkje hadde noko med angrepet å gjere.

– Eg fordømer denne valdshandlinga, seier han.

Skal ha brukt hagle

Angrepet skjedde under den jødiske høgtida hanukka.

Mange australske jødar hadde samla seg på stranda i Sydney for å feire.

Flere personer samles rundt et minnesmerke fylt med blomster og lys. Noen bærer israelske flagg og klemmer hverandre, mens de viser sorg. I bakgrunnen er en stor folkemengde som observert ser på minnesmarkeringen. Omgivelsene er åpne, og stemningen synes å være preget av ettertanke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Måndag har det vore minnemarkeringar i Sydney etter terrorangrepet på Bondi Beach.

Foto: Mark Baker / AP / NTB

15 offer blei drepne i angrepet.

Blant dei var 10 år gamle Matilda, ifølge The Guardian.

Alexander Kleytman (87), som overlevde holocaust, blei det eldste offeret i terrorangrepet.

En stor folkemengde står samlet mens de minnes en hendelse. Foran dem ligger et hav av blomster, dekorert med lys. Deltakerne ser alvorlige ut, med flere som holder mobiltelefoner. Stemningen er preget av sorg og ettertanke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Bilete frå ei minnemarkering ved Bondi Beach.

Foto: SAEED KHAN / AFP / NTB

Innanriksminister i Australia, Tony Burke, sa at gjerningspersonen Sajid kom til landet som student i 1998. Sonen hans er fødd og oppvaksen i Australia.

I går kalla Albanese terrorangrepet for ei «vond handling av antisemittisme og terror».

På videoar frå hendinga ser det ut til at det blei brukt ei boltrifle og ei hagle i angrepet.

Politiet har ikkje stadfesta dette.

40 personar har blitt frakta til sjukehus etter angrepet. To av dei skadde er politi­betjentar. Tilstanden skal vere alvorleg, men stabil.

En gruppe mennesker står i kø utenfor St Andrew's House, under en moderne baldakin. Bygningen har en/glassfasade, og det ses reklameplakater ved inngangen. Køen inkluderer personer av ulik alder og klesstil. Området rundt ser ut til å være en urban setting med andre høye bygninger i nærheten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Måndag har mange personar meldt seg for å donere blod. Dei donerer til skadde offer som ligg på sjukehus etter skytinga.

Foto: Reuters

Måndag er det lange køar utanfor ein blodbank i Sydney. Nokon har stått i kø i to timar.

– Det er det minste vi kan gjere for å hjelpe, seier éi av dei som står i køen til nyhendebyrået Reuters.

Interessert i det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her:

Publisert 15.12.2025, kl. 19.49

Read Entire Article