Distriktsopprør i Høgre: – Vil aldri akseptere tre frå Oslo

3 days ago 2



«Bunads-Høgre» varslar kamp på landsmøtet i februar, der partiet skal velje Erna Solberg sin erstattar og to nestleiarar.

Bakgrunnen er signala om at den leiartrioen berre vil bestå av «Oslo-folk» (Ine Eriksen Søreide, Henrik Asheim og Ola Svenneby).

Dersom innstillinga endar med tre personar frå Oslo, så meiner eg valkomiteen leverer dårleg. Vi har da heldigvis flinke folk utanfor bomringen i Oslo òg, seier bergenspolitikar Eivind Nævdal-Bolstad (H).

Eivind Nævdal-Bolstad (H)

– PC er den openberre kandidaten som etter mitt syn burde inn som nestleiar, og eg håpar han ombestemmer seg før landsmøtet, seier Eivind Nævdal-Bolstad, som var klassekamerat med Frølich på skolen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Bergen Høgre har tidlegare insistert på at Peter Christian «PC» Frølich bør bli ein del av leiinga.

Laurdag varsla vestlandsalibiet – til stor overrasking – at han ikkje lenger er aktuell til nestleiarvervet.

– At mitt val også gir rom for eit så ekstraordinært politisk talent som Ola Svenneby som nestleiar, er personleg viktig for meg, forklarte Frølich.


Tre stykk som trør skotøyet sitt på Karl Johan? Ikkje aktuelt

Bø-ordførar Sture Pedersen (H) seier til VG at han «ikkje kan sitte i ro og sjå på at Høgre vel tre personar frå austlandsområdet inn i leiinga».

Gløym det. Tre stykk som trør skotøyet sitt på Karl Johan? Ikkje aktuelt, seier han.

Om valkomiteen ikkje justerer kursen, lovar han kamp på landsmøtet i februar, der den nye leiinga formelt blir peika ut.

Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.

– Det er eit tap. Dei innstilte er flinke folk, men for distrikts-høgre, kyst-høgre og for den fornyinga vi ønskte oss, så er Frølich den rette, seier han til NRK.

Tom Georg Indrevik

Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.

Foto: Øygarden kommune

Er Høgre verkeleg så maktblinde?

«Seriøst? Er Høgre verkeleg så maktblinde?» skriv politisk redaktør i Bergensavisen, Sølve Rydland.

Med tilvising til Stein Rokkan (sjå under), meiner han at Høgre – til liks med Arbeidarpartiet – er i ferd med å gjere seg skuldig i ein politisk «brølar».

At ingen av dei to tradisjonelle styringspartia bryr seg om geografisk representasjon i toppleiinga si, fortel ein heil del om at dei to partia ikkje er opptekne av kor viktig denne dimensjonen er i norsk politikk.

  • Bernt Hagtvet

    Bernt Hagtvet

    Bernt Hagtvet skal ha sagt at «I Noreg er konflikten mellom sentrum og periferi ofte sterkare enn kjønnsdrifta».

  •  NTB

    Stein Rokkan

    Stein Rokkan identifiserte sentrum-periferi som den definerande konfliktlinja i norsk politikk. No slår spørsmålet om geografisk representasjon inn i leiarkampen i Høgre.

Leiartrioen i Arbeidarpartiet består av Jonas Gahr Støre (Oslo), Tonje Brenna (Jessheim) og Jan Christian Vestre (Oslo sidan han var eitt år gammal).

Rydland legg til:

– Om denne sentraliseringspendelen får halda fram, vil ein svekka det enorme verdiskapingspotensialet langs kysten i vest og nord. Det er naivt å tru at dei austlandstunge partileiingane vil bety noko anna enn austlandsk politisk slagside.

Sølve Rydland, politisk redaktør i BA

– Det manglar ikkje aktuelle kandidatar. Både Peter Christian Frølich frå Bergen og Erlend Svardal Bøe, som er valt inn for Troms, og oppvaksen i Sogn og Fjordane, hadde gitt partileiinga meir enn eit snev av geografisk truverd, seier politisk redaktør i Bergensavisen, Sølve Rydland.

Foto: Emil Weatherhead Breistein / Bergensavisen

Publisert 07.12.2025, kl. 11.02

Read Entire Article