Dobbeltdrapssaka i Porsgrunn: Nøkkelvitne vil ikkje forklare seg i lagmannsretten

4 hours ago 2



Ein polsk statsborgar, som var til stades da Kine Einarsen (28) fekk omfattande brannskadar, vitna i fleire dagar da dobbeltdrapssaka blei behandla i tingretten.

Nå har han gitt beskjed om at han ikkje har nokon planar om å gjere det same i Agder lagmannsrett.

Nøkkelvitnet har reist til heimlandet, sa statsadvokat Ellisiv Bentdal da ankesaka mot Kjetil Melbye Mathisen starta tysdag formiddag.

40-åringen blei i sommar dømt til 21 års forvaring for drap på Einarsen og Stig Kyrre Nybråten.

Einarsen døydde av skadane ho pådrog seg i brannen i september 2022. Ti månader seinare døydde Nybråten, som også hadde status som vitne til brannen.

Mathisen har heile tida nekta straffskuld for drap.

En mann med caps

Ankesaka mot Kjetil Melbye Mathisen skal fortsette fram til februar.

Foto: Privat

Ønsker å bruke opptak

Det polske vitnet har inga plikt til å møte i ei norsk rettssak.

Statsadvokat Helene Holtvedt fortel at det blei gjort opptak av vitnemålet til mannen i tingretten.

– Det er ønsket til påtalemakta at det blir spelt av under ankeforhandlinga.

kvinner som sitter ved et bord

Statsadvokatane Ellisiv Bentdal og Helene Holtvedt fører saka for påtalemakta.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Advokat Espen Refstie, som forsvarar den tiltalte mannen, seier det er veldig uheldig at nøkkelvitnet sviktar.

– Han og ein annan er dei einaste åstadvitna.

Dette har skjedd

– Eit kjempeproblem

Da saka blei behandla i tingretten blei det spelt av ei rekke opptak frå avhøyr av Nybråten.

Før han døydde sjølv, fortalde 54-åringen til politiet at det var Mathisen som sette fyr på Einarsen.

Påtalemakta ønsker at også lagmannsretten skal få sjå opptaka. Mathisens forsvararar har bede om at dei ikkje blir brukte i denne runden.

Årsaka er nyheita om at den polske mannen ikkje kjem til å stille, seier forsvararen.

En mann i rettskappe.

Advokat Espen Refstie forsvarer den tiltalte 40-åringen.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

– Da vil ein mangle moglegheita til å stille spørsmål til to heilt sentrale vitne. Det er eit kjempeproblem.

Refstie seier det nå er opp til retten å avgjere om opptaka skal brukast eller ikkje.

Glad for å vere i gang

Den dobbeltdrapstiltalte 40-åringen har vore varetektsfengsla i vel to år.

Forsvararen seier at klienten er glad for at ankesaka er i gang, men at tida sidan pågripinga har vore vanskeleg.

– Å få så alvorlege skuldingar retta mot seg gjer det sjølvsagt enda meir vanskeleg. Da har ein avgrensa moglegheiter for å snakke med nokon, og til å få hjelp og støtte.

Tysdag ettermiddag starta 40-åringen å forklare seg om dødsfallet til Kine Einarsen. Han står fast ved at han ikkje veit kva som skjedde da 28-åringen tok fyr.

Mathisens forklaring fortset onsdag formiddag.

Publisert 04.11.2025, kl. 17.29

Read Entire Article