Dømd til forvaring for menneskehandel og prostitusjon

2 hours ago 4



Ein person i 30-åra frå Østfold er no i Nord-Troms og Senja tingrett dømd til forvaring, med ei tidsramme på fem år, og minstetid på tre år og fire månader.

Aktor, Kirsti Jullum Jensen, la ned påstand om forvaring då saka gikk for retten.

Det er ein særreaksjon som kan nyttast for å verna samfunnet når ei vanleg tidsbestemt straff ikkje vert rekna som tilstrekkeleg.

– Tek vi sjansen på å sende tiltalte tilbake til samfunnet utan kontroll, for det er jo reint faktisk det er, når vi veit kva han har gjort, sett saman med den dystre prognosen og høg risiko for nye liknande forhold?

– Nei, meiner eg, og er av den oppfatninga at forvaring er absolutt nødvendig i denne saka, sa Jensen då ho la ned påstand.

Dei sakkunnige i saka peikte også på at det var ein stor risiko knytt til personen. Retten meinte forvaring var rett i dette tilfellet. Dommen var einstemmig.

– Tiltalte synest å ha ein svært låg terskel, om nokon i det heile, for å utnytte sårbare menneske etter eige godtykke. Det er etter meininga til retten av stor vekt at tiltalte har ein slik låg terskel for å gjere seg skuldig i seksuallovbrot eller andre integritetskrenkande lovbrot overfor sårbare, står det i dommen.

– Forholda er også gjort relativt kort tid etter at tiltalte vart dømd for å ha utnytta sårbare kvinner økonomisk. Tidlegare fengselsstraff har såleis ikkje hatt noka innverknad på viljen til tiltalte til å halde fram med utnyttinga av sårbare.

Fleire dommar

Personen har fleire dommar bak seg, mellom anna for vald i nære relasjonar, og økonomisk svindel.

Den domfelte erkjente straffskyld for å ha krenka privatlivets fred ved to anledningar, men nekta straffskyld for dei andre forholda personen var tiltalt for.

Personen i 30-åra dømes også til eit forbod mot å oppsøke, forfølgje eller på noko vis kontakte ei rekke personar, og må i tillegg betale i overkant av ein million kroner i erstatning til dei fornærma i saka.

– Eg vil gjennomgå dommen med min klient.

Det seier personens forsvarar, Bjørn Winquist til NRK.

Han vil ikkje kommentere ytterlegare per no.

Publisert 26.02.2026, kl. 14.55 Oppdatert 26.02.2026, kl. 15.43

Read Entire Article