– Det er billigare å gjere feil enn å gjere ting ordentleg, seier Stein Terje Hendset.
Mora hans, Bjørg Hendset, mista livet da eit hus blei tatt av jordskred i Hennset i Heim kommune i 2022.
I tillegg blei seks personar sendt til sjukehus, mellom anna ein toåring som blei henta ut av huset.
Det 1500 kubikkmeter store skredet gjekk i eit område der nye E39 blei bygd.
No har påtalemakta ilagt Statens vegvesen eit førelegg på 500.000 kronar. Det synest dei etterlatne er ei lita straff.
– Eit liv er ikkje mykje verd, seier Hendset.
Bjørg Hendset budde i huset som blei tatt av skredet.
Foto: Arne Kristian Gansmo / NRKVille fått førelegg på ein million – har gått konkurs
– Statens vegvesen har fått utstedt eit førelegg på bot på 500.000 kronar for brot på arbeidsmiljøloven, stadfestar politiadvokat Hanne Sivertsen Berg til NRK.
I etterkant av skredet blei ei ekspertgruppe oppnemnt for å sjå nærmare på årsaka.
Dei konkluderte med at vegarbeidet var årsaka til ulykka.
Rapporten frå ekspertgruppa peikte på ei rekke svakheiter i arbeidet av Statens vegvesen som byggherre og entreprenøren Bertelsen & Garpestad.
– For Bertelsen & Garpestad sitt vedkommande er saka lagt bort, fortel Sivertsen.
– Ettersom selskapet har gått konkurs er det ikkje noko selskap å rette førelegg mot.
Skredet sett fra ferja som går over vannet.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKSkredet er rundt 20 meter bredt, og 200 meter langt, ifølge politiet.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKSkredområdet strekker seg nedover lia og over E39. Et hus gikk med i skredet.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKDronebilde av skredområde i Valsøyfjord i Heim kommune.
Foto: Bertelsen & Garpestad ASHus tatt av skred i Valsøyfjord i Heim kommune.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKStore jordmasser etter skredet i Valsøyfjord.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKSkred som har gått i Valsøyfjord i Heim kommune.
Foto: Arne Kristian Gansmo / NRKHus tatt av skred i Valsøyfjord i Heim kommune.
Hus smadret etter å ha blitt tatt av skred i Valsøyfjord i Heim kommune.
Foto: Arne Kristian Gansmo / NRKEn bil ble tatt i skredet.
Foto: Bjarte Johannesen
Politiadvokaten fortel at ho foreslo at selskapet skulle bli ilagt ein bot på éin million kronar for aktlaus framkalling av fare for allmenta, samt brot på arbeidsmiljøloven ved å ikkje ha sørga for eit forsvarleg arbeidsmiljø for sine arbeidarar.
– Statsadvokaten var i utgangspunktet einig i at det var grunnlag for slikt førelegg, men la altså saka bort ettersom selskapet gikk konkurs, fortel Sivertsen Berg.
Sivertsen Berg fortel at det ikkje har vore aktuelt å straffeforfølgje enkeltpersonar.
– Det er berre selskapa. Vi har ikkje etterforska opp mot dei og har heller ikkje funne grunnlag for å etterforske enkeltpersonar.
Ein person frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen og ein frå politiets krimtekniske avdeling ser opp mot skredområdet. I bakgrunnen ser vi det som etter kvart skal bli ny E39.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKØyvind Langemyr var konserndirektør før Bertelsen & Garpestad gjekk konkurs. Han fortel til NRK at han ikkje meiner det er riktig at entreprenøren skulle ha blitt ilagt førelegget.
– Den synest eg ikkje er riktig når det er Statens vegvesen sin dårlege prosjektering som er årsaka til ulykka, seier Langemyr.
Gjennomgang
– Dette er ei svært tragisk og alvorleg hending, og Statens vegvesen kjenner sterkt med alle som er råka. Umiddelbart etter hendinga etablerte vi både ei ekstern ekspertgruppe og ei intern arbeidsgruppe for å analysere det som har skjedd, for å lære av det og hindre at liknande situasjonar oppstår på nytt.
Det seier avdelingsdirektør Ove Nesje i Statens Vegvesen.
– Den juridiske avdelinga vår går no gjennom førelegget og det grunnlaget påtalemakta har lagt fram. Vi må vente på den pågåande gjennomgangen før vi kan kommentere saka nærare.
– Komplisert sak
Stein Terje Hendset fortel at dei etterlatne også har gått til sivilt søksmål mot Statens vegvesen.
Det er advokat Marie Heggløv som representerer familien i søksmålet.
– Det er ei veldig komplisert sak dette, både erstatningsrettsleg og strafferettsleg, fortel Heggløv til NRK.
Ho ønsker ikkje å seie noko om storleiken på kravet dei har fremma.
– Vi ønsker ikkje per no å kommentere saka nærare.
Publisert 13.04.2026, kl. 15.27 Oppdatert 13.04.2026, kl. 15.27









.jpg)





English (US)