– Tusen takk. Dette er verkeleg ei av dei største ærene i mitt liv, seier USAs president i det han får medaljen rundt halsen.
Fifa-president Gianni Infantino kunne dele ut fredsprisen, etter at vinnaren blei annonsert i ein video vist før VM-trekkinga i Kennedy Center i Washington.
– Dette er din pris. Dette er din fredspris. Det er også ei vakker medalje til deg som du kan ta med deg overalt du går, seier Infantino.
– Det er ein stor ære å vere her med Gianni. Eg har kjent han lenge. Han har gjort ein heilt fantastisk jobb, seier Trump.
Han held fram:
– Eg må takke familien min. Mi fantastiske førstedame. Melania du er her, tusen takk.
MEDALJE: Donald Trump tar på seg medaljen han fekk frå Gianni Infantino
Foto: STEPHANIE SCARBROUGH / AFP / NTB– Eg har verkeleg sett alt nå, skriv tidlegare Premier League-stjerne Stan Collymore på X.
Også i Noreg straumar reaksjonane etter at Trump har mottatt fredsprisen.
– Skjer dette på ekte? skriv Einar Tørnquist.
– Den «fredsprisen» og smiskingen med Trump: Eit av fotballens flauaste augeblikk, skriv fotballekspert Lars Tjærnås på X.
TIL STADES: Donald Trump og Melania Trump
Foto: DAN MULLAN / AFP / NTBTrudde han skulle få han
Før trekkinga kom president Donald Trump gåande i lag med Gianni Infantino på den raude løparen.
Der fekk han spørsmål frå TV 2 om Fifas nye fredspris.
– Eg veit ikkje. Eg håpar eg får han. Nokon har sagt at eg får han, men eg har ikkje fått offisiell beskjed. Eg har løyst åtte krigar, sa Donald Trump til den norske pressa før utdelinga.
KOM I LAG: USAs president Donald Trump og Fifa-president Gianni Infantino kom gåande i lag på det raude løparen.
Foto: Mads Håby / NRKKrev undersøkingar frå Fifas etiske komité
Det har lege i korta lenge at Trump skulle få fredsprisen. Prisen blei oppretta rett etter at det blei klart at Trump ikkje fekk Nobels fredspris tidlegare i haust.
Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har verken sagt noko om kriteria for prisen, kven som sit i juryen eller kven som er nominert.
– Det at Fifa gir ut ein fredspris er heilt uproblematisk. Problemet oppstår når prisen går til nokon som er aktive innan politikken. Da blir det eit brot på den politiske nøytraliteten, seier Miguel Maduro til NRK.
Maduro veit kva han snakkar om. Da Infantino blei vald som president i Fifa i 2016, blei han den første leiaren av Fifas uavhengige tilsynsorgan. Han hadde som jobb å sørge for at Fifas regelverk blei følgt.
I det regelverket, som både organisasjonen og tilsette i Fifa er pålagt å følge, står det at Fifa skal vere politisk nøytrale.
Det prinsippet meiner Maduro at er broten av president Infantino nå. Han peikar på to grunnar:
– For det første tar Fifa politisk stilling til arbeidet som blir utført av den politiske aktøren, i dette tilfellet Trump. Og for det andre, det er også ei politisk markering å gi prisen til ein mann som er aktiv i politikken.
Han meiner brotet på Fifas eigne reglar er så klart at an ventar at Fifas etiske komité opprettar ei sak mot Infantino.
– Viss Etisk komité konkluderer med at det ikkje er eit brot på reglane, må dei komme med ei grunngiving for kvifor dei meiner det. Eg er spent på den grunngivinga, seier Maduro.
Samanliknar med sportsvasking i Qatar og Russland
Maduro er ikkje den einaste som reagerer sterkt på fredsprisen. Også Minky Worden, leiar av menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch, meiner tildelinga er sterkt problematisk.
– Miguel Maduro stiller spørsmål om Fifa-presidenten har kryssa linja og blitt engasjert i politikken. Eg tenker at Maga-rørsle og Trumpisme under VM kan vere ei veldig negativ utvikling. Det er ein grunn til at du ikkje skal bruke eit så stort idrettsarrangement til eiga politisk vinning, seier Worden til NRK.
Ho meiner dette VM-et er i ferd med å bli like sportsvaska som Putins VM i 2018 og Qatars VM i 2022.
– Så sportsvasking har ei lang historie, men det går ut over supporterar, spelarar og lokalsamfunna. Fifa burde heller fokusere på dei som leverer og gjennomfører meisterskapen. Arbeidarar, spelarar, supporterar og media, seier Worden.
Gianni Infantino med VM-trofeet i det Ovale Kontor i lag med Donald Trump tilbake i august 2025.
Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP / NTB– Ein skandale
Jostein Kobbeltvedt, leiar for Raftostifelsen i Bergen, meiner det ikkje er eit problem i seg sjølv at Fifa har ein fredspris.
– Men dei har ikkje sagt noko om kriterium, prosess eller kven som bestemmer, seier Kobbeltvedt til NRK og fortset:
– Gitt historikken til Fifa, og Infantino, med å bruke Fifas innverknad til å sportsvaske autoritære leiarar i Russland, Saudi-Arabia, og det siste året Trump, er det stor grunn til å frykte at prisen vil bli brukt politisk.
Jostein Kobbeltvedt i Raftostiftelsen.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRKAt det nettopp var Trump som fekk prisen, kommenterer Kobbeltvedt på følgande måte:
– At Trump fekk han er ein skandale. Ein siste spikar i kista på truverdet til Fifa-leiinga, men dessverre ikkje overraskande.
Publisert 05.12.2025, kl. 18.29 Oppdatert 05.12.2025, kl. 18.54



















English (US)