Den amerikanske presidenten Donald Trump landa i Israel måndag morgon.
Det skjer i samband med at fyrste del av fredsplanen hans startar, med overlevering av gislar og fangar mellom Israel og Hamas.
Han skal mellom anna tala til Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.
Med den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu ved sin side, skreiv Trump ei stor helsing i ei bok.
– Dette er mi store ære – ein fantastisk og vakker dag. Ei ny byrjing, skreiv han.
Trump starta besøket hos Knesset med å skriva ei helsing.
Planen er òg at Trump skal møta familiane til israelske gislar.
– Krigen er over. Dette er ein bra dag. Det er ei ny byrjing, sa han til journalistar då han kom.
Fredsmøte i Egypt
Seinare på dagen skal han vidare til Sharm el-Sheikh i Egypt, der forhandlingane mellom Israel og Hamas har gått føre seg den siste veka.
Der skal han delta på eit fredsmøte med den egyptiske presidenten Abdel Fattah El-Sisi.
Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er blant dei som deltar på møtet.
Det same gjer mellom anna Frankrikes president Emmanuel Macron og den britiske statsministeren Keir Starmer. I tillegg skal Mahmoud Abbas, president for dei palestinske områda, delta, erfarer fleire medium.
Ein Trump-supporter ventar på å høyre presidenten tala i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.
Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTBFyrste del av fredsplan
Måndag starta overleveringa av gislar og fangar mellom Israel og Hamas.
Utveksling gissel og fangar
Hamas skal frigi 20 attlevande gissel. Utvekslinga skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft.
Israel skal frigi 2000 palestinske fangar.
Tilbaketrekking av styrkar
Det israelske militæret skal gradvis trekkja tilbake styrkane sine.
Fordrivne palestinarar får venda tilbake til Nord-Gaza og Gaza by.
Naudhjelp skal inn
Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei først fem dagane. Etter det skal naudhjelpa auka gradvis, ifølgje Hamas.
Fleire punkt gjenstår
Både den israelske regjeringa og Hamas har godkjent fredsplanen, men første del inneheld få kjende detaljar. Punkt som avvæpning av Hamas og korleis Gaza skal bli styrt, gjenstår å diskutera.
Hamas skal sleppa fri 48 gislar, 20 av dei framleis i live. Til gjengjeld skal Israel sleppa fri rundt 1950 palestinske fangar.
Måndag føremiddag stadfesta IDF at alle dei levande gislane har vorte overleverte. Direktebilete frå nyheitsbyrået Reuters viser òg at bussar med palestinske fangar har forlate eit fengsel sør i Israel.
Donald Trump landa i Israel måndag morgon.
Foto: JACK GUEZ / AFP / NTBInteressert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 13.10.2025, kl. 10.08 Oppdatert 13.10.2025, kl. 10.57