– Dette er alvorleg for verdas økonomi og det er kritisk for Noreg. Det vi kan sjå er 20 prosent toll mot EU og 10 til 15 mot Noreg, det har mykje å seie fordi vi sender mykje eksport til EU, seier Cecilie Myrseth (Ap) til NRK.
Han innfører 15 prosent toll mot Noreg.
Myrseth fortel at det har noko å seie for arbeidsplassane i Noreg.
- Når bilindustri blir ramma i Tyskland, påvikrer det stålet, alluminum og dei som produserer bildelar i Noreg, så dette har noko å seie for arbeidsplassane her heime, seier ho.
Ho peikar på at det som skjer i EU har direkte betydning i Noreg.
Trump kuinngjorde at varer frå EU vil få ein tollsats på 20 prosent.
Innførar 25 prosent toll på alle importerte bilar
USA har tidlegare varsla 25 prosent toll på import av stål, aluminium, bilar og bildelar. President Donald Trump har sagt han ønsker å auke tollen kraftig på alle varer USA importerer.
Natt til torsdag blir det også innført 25 prosent toll på alle importerte bilar. I tillegg skal det innan 3. mai bli innført 25 prosent toll på bildelar.
– Jobbar og fabrikkar skal komme tilbake til landet vårt. Meir produksjon heime vil bety sterkare konkurranse og lågare prisar for forbrukarane. Dette blir USAs gullalder, og vi kjem veldig sterkt tilbake, sa han i samband med kunngjeringa av tollsatsane.
President Trump signerte ein presidentordre onsdag kveld med gjensidige tollsatsar mot land som krev avgifter på amerikanske eksportvarer.
– Gjensidig betyr at dei gjer det mot oss, og vi gjer det same mot dei, sa han på ein pressekonferanse utanfor Det kvite huset onsdag kveld.
Trur det blir handelskrig
Trump kunngjorde at alle varer frå Kina får ein tollsats 34 prosent.
I tillegg blir det innført 32 prosent toll på alle varer frå Taiwan, som er verdsleiande når det gjeld produksjon av databrikker, og ein minimumstoll på 10 prosent mot alle land.
EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen sa tysdag at EU er klare med eit motsvar når dei veit kva som kjem.
Finansminister Jens Stoltenberg sa onsdag at Noreg kan bli hard ramma dersom det skulle bli handelskrig.
– Når det no blir meir uro og mest sannsynleg ein handelskrig ute i verda, då er det enda viktigare at vi har orden på dei grunnleggande tinga i norsk økonomi, sa han onsdag kveld.
Fakta om presidentordrar i USA
- Kva er ein presidentordre?
I USA er ein presidentordre det same som ein instruks til statsapparatet, og kan bli samanlikna med ei forskrift frå regjeringa i Noreg.
Ein president står fritt til å oppheve ordrar frå tidlegare presidentar.
- Kvifor bruke presidentordrar?
Presidenten kan signera og senda ut presidentordrar utan at det er gjort noko vedtak i Kongressen, som er den lovgjevande forsamlinga i landet.
Det er ein måte å tvinga gjennom eigen politikk eller politiske vedtak på, i saker som presidenten ikkje klarar å få vedteke i Kongressen.
- Er dei moglege å overstyra?
Ja. Fleire av presidentordrane Trump har signert har blitt stoppa, eller forsøkt stoppa, av domstolane. Sjølv om ein president signerer ein ordre, er det avgrensa kva han kan gjere.
Eit fleirtal i Kongressen kan også hindra at ein ordre blir gjennomført, til dømes ved å fjerne nødvendig finansiering.
- Eit utval presidentordrar frå Trump
På 10 dagar signerte Trump fleire presidentordrar enn nokon annan president har gjort på sine fyrste 100 dagar i Det kvite hus. Totalt har han signert 93 ordrar, ifølgje styresmaktene.
Eit utval kjende og mindre kjende ordrar:
- 25 prosent toll på stål og aluminium
- Avvikla kunnskapsdepartementet
- Erklærte ei nasjonal energikrise og krise på grensa til Mexico
- Fjerna mangfald- og inkluderingstiltak i regjeringa (DEI)
- Utvida tilgangen til kunstig befrukting
- Fjerna påbod om bruk av papirsugerør
- Forlet Verdas helseorganisasjon og Parisavtalen
- Endra namn på Mexicogolfen til Amerikagolfen
- Benåda tiltalte etter storminga av Kongressen 6. januar
Noreg har ikkje så stor eksport mot USA. Stoltenberg er meir uroa for korleis mottiltaka til EU kan slå ut for norsk eksport.
Den norske regjeringa har difor hyppig kontakt med EU for å komme på innsida av dei vernetiltaka dei eventuelt set i gang.
Men uansett kva som måtte skje onsdag kveld, meiner Stoltenberg dette blir den mest omfattande kursendringa i internasjonal økonomi på fleire tiår.
– Eg trur vi må tilbake til 1920-talet for sjå ei tilsvarande auke i tollsatsane, seier han.
Nervøs før kunngjeringa
Wall Street-børsen fall like etter opning onsdag. Men seinare på dagen stabiliserte børsen seg, før indeksane begynte å stige onsdag kveld, melder Reuters.
Shakeb Syed i Odin Forvaltning seier han kjem til å følge nøye med på kva som kjem i kveld.
– Eg er nervøs og spent på kva som kjem, og kjem til å følge med.
Han seier tollsatsane kjem til å prege verdsøkonomien gjennom to kanalar. Det eine er vekst i økonomien. Tollsatsane kan føre til lågare inntening for selskapa, som fører til eit fall i aksjemarknaden.
– Den andre kanalen er prisvekst. Tollen kjem til å bli lempa over frå produsentane til konsumentane. Det gir høgare inflasjon umiddelbart.
Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKMen sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets er også uroa for konsekvensane om Trump gjer hyppige endringar i tollsatsane.
– Vi veit kva han seier i kveld. Men kva seier han i morgon eller i neste veke, om ein månad eller eit år? Det blir vanskeleg for verksemdene å vite kva dei skal gjere med investeringar og sysselsetting i mange næringar rundt om i verda.
Kan få ringverknader
Professor i økonomi ved Noregs handelshøgskole, Ola Grytten, fryktar det som no skjer, skal utløyse ein handelskrig.
– Handelskrig er ikkje godt for nokon. Det fører til auka prisar. Det kan føre til lågare produktivitetsvekst, mindre omstilling, lågare økonomisk vekst og med det mindre velferd, seier han.
Grytten meiner Noreg, som har ein liten og open økonomi med stor utanrikshandel, kan bli ein tapar om vi blir ramma av auka toll frå både USA og EU.
Han trur dei norske verksemdene som eksporterer mykje til USA, som sjømatindustrien og møbelindustrien, vil merke tollen ganske raskt.
Men også folk flest vil kunne få merke det.
– Vi kan merke det ved at renta ikkje går ned slik vi hadde trudd. Prisane blir høgare og velstandsveksten blir ikkje så stor som han elles hadde vore.
Publisert 02.04.2025, kl. 17.57 Oppdatert 02.04.2025, kl. 22.59