Dronar skotne ned over Polen – forsvaret ber folk halde seg heime

5 days ago 7



Fleire russiske dronar kom i natt inn i polsk luftrom i samband med eit angrep i Ukraina, ifølgje det polske forsvaret.

– Det går føre seg ein operasjon i samband med dei gjentatte krenkingane av polsk luftrom, seier statsminister Donald Tusk.

Tusk har kalla regjeringa inn til hastemøte klokka 8.

Han seier også at Natos generalsekretær er blitt informert om korleis Polen handterer situasjonen.

– Dette er ei aggressiv handling som truar tryggleiken for innbyggjarane våre, skriv det polske forsvaret på X.

Polens statsminister Donald Tusk fra sikkerhetsmøtet i London søndag.

Polens statsminister Donald Tusk (t.h.) saman med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Foto: Sean Kilpatrick / AP / NTB

Alle polske tenester er sette i alarmberedskap, seier viseforsvarsminister Cezary Tomczyk, ifølge Reuters.

Polsk politi melder at dei fann ein øydelagd drone i byen Czosnówka klokka 05.40.

Angrep mot Ukraina

Det ukrainske luftforsvaret åtvara seint tysdag kveld om mange fiendtlege dronar over sentrale og nordaustlege delar av landet. Like før midnatt kunne ein høyre luftvernartilleri i hovudstaden Kyiv.

Det blei også meldt at nokre dronar hadde komme inn i luftrommet over vestlege delar av Ukraina, på veg mot byen Lutsk. Litt over midnatt varsla luftforsvaret at dronane var komme over i polsk luftrom.

– Dronar i Polen, på veg vestover mot byen Zamosc, skriv dei på Telegram.

Nato-sjef Mark Rutte

Natos generalsekretær Mark Rutte.

Foto: ANTTI AIMO-KOIVISTO / AFP

Kort tid etterpå opplyste det polske forsvaret at dei sende militærfly på vengene for å sikre luftrommet i landet.

Fleire flyplassar stengde

USAs utanriksminister Marco Rubio er også informert om at russiske dronar har krenkt polsk luftrom, melder CNNs reporter Kaitlan Collins på X.

Folk som går ombord på et fly

Chopin International Airport i Warszawa.

Foto: KACPER PEMPEL / Reuters / NTB

Polen har natt til onsdag også stengt fire flyplassar, inkludert hovudflyplassen Chopin i Warszawa på grunn av russiske droneangrep mot Ukraina.

Publisert 10.09.2025, kl. 04.36 Oppdatert 10.09.2025, kl. 06.59

Read Entire Article