GJESTEKOMMENTAR: Låg det mange harde pakkar under juletreet dette året? I så fall håper eg det var bøker til både små og store som gøymde seg bak gåvepapiret. For bøker er som kjent den beste gåva, sjølv om Googles KI-robot Gemini kjem med heilt andre framlegg når eg spør om råd (som «weekendtur», «whiskyglas» og «sminkespeil med lys»).
Åse Wetås
Direktør, Språkrådet
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Dei seinaste åra har det vore mange urovekkjande nyhendesaker om dårlege leseferdigheiter og stupande boksal i kongeriket. Fjorårets lesarundersøking frå Bokhandlarforeininga viste at talet på foreldre som les for ungane sine, har gått tilbake med 18 prosentpoeng dei seinaste seks åra. Ein av fire foreldre les nå aldri høgt for barna. Og mykje tyder på at svært mange vaksne sjeldan eller aldri sjølv koser seg med ei god bok.
Fritidslesing
Fritidslesinga ser likevel ut til å halda seg ganske jamn over tid – vel å merkja om ein ser på det samla volumet. I haust kom Statistisk sentralbyrå med statistikk over kven som les bøker på fritida, og kor mykje tid me har brukt på den typen boklesing i perioden frå 1994 til i dag. Statistikken viser faktisk at lesing av papirbok har teke seg noko opp sidan slutten av 1990-talet.
Samstundes er det ikkje akkurat ellevilt høge tal me snakkar om. I 2024 las éin av fire nordmenn papirbok dagleg, og me brukte i gjennomsnitt 17 minutt på denne lesinga. Til samanlikning viser ei ny undersøking frå Nordisk ministerråd at det for gjennomsnittsnordmannen i fjor gjekk med 3,7 timar kvar dag til skjermbaserte fritidsaktivitetar.
Eit dykk djupare ned i statistikken over kven som les papirbok, viser dessutan at det er store forskjellar i lesing mellom ulike befolkningsgrupper. Kvinner les mykje meir enn menn. Folk som har lang akademisk utdanning, les svært mykje meir enn dei som har grunnskule som den høgaste utdanninga si. Dei eldste og dei yngste av oss les òg mykje meir enn folk som er i aldersgruppa mellom 16 og 66 år. Og barn og unge med innvandrarbakgrunn viser seg å vera dei ivrigaste av oss i fritidslesing og bruk av folkebiblioteka.
Lesekrise i skulen
Det er kanskje ikkje så rart at det for mange er vanskeleg å finna glede i å bruka fritida på boklesing. Nasjonale prøvar i grunnskulen viser nemleg at det går tilbake med leseferdigheitene til femteklassingane våre. Studentar ved universitet og høgskular strever med å lesa lange tekstar, sjølv etter at dei har fullført bachelorgraden sin. Forleggjarforeininga melder om at salet av pensumbøker til høgare utdanning har falle med 36 prosent i løpet av dei tre seinaste åra. I 2025 kjøpte studentane i snitt berre 1,5 pensumbok kvar. Nedgangen i salet av lærebøker til grunnskule og vidaregåande opplæring frå i fjor til i år var på ni prosent.
Lesing er samstundes ei av dei grunnleggjande ferdigheitene i skulen. Når ein lærer å lesa, rustar ein seg for læring og fagleg forståing, ikkje berre i morsmålsfaget, men i dei andre skulefaga òg. Ein rustar seg samstundes for vidare utdanning, for arbeidsliv og for aktiv deltaking i samfunnsliv og demokrati.
Difor er det så viktig at me veit mest mogleg om kva som er vilkåra for at barn skal kunna utvikla gode leseferdigheiter gjennom skulegangen. Forsking tyder på at barn forstår innhaldet betre når dei les fagtekstar på papir, enn når dei les på skjerm, og at digitale flater eignar seg dårleg til djupnelesing.
Men kvar blir det av bøkene?
I 2025 gjorde Riksrevisjonen ei undersøking av læremiddelsituasjonen i skulen. Rapporten frå undersøkinga viser at elevar og lærarar manglar læremiddel, og mangelen er størst i grunnskulen. Berre tolv prosent av lærarane på dei lågaste skuletrinna oppgav at dei hadde tilgang til oppdaterte, trykte lærebøker i alle fag.
Kunnskapsministeren har varsla at regjeringa i 2026 set i gang eit nasjonalt leseløft der det mellom anna vil bli løyvd midlar til innkjøp av bøker til skular og barnehagar, og der skulebarna skal få intensivopplæring i lesing på alle trinn. Og kultur- og likestillingsministeren følgjer opp med tiltak som skal auka lesegleda hos vaksne.
Lesing er maraton – ikkje sprint!
For å bli ein god lesar er ein grunnleggjande føresetnad å ha tilgang til bøker. Det er dessutan vanskeleg å oppleva leseglede om ein les så sjeldan og så lite at kvar line og kvart avsnitt blir ein kamp. Difor er det ei stor gåve å få bli kjent med gleda ved boklesing tidleg i livet, slik at kostnadene ved å stå i slitet med å læra seg lesekunsten kjennest rimelege. Heldige er alle dei ungane som blir leste høgt for, og som får oppleva magien som ligg gøymd mellom permane og støypt inn i orda og setningane på boksidene, alt før dei har lært bokstavane eller knekt lesekoden. Og heldige er alle dei som seinare i livet opplever å møta tekstar som er så medrivande at ein gløymer både tid og stad, eller som er så gode at ein gruer seg til siste boksida er vend om.
God og fredfull romjulslesing til alle!
Publisert:
Publisert: 29. desember 2025 09:02

2 hours ago
1












English (US)