Eg håpar Viking taper!

1 hour ago 2



KOMMENTAR: Eg veit eg pressar ytringsfridommen til det ytste ved å skriva at eg håpar Viking taper søndag, men det får stå sin prøve. Men sanninga er at eg bryr meg ikkje om det blir gull eller ikkje gull søndag.

Det er mykje å vera uroleg for i verda, då er det godt å sleppa å gå i angst for at  Viking taper seriegullet søndag. Foto: Fredrik Refvem
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Men håpet om tap har lugga litt i mitt smålege indre i det siste, for i mine omgjevnadar, blir det messa om dette fotballaget absolutt heile tida.

Likevel føler eg meg litt stygg når eg skriv dette, for sanninga er vel eigentleg at eg ønsker Viking vinn for nokon og taper for andre, om det går an å forstå?

Eg nyt kjensla av å skriva eg håpar Viking taper, så eg gjer det ein gong til, for det er noko frigjerande å stå utanfor flokken akkurat no. Dette trur eg ikkje nokon siddis kan seia eller skriva, utan så samla stort vågemot. Dei har nok tause og stille dagar dei stakkars byasane som faktisk ikkje held så veldig med Viking.

Noko slikt er sjølvsagt langt lettare for meg å utbasunera som bur langt inne i ein fjord i Ryfylke. Sjølv held eg mest med Haugesund og det er fantastisk avslappande i desse dagar.

Viking kan godt tapa for dei overpriviligerte og sjølvgode bajasane av begge kjønn, som knapt veit kva motgang er, og som på fullt alvor meiner sølv er nederlag.

Heia Haugesund for alltid!

Eg jobbar ein stad der alle snakkar om Viking, dei tenker på Viking, vaker for Viking, ber for Viking, bannar for Viking, analyserer for Viking og drøymer om Viking, dei få sekunda dei måtte finna kvile frå redsla for at det kanskje kan gå heile vegen søndag. For meg minner det mest om massesuggesjon, eller ein slags nevrose.

Framleis mange minutt å ha det vondt i for dei som håpar Viking vinn. Foto: Skjermdump

Avisa eg jobbar i tel ned sekund for sekund på aftenbladet.no, så det er enno mange timar med pine for dei som er fullstendig hekta på dette fotballaget. Å, det er godt kva ein slepp å stå i. Nå nyt eg kjensla av å sjå vanlege folk bli nevrotiske som meg sjølv. For ja, eg forstår på sett og vis kva det går i.

Å halda med eit fotball-lag set i sving alle menneskelege kjensler. Den daffe likesæla når ingenting står på spel, den halvhjarta entusiasmen når det går heilt greitt midt i. Og eg veit å nyta å vera usedvanleg avbalansert før søndagens kamp, som også mor mi på 83 år tel ned til. Sjølv sat eg med nasen i spøtet under bortekampen siste helg.

Men også eg har ein sportsidiot på lur, langt der inne. Han kjem fram når barna mine har spela kampar. Eg har sprunge inn i ein skog i Danmark under ein straffesparkkonkurranse i Danacup, så eg skjønar den intense redsla for at det skal gå i dass, som Aslak Sira Myhre som går på do utan å måtta pissa.

Men i mitt tilfelle handla det om små gutar som har reist langt for å ikkje vinna så veldig mykje, for Viking endar det med pengar og stas, uansett. Så kva er ein så redd for?

Omvendt psykologi

Å halda med eit lag set i sving ganske komplisert psykologi og gjer sjølv ateistar overtruiske. Dei seier ikkje høgt at dei håpar Viking vinn. For ein må ikkje jinxa, må vita. I denne forvridde verda betyr difor utsegna «Eg håpar Viking taper, eigentleg det motsette, og eg kan bli takka for å ha skrive det, om Viking vinn søndag.

Å ta noko på forskot er farleg, det handlar om å beskytta seg mot ei stor smerte, kjensla av å bli djupt skuffa. Den kjensla kan eg forstå, når det står langt viktigare ting på spel i livet. Mange av oss førebur oss på det verste og håpar på det beste. Mora til hovudpersonane i D. H. Lawrences roman Sons and lovers håpa sønene kom hein tidleg, ved å forventa dei heim seint. Slikt driv me alle på med i liva våre.

For håp er så farleg, så potent, med enormt potensial for smerte. Spesielt for dei som nesten aldri får håpa sine innfridd. Du kan lesa livet inn i det å halda med eit fotballag. Folk treng noko å stå saman om, ei vitaminpille i novembermørket. På stadion kan ein heia på same lag, sjølv om ein meiner heilt ulikt om abort, kjønnsidentitet og formuesskatt.

På den andre sida har fotball-entusiasme ein tendens til å bikka over i det litt latterlege for oss som står på utsida med kvilepuls. Så eg håpar nok mest at Viking taper. Tenk å kunna skriva dette utan ein tanke om at ein driv overtruisk messing!

Vinn for dei rette folka!

For eg er vanlegvis ein overtenkar og reddhare. Eg elskar å sjå ting eg er redd for på film, trygt plassert i sofakroken, blodig sjukehusdrama, flykapring og romkapslar i verdsrommet. Denne helga er eg ikkje redd for det som skal skje på tv, eg skal nyta kjensla over å vera heilt roleg, mens alle andre er overspente. Og så vil eg nok godta meg aldri så ørlite om Viking taper.

Men det beste hadde vore om Viking kunne spelt kamp i to parallelle røyndommar. I den eine skulle dei tapt så det song for dei overpriviligerte og sjølvgode bajasane av begge kjønn, som knapt veit kva motgang er, og som på fullt alvor meiner sølv er nederlag.

Men for «feite-Kåre» og gjengen kan eg godta at Viking vinn. For han og alle dei andre slitne eksistensane som finn eit fellesskap og ein varme rundt fotballen, som dei ikkje har heime. Så skal Viking absolutt vinna, gjer det for den delen av fansen som lever mest ulikt spelarane på laget. Spel for dei vennelause, mørketidsdeprimerte, førjulsfattige, dei ufrivillig familielause og sorgtyngde. Dei som heiar på dykk av slitne og ekta hjarte, dei som ikkje har råd eller helse til øl og feiring etterpå. Spel for dei som heiar på dykk for harde livet. For dei andre er Viking berre kransekakepynt.

Heia Haugesund!

Publisert:

Publisert: 28. november 2025 10:20

Oppdatert: 28. november 2025 10:36

Read Entire Article