Ei raudgrøn sidemålsordning?

3 hours ago 1



Det nynorskvenlege stortingsfleirtalet må sjå til sine eigne stortingsprogram om å styrkje nynorsk, ved å styrkje sidemålsordninga.

Gjer sidemålsundervisninga meir engasjerande og relevant, er et av rådene til Noregs Mållag. Foto: Thomas Brun

Etter valresultatet i haust er sidemålsordninga slik vi kjenner ho, sikra. Det var ikkje gjeve for eit halvt år sidan, då Høgre og Framstegspartiet på enkelte målingar låg an til å kunne få fleirtal åleine. Høgre vil fjerne eksamen og karakter i skriftleg sidemål, Framstegspartiet vil la elevane velje vekk heile sidemålet.

Dei fem partia som utgjer styringsfleirtalet til statsminister Jonas Gahr Støre og Ap-regjeringa, er alle nynorskvenlege parti som vil halde på sidemålsordninga. Det same vil KrF og Venstre. Med dette fleirtalet, ligg alt til rette for å styrkje sidemålsordninga. Det må partia utnytte.

Noregs Mållag veit mykje om kva som må til.

Start systematisk sidemålsopplæring tidlegare

Mykje fordi elevane får karakter i sidemål først ved slutten av ungdomsskulen og vidaregåande, set mange lærarar seint i gang den systematiske opplæringa. Med systematisk sidemålsopplæring allereie i barneskulen, vil elevane få meir tid til å øve, feile og gradvis styrkje kompetansen sin. Dette er eit godt eigna tidspunkt å starte med språkinnlæring på, og det kan gjere overgangen til ungdomsskulen langt enklare.

Gjer sidemålsundervisninga meir engasjerande og relevant

Språkinnlæring skal vere moro. For altfor mange er sidemålet berre mekanisk pugging og bøying av sterke verb. Lærarane må skape ein positiv inngang til nynorsk og leggje opp engasjerande, kreativ undervisning som elevane likar og ser verdien av. Rim, regler, leik og moro. Tverrfaglege prosjekt med autentiske tekstar som avisartiklar, blogginnlegg og digitale medium, som viser fram verkeleg språkbruk.

Auka kompetanse hjå lærarane

Utdanningsinstitusjonane som utdannar lærarar, må sikre at alle nyutdanna lærarar som skal ut i klasserom i heile Noreg, kan drive god opplæring i og på nynorsk. Denne kompetansen må stå på vitnemålet, slik at kommunar veit at dei tilset kandidatar som er skikka til jobben dei skal gjere. Vi må satse på etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar som vil styrkje nynorskkompetansen sin.

Bruker KI på skolen: – Lærerne mener det er juks

Høgre og Framstegspartiet har i fleire fylke forsøkt å få på plass forsøksordningar med valfritt sidemål eller felles karakter i skriftleg sidemål. Det har dei sjølvsagt fått blankt nei til. Det Stortinget derimot kan be om, er å få til eit større positivt sidemålsforsøk, slik mellom andre professor og språkforskar ved UiT Noregs arktiske universitet, Øystein Vangsnes, har teke til orde for. Då kan vi få fram ei sidemålsordning som gjer elevane trygge i å skrive nynorsk, og kjenne fordelen av å lære både bokmål og nynorsk.

Stortinget kan bruke dei fire komande åra på eit krafttak for nynorsk – det inkluderer også nynorsk som sidemål. Med flinke lærarar og god opplæring vil både kompetansen og haldningane til nynorsken bli betre. Alle elevar fortener god kompetanse i heile den norske språkskatten. Berre slik får dei ekte valfridom til å velje sjølv kva språk dei vil bruke – ikkje berre på skulen, men resten av livet.

Read Entire Article