Når «greit nok» blir standard for livsviktige avgjerder, står pasientsikkerheita i fare. Norsk Pasientskadeerstatning spelar hasard med tillit og rettar.
Publisert: 19.12.2025 08:00
Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) har lagt ut ei stillingsannonse som burde fått alle varsellampar til å blinke. Dei søkjer saksbehandlarar som «klarer å ta avgjerder sjølv om du ikkje er hundre prosent sikker på svaret».
Les den setninga ein gong til.
Dette handlar ikkje om å velje farge på kontorstolane. Det handlar om å vurdere om menneske som har blitt skadde i helsevesenet har rett på erstatning. Sårbare pasientar som har opplevd svikt, skal få sin sak avgjort av folk som berre treng å vere «sånn passe sikre»? Det er ikkje greitt. Det er uakseptabelt.
Når tryggleik blir tilfeldig
Og som om det ikkje var nok, følgjer dei opp med: «Er interessert i medisin utan at du nødvendigvis har nokon forkunnskapar.» Alvorleg talt. Saksbehandlarar som verken har kunnskap om medisin eller treng å vere nøye med om dei har rett eller feil? Kva slags forvaltning er dette? Mynt eller krone?
Dette er ikkje småting. Dette er eit system som skal ta vare på rettane til menneske som har fått livet snudd på hovudet av feil i helsevesenet. Når NPE signaliserer at «greit nok» er den nye standarden, viser dei ei likegyldig haldning til pasientsikkerheit og forsvarleg saksbehandling. Det er ikkje berre pinleg – det er farleg.
Tillit kan rivast på eit blunk
Myndigheitene og Statsforvaltaren må gripe inn. Vi kan ikkje ha ein praksis der kompetanse blir erstatta med magekjensle. I alle andre delar av helsevesenet er kravet klart: rett kompetanse på rett plass. Kvifor skal det vere annleis når det gjeld dei som skal avgjere om pasientar får oppreising etter skade? Tillit til systemet er ikkje noko vi kan ta for gitt. Den må byggjast – og den kan rivast ned på eit augeblink.
Så spørsmålet er: Skal vi akseptere at livsviktige avgjerder blir tekne av folk som «ikkje er hundre prosent sikre»? Eller skal vi krevje det som burde vere sjølvsagt – fagleg tryggleik og ansvar? Svaret bør vere like klart som det NPE ser ut til å mangle.

3 hours ago
3












English (US)