No sjekkar Javad El Bakali og Kristine Grændsen inn på humorflaggskipet til NRK, «Humoretaten».
– Dette er akkurat sånn TV eg har ønskt å vere med på sidan eg starta med humor, seier Javad El Bakali til NRK.
For El Bakali er ikkje gjengen heilt ukjend; han jobba nemleg som tekstforfattar på den første sesongen av programmet.
– Eg kjenner jo alle og er veldig glad i dei, så eg kjem til dekka bord, fortel han.
Javad El Bakali, Amalie Stuve og Herman Flesvig i serien «Nissene i skjul».
Foto: NRKFrå husleige-trøbbel til TV-suksess
Sjølv om El Bakali no er ein etablert humorprofil, legg han ikkje skjul på at karrierestigen har vore bratt og uføreseieleg.
Han blei først kjend som @utlendingmemes på Instagram og TikTok, og nådde raskt eit stort publikum i sosiale medium.
Han skildrar reisa dei siste åra som heilt surrealistisk.
– Vi skal ikkje lenger tilbake enn 2022, då eg måtte drive å låne pengar for å betale husleige, innrømmer han.
Den gongen balanserte han humor-ambisjonane med jobbar på SFO og i ein psykiatribustad for å få endane til å møtest.
Han trur mykje av suksessen handlar om flaks.
– Eg trur berre at timing har alt å seie. Eg har på ein måte klart å time ting ved eit uhell, seier El Bakali og ler.
Kristine Grændsen gler seg til at sjåarane blir med på nye rundar med «Humoretaten».
Foto: NRK– Elskar parykk
Kristine Grændsen blir også å sjå i etaten etter nyttår. Ho har allereie fått prøvd seg litt saman med redaksjonen i haust.
– Eg har jo hatt ei snikande kjensle av at eg elskar parykk og at eg elskar å spele mange forskjellige roller. Det har verkeleg vist seg å stemme, seier Grændsen entusiastisk.
Ho skildrar det rikhaldige kostymelageret til NRK som eit høgdepunkt ved den nye jobben.
– Parykk- og brillelageret til NRK er «amazing». Det er eit privilegium å få lov til å kose seg med det, seier ho.
Christian Mikkelsen og David Mokel er to av dei faste komikarane i «Humoretaten». No får dei nye kollegaer.
Foto: NRK TVLovar meir kaos
På spørsmål om kva publikum kan vente seg av den kommande sesongen, lovar Grændsen høgt tempo og god stemning.
– Vi skal lage endå fleire sketsjar og vi er endå fleire folk, så eg håpar at det gjer at vi kan vere med å få det til å «boome», seier ho.
Ho trur også det kan bli litt villare tilstandar på skjermen.
– Kanskje litt meir kaos òg, for dei som måtte like det. Eg er personleg litt svak for kaos, så eg kosar meg veldig med det, avsluttar Grændsen.
«Humoretaten» er tilbake på skjermen etter nyttår. I mellomtida kan du sjå dei tidlegare sesongane her.
Publisert 19.12.2025, kl. 11.45

















English (US)