Ein finn rusvanskar i alle lag av folket

6 days ago 15



Eg forstår mange utanom rusfeltet kan slite med å forstå kor vanskeleg det kan vere å oppnå endring ved utvikla rusmiddelavhengigheit. Og det er lett å gå i den fella å synest overdriven synd på, eller fordøme den som eig problemet.

Ein finn rusvanskar i alle lag av folket, skriv innsenderen. Tegningen viser Marius Borg Høiby i retten. Foto: Ane Hem / NTB

Det er også utbreidd å tru at problemet er eit resultat av vanskeleg barndom, traumar og sosiale utfordringar. Men realiteten er at ein finn rusvanskar i alle lag av folket. I så måte er det vi ser utfalde seg i retten, knytt til kongefamilien, ikkje uvanleg.

I arbeid med rusmiddelavhengige i 30 år har eg registrert at det har vore forskjellige forklaringar på problemet i ulike tidsfasar. Tilbod til alkoholavhengige vart igangsett på institusjonar først på begynnelsen av 1900-talet. Og etter kvart utover 1900-talet, som psykoanalysen fekk fotfeste i helsevesenet, dominert symptomteori. Det vekte fagfolk si interessa for barndomsopplevingar som årsak. Likeleis dei psyko-sosiale vilkåra vedkomande levde under.

På 1950-talet utfordra myndigheitene kommunane å etablere medisinske korttidsklinikkar. A-klinikken i Kristiansand vart den tredje av fleire slike klinikkar. Dette tilbodet heiter i dag, frå 2004, Klinikk for psykisk helse, Avdeling for rus og avhengigheitsbehandling, Eining for gruppebehandling. Eit langt namn, med lange røter tilbake til A-klinikken.

På 1970-80-tallet var det mange diskusjonar om forklaringsmodellar på rusvanskar. Ein av dei var læringsteori. Om det gjekk an at personar med ein utvikla avhengigheit til alkohol kunne klare å trene seg opp til å gjenvinne kontrollen. Psykolog Fanny Duckert var ein av dei fremste på dette. Mitt inntrykk er at denne teorien ikkje har særleg gjennomslagskraft i dag i behandlingssamanheng, kanskje i førebyggande arbeid for dei som meiner det framleis er håp om å halde på kontrollen.

I staden dominerer sjukdomsmodellen. Det er fleire perspektiv på rusmiddelavhengigheit som medisinsk liding. Sjukdommen oppstår gradvis i ei forbruksutvikling der personen kjem til eit punkt av det vi kallar «the no turning point». Då har det utvikla seg ein avvikande biologisk reaksjon som leier personen inn i ein endelaus vond sirkel. Vedkomande kjem ikkje ut av den, utan hjelp utanfrå. Og det får store konsekvensar for personen og samfunnet på mange nivå. Det er nesten ikkje noko fag som ikkje er relevant å trekke inn i forbindelse med ei slik behandling.

En gutts kamp mot virkeligheten

Åpen

En drøy reise på nettet

Alkoholmiddelavhengige har hatt rykte på seg for å vere karaktersvake. I den modellen som kallast 12-trinnsmodellen/klinikken, blir dette uttrykt på anna vis: Den avhengige er ikkje avhengig fordi vedkomande har svak vilje. Det er viljen som vert svak, ved alkoholbruk. Det gjer ein stor forskjell. Viljen er blitt sjuk når «the no turning point» er blitt eit faktum. Det blir som med ein allergi. Ein må slutte å bruke det ein reagerer negativt på.

Det er mykje fokus på kongefamilien på grunn av Marius Borg Høiby si rusliding. Det vert teikna eit bilete av han som kriminell. Han er tiltalt for kriminelle handlingar, men er han kriminell av natur?

Forsking viser at om lag halvparten av rusbrukarar i behandling har gjort vinnings – og/eller narkotikakriminalitet, for å finansiere narkotikabruken. Nokre treng det meir enn andre. Når personar med denne lidinga vert nøktern, forsvinn kriminaliteten.

Dette viser at den teori AA har gått ut frå, om at rusmiddelet i seg sjølv er årsaka til mange lidingar, er ei sannsynleg god forklaring og ein realitet. Nå skal det leggast til at det er mange som blir påført helseskader, og som dreg med seg personlege utfordringar inn i rusbruken. Vi må derfor skilje på kva som er primærproblemet, og kva som er forsterka alternative vanskar, som følge av rusbruk. Fokus, ut frå dette perspektivet, i ei rusbehandling, som er definert som ei kronisk liding, må derfor vere tilbakefallsførebyggande arbeid. Sjukdommen ligg latent i kroppen, og ytre stimuli kan lett reaktivere ny rusbruk, dersom vedkomande ikkje lærer å meistre sine tilbakefallsteikn.

Dette krev ein stor innsats av personen sjølv. Og det krev eit familieperspektiv på rehabiliteringa. Vi kan ikkje isolere dette problemet til det som skjer i personen. Det er like viktig kva nedbryting av eige verdihierarki gjer med forholdet mellom personane i ein familie. Det handlar om å finne tilbake til seg sjølv og eigne røter knytt til dei næraste.

Dette familieperspektivet vart ved mange institusjonar introdusert på 1970-talet, men det er langt igjen til det har fått fullt gjennomslag i rusbehandlinga i Noreg. Å ta rusmiddelvanskar på alvor vil innebere at rettsapparatet gjer det dei kan for at tiltalte personar kan bli i stand til å svare på spørsmål utan for store/sterke abstinensar. I alle fall få tilbod om det i forkant. Det andre er at pårørande til rusmiddelavhengige må få mykje betre hjelp undervegs i ei rusbehandling.

Read Entire Article