Ein helsesjukepleiar som ringer rundt og skriv på pc gjer også nyttig arbeid for dei unge

6 hours ago 4



 Å gi inntrykk av at god og effektiv hjelp til det enkelte barn/ungdom berre bør gjevast gjennom direkte kontakt, er unyansert og kunnskapslaust. Foto: Fredrik Refvem
  • Bjørghild Underhaug

    Tidligare leiar av helsetenester for barn og unge

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: I Stavanger Aftenblad sin artikkel «Helsesykepleierne er sjelden å se på skolene- elever kan miste tilliten», vises det til ein nasjonal studie der ein finn at helsesjukepleiarane bare har direkte kontakt med elevar og føresette i 36 prosent av arbeidstida. Det seiest vidare at «resten av tiden forsvinner til møter, telefoner og papirarbeid». Å gjera seg synleg og tilgjengeleg for elevar og føresette, er svært viktig for å redusere terskelen for å ta kontakt.

Å ha meir kontakt med elevane ved å jobbe meir helsefremjande og førebyggjande i klassar og grupper, bør prioriterast opp. Funna i undersøkinga er slik ein vekkjar, og bør føre til endra praksis. Men skal ein tilby den enkelte elev effektiv og god hjelp, kjem ein ikkje utanom «møter, telefoner og papirarbeid». Eller «mellomarbeid» som ei helsesjukepleiar treffande beskriv dette viktige som. Og også etterarbeidet.

Å gje inntrykk av at møter, telefonar og papirarbeid er dårleg bruk av helsesjukepleiar si tid, har ikkje forankring verken i faglitteratur eller hjå helsefaglege styresmakter. Helsevanskane i skulen er i hovudsak knytt til psykiske vanskar. Den nasjonale rettleiaren for psykisk helsearbeid for barn og unge er tydeleg på at barn og unge skal hjelpast i eit kontekstuelt perspektiv.

Det vil sei at helsesjukepleiar skal vera oppteken av situasjonen dei unge er i, og bruke tid på å samarbeide med andre vaksne rundt den unge for å betre situasjonen, nettopp gjennom møter, telefonar og administrativt arbeid. Viktig «papirarbeid» kan vera dokumentasjon i journal eller notat til samarbeidspartnarar som fastlege og barnevern. Å gi inntrykk av at god og effektiv hjelp til det enkelte barn/ungdom berre bør gjevast gjennom direkte kontakt, er unyansert og kunnskapslaust.

Publisert:

Publisert: 12. september 2025 22:47

Read Entire Article