Eit karakter­drap på kongeparet

2 hours ago 1



KOMMENTAR: Kong Harald og dronning Sonja blir kasta under bussen i Netflix-dokumentaren om prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek Verrett. Det er ikkje vakkert.

 Rebecca Chaiklin Foto: Netflix / Handout / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 50 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Eg trudde eg var republikanar av ein slags fornuft. Nå er eg det av hjarta, sjel og sinn. Vi kan ikkje halda på med dette.

Dei ekte menneska

Gjennom heile Netflix-kommentaren Rebel Royals er prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek Verrett dei menneskelege, varme, elskande, nyanserte. Dei er rause, opne, dei kjempar for å få leva slik dei vil leva, få elska den dei vil i fred. Og for opent kamera.

Durek Verrett er prega når han fortel om rasismen han har blitt møtt med, om å leva som farga, om alltid å måtta ropa litt høgare, vera litt meir for å få plass, for å bli høyrt.

Märtha Louise? Ho har aldri likt å vera i den ramma ho har følt vi andre har villa ha henne i. Og det verste for henne, trur eg, har vore når dei som blir glad i henne, blir utsette for den overveldande, negative energien ho har kjent frå norsk presse.

Filmen går nært på – slik vi er vant til å sjå desse to også når dei sjølv har heile regien, når det er eigne ord og eigne videoar frå eigne kontoar til eigne følgarar på Instagram som blir lagt ut.

  • Sjå trailer:

Pappfigurane

Når filmen tar oss med til slottet, når den kongelege familien hennar blir nemnt, når kong Harald og dronning Sonja blir refererte til, blir alt stivt. Musikken blir klassisk, frå eit spinkelt, litt stivbeint strykeorkester, bilda er flate og stiliserte, det er prismekroner og store rom, der eit stivt kongepar står oppstilt og ventar langt borte frå kamera.

Durek Verrett fortel om det første møtet med dette kongeparet, der han stiller i kimono og cowboystøvlar, for Märtha Louise hadde sagt han berre kunne vera seg sjølv. Kongeparet berre stirar på han, og det er pinleg stille.

Han fortel at nesten alt han gjorde blei feil, i deira auge, han forklarar at dei ikkje veit kva rasisme er, verken kongen og dronninga eller kronprinsen. Først når Meghan Markle har latt seg intervjua av Oprah Winfrey, skal kong Harald ha sendt ei melding til han og spurt om han også har følt det slik, i møte med dei. Durek svarar ja. Og så blir samtalane betre. Så får vi eit glimt frå slottet der musikken lever, der ikkje både den og alt anna er utdatert og flatt. Men det varar ikkje lenge.

Det går ikkje

Det er ingenting ved denne filmen som ikkje bryt med den så mykje omtalte avtalen prinsessa og sjamanen har inngått med far og svigerfar, kong Harald. Den der verken prinsessetittel eller tilknyting til kongefamilien skal brukast i kommersielle samanhengar. Den har dei brote, igjen og igjen, aller tydelegast rundt bryllaupet i fjor.

Den er ein vits. Det går ikkje å bli med i ein Netflix-dokumentar om kjærleiken mellom prinsessa og sjamanen, og deira kamp for å bli aksepterte av kongen og dronninga i Norge, utan å bryta og bryta og bryta med den.

Prinsessas eige klesmerke dukkar opp både her og der og her og der igjen, sjamanens verke som sjaman er det som opnar filmen. Prinsessa er synsk, han er heile tida i kontakt med åndeverda, dei spør begge åndene om når den beste tida for å samla energiane sine til eitt er. Og sjølve klokkeslettet for når på dagen dei skal viast, må sjekkast opp mot astrologien. Samtidig som alt dette også gir er med på å gi dei levebrød.

Kritikken

Durek Verrett har tidlegare hevda at barn påfører seg sjølv kreft, fordi dei ikkje vil vera i dette livet lenger. Han har gjort det klart at han ikkje kan hjelpa kreftsjuke i stadium fire, for då har dei ikkje lenger sterk nok vilje. Han har sagt at han har vore farao i eit tidlegare liv, og at Märtha Louise var dronninga hans, der i det gamle Egypt. Han har sagt, med henne nikkande ved sida, at dei to er på eit høgare bevisstheitsnivå enn oss, dei er sende hit for å visa oss det nivået, gjennom deira kjærleik. Dei ser, vi er blinde.

Han har blitt kritisert for å selja ein amulett han hevdar hjelpte han då han hadde covid.

Og dei har begge blitt kritiserte for faren med å forfekta eit livssyn der nøkkelen er eigen vilje og evne til å elska seg sjølv. Kva om du ikkje klarar det? Kva om du ikkje blir frisk, likevel, uansett kor hardt du prøver?

Dei når langt ut. Dei når mange. Det er eit ekstra stort ansvar. Og som andre mektige, vil dei bli møtt med kritikk som står i forhold til makta dei har.

For sjølvsagt kan dei tena både pengar og omdømme på å stå så nært det norske kongeparet. Sjølvsagt gir det pengar i kassa å selja bryllaupsbilda til kjendismagasinet Hello! Sjølvsagt opnar det seg fleire rom for å tena pengar etter denne filmen. Og sjølvsagt er dei romma opna på grunn av prinsessetittel og kongegener.

Har vi mage til dette?

Dei som ikkje vil bidra til alt dette, fordi dei faktisk er konge og dronning i landet, er dei som kjem dårlegast ut. Kongeparet blir i filmen ein slags pappfigurar, ute av stand til å forstå sjølv dei som står dei aller nærmast.

Eg ser ikkje korleis vi kan ha hjarte til å halda oss med eit monarki. Der folk ikkje kan koma seg heilt unna ei rolle dei ikkje vil ha, eller prøver å velja når dei vil ha den. Heller ikkje kan dei koma seg unna dei andre i familien sin måte å leva rolla på, utan sjølv å bli farga av det. Eller bli ståande heilt utan fargar, slik Harald og Sonja blir i denne filmen.

Publisert:

Publisert: 16. september 2025 15:10

Oppdatert: 16. september 2025 15:26

Read Entire Article