Elden: Meiner grunnlaget for siktingane fell bort i saka mot Mona Juul og Terje Rød-Larsen

1 hour ago 2



Siktinga framstår som så generell at den i praksis ikkje let seg imøtegå, seier advokatane Thomas Skjelbred og John Christian Elden i ei pressemelding.

Dei representerer Mona Juul som er sikta for grov korrupsjon, og Terje Rød-Larsen som er sikta for medverknad til grov korrupsjon. Siktingane kom etter nye opplysningar frå dei siste offentleggjorde dokumenta frå Jeffrey Epstein-saka.

Advokatane meiner det ikkje er grunnlag for korrupsjonsskuldingane.

– Korrupsjon krev nødvendigvis at det finst ei stilling å knytte fordelen til. Når dette fell bort, fell også grunnlaget for korrupsjonsskuldingane bort.

Både Juul og Rød-Larsen avviser skuld i saka.

– Vi har opna etterforsking for å klarlegge om det har skjedd straffbare forhold. Vi står ovanfor ei omfattande og, etter alt å dømme, langvarig etterforsking, sa Økokrim-sjef Pål Lønseth då siktinga blei kjend.

Read Entire Article