Kvart år deler Hold Norge Rent ut Gullklypa. Utmerkinga er ei hyllest til ein eldsjel eller organisasjon som har gjort ein ekstraordinær innsats mot forsøpling i året som har gått.
No er dei fem finalistane klare, og ein av dei er Ellen Sandvik Mikkelsen frå Træna.
Det skriv Hold Norge Rent i ei pressemelding.
Mikkelsen har sidan 2022 leia organisasjonen Vårt Hav, var sentral i etablering av Kystlotteriet, og har bidrege til at det frivillige ryddemiljøet i Noreg er så sterkt som det er i dag, skriv Hold Norge Rent.
Arbeidet hennar har resultert i at minst 500 tonn herrelaust avfall har blitt fjerna frå norsk natur. Mikkelsen har bidrege til å byggje kunnskap om forsøpling, og deler denne kunnskapen med frivillige ryddarar, skuleklasser, myndigheit, kommunar og til media, står det i pressemeldinga.
Dei andre finalistane er Andreas Brandvoll frå Asker, John Gunnar Broks frå Finnmark, Søgne Dykkerklubb, og Lamo Marked i Trondheim.