Neymar gjorde sitt store comeback i natt.
Brasilianaren hadde ikkje spelt ein offisiell landskamp sidan oktober 2023. Men i kampen mot Skottland kom han inn etter 76 minutt, til fansen si store glede.
– Neymar! Neymar! runga utover stadion.
Og etter kampen tok kjenslene over. Neymar tusla mot tilskodarane i jakta på sine kjære.
For der venta både kjærasten og borna.
«Hugs kven du er» var beskjeden frå superstjerna i eit innlegg på Instagram få timar før kampstart.
– Framleis den same gløden
På dei dryge 20 minutta på bana slo han nokre fine pasningar og gjorde elles lite ut av seg. Han spelar til vanleg for Santos i den brasilianske ligaen.
– Neymar treng ingen motivasjon for å spele, ingen treng motivasjon for å bere den brasilianske trøya. Han er 34 år gamal og har framleis den same gløden som ein unggut, sa trenar Carlo Ancelotti etter kampen ifølge Reuters.
Høyr hyllesta her:
Tidlegare i juni avslørte Neymar via sosiale medium at han venta seg eit nytt barn, hans tredje saman med kjærasten Bruna Biancardi. Han har totalt fire barn.
Det har lenge vore spekulert i om Neymar kom til å bli speleklar etter ein hamstringsskade. Og i hans fråvær var det ein annan brasiliansk stjerna som skulle stogge Skottland.
Sluttspeldraumen i ein tynn tråd
Skottland spelte for å klare noko dei aldri har klart før.
– Me har gjort det vanskeleg for oss sjølve, seier ein ordknapp landslagssjef for Skottland, Steve Clarke, etter 0-3-tapet mot Brasil.
Skottland har aldri kome seg vidare frå eit gruppespel i VM. Natt til torsdag hadde dei sjansen til å skrive historie.
Men ein kjempetabbe gjer at sluttspeldraumen heng i ein tynn tråd.
– Det er nesten ikkje til å tru! sa NRKs ekspert Bengt Eriksen.
Det hadde berre gått sju minutt då Skottland surra det ordentleg til. Scott McKenna fekk ballen frå målvakt Gunn. Men McKenna heldt ballen altfor lenge.
19 år gamle Rayan gjekk i press, braut pasninga og serverte ballen til ein heilt ledig Vinicius Junior. Aleine framfor mål gjorde Real Madrid-stjerna ingen feil – og marerittstarten var eit faktum.
«HOVUDMIST»: Scott McKenna heldt seg til hovudet då Vinicius Junior skåra etter ein tabbe.
Foto: Marta Lavandier / AP,NTB– At du klarer å stå inne i eigen sekstenmeter og spelar deg i sånn trøbbel. Du står fem meter frå målet du skal forsvare og så ser du ikkje ein gubbe på 190 cm i gult og kvitt, sa Eriksen og la til:
– Men Brasil òg, er det berre å bukke og takke, dei er på.
– Det er heilt hovudmist, fullstendig krise, oppsummerer NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.
McKenna har ikkje starta for Skottland dei to første kampane i VM.
– Stakkars McKenna. Starta for Skottland i det som no følast ut som deira viktigaste kamp i fotballhistoria. Åtte minutt hadde han vore på banen og så gjer han det der, seier Torp.
USIKKER VEG VIDARE: Neymars Brasil kunne feire siger i gruppe C, medan dei skotske spelarane ikkje veit vegen vidare i VM.
Foto: Paul Childs / REUTERS,NTBEtter 23 minutt vart Vinicius Junior avblåst etter å ha scora enda eit mål. Det vart dømd frispark til Skottland etter ei VAR-avgjerdsle.
Det fall ikkje i smak hos Ancelotti, som gjekk rett bort til den norske fjerdedommaren Espen Eskås for å få ut frustrasjonen.
– Skuffande
Skottland viste betre form etter den første vatningspausen. Dei pressa Brasil på slutten av omgangen.
Men så, på overtid av første omgang, skalla Vinicius Junior inn sitt andre mål i kampen.
MÅL NUMMER TO: Vinicius Junior skallar inn sitt andre mål i kampen.
NRKs ekspert meiner likevel at Brasil var langt frå sitt beste.
– Eg synest det har vore eit svakt brasiliansk lag. Eit lag som slit med balltempo. Dei er avhengig av augeblinkens magi. Nokre spelarar som Vinicius Junior, som er den spelaren som kan ta dei langt i meisterskapet, seier Torp.
Han meiner Brasil ikkje skapte stort mykje i første omgang, anna enn det dei fekk «servert» av Skottland.
Også Clarke meiner Skottland gav måla til Brasil.
– Me gav dei måla og me gav dei den kampen dei ville ha. Det er skuffande, seier Clarke etter kampen.
FØRSTE KAMP: Matheus Cunha klemmer Neymar jr. då Neymar blei bytt inn i sin første kamp dette meisterskapet.
Foto: CHANDAN KHANNA / AFP,NTBEtter 60 minutt spelt, skåra Brasil sitt tredje mål. Då var det Matheus Cunha som skåra.
– Det er ein draum som har gått i oppfylling. I dag imponerte me og fekk vist kva me er gode for, seier Cunha.
– Målet var å vinne gruppa, og no må me halde beina på bakken og førebu oss på den neste kampen, seier Brasils landslagssjef Carlo Ancelotti.
Etter torsdagens kamp er Brasil sikra førsteplassen i gruppe C, det betyr at dei også er klare for 16.-delsfinale.
Det betyr også at dei kan møte vinnaren av Noregs 16.-delsfinale, dersom Noreg blir nummer to bak Frankrike i gruppe I.
– Dårlegare sjanse
Skottland sin veg vidare er derimot ikkje klar.
– Me gav alt. Me må sjå dei neste dagane, men kva me må gjennom må me sjå dei neste dagane. Me har gitt oss ein litt dårlegare sjanse, seier John McGinn etter kampen.
Kvar første- og andreplass i gruppene er sikra sluttspel, medan åtte av dei tolv tredjeplassane kjem vidare.
Med tre poeng og – 3 i målforskjell lever Skottland farleg på treertabellen. Laget er førebels nummer seks.
Publisert 25.06.2026, kl. 02.01 Oppdatert 25.06.2026, kl. 08.26









English (US)