Enno eit mistenkeleg dødsfall i Bodø – det sjette på ein månad

1 week ago 20



Laurdag melder politiet i Nordland om nok eit dødsfall i Bodø.

Det er det sjette dødsfallet av unge menn i nordlandshovudstaden den siste månaden.

For berre få dagar sidan blei òg ein ung mann i slutten av tenåra funne død i Bodø.

Fleire av dei døde tilhøyrer same vennekrets, og fleire av dei har vore innom den rusfrie møteplassen «ovanpå».

Kjelder seier til NRK at alle skal ha hatt tilknyting til narkotikamiljøet.

– Politiet er generelt sett uroa for den utviklinga vi ser knytt til bruken av narkotika, seier Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet.

Åtvarar om stoffet bensedin

Politiet fekk meldinga om det sjette mistenkelege dødsfallet i Bodø laurdag kl. 11.40.

Dei køyrde til ein adresse. Der dei fann nok ein ung mann død.

– Det er eit såkalla uavklart dødsfall. Vi har ikkje omstendigheitane klare men etterforskar saka med same type teori som dei andre sakene, seier Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet.

No går dei ut med ein klår åtvaring om eit stoff dei veit finst mykje av på marknaden.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. Han snakker med en person med briller og rosa skjorte.

Politiet ventar enno på analyseprøvar som kan stadfeste at stoffet bensedin er samanhengen mellom

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / nrk

– I fem av dei seks sakene meiner vi at det kan henge saman med eit stoff som heiter bensedin.

Bensedin har inneheld diazepam. Difor har det noko av den same verknaden som valium, men er mykje sterkare.

– Det finst ikkje på resept i Noreg. Det som finst her er illegalt. Difor er det ein risiko for at det kan innehalde noko anna enn det gir seg ut for å innehalde.

Ifølge Rusinfo er Bensedin og Sobril begge legemiddel av typen benzodiazepiner og verker roande. Både Sobril og Bensedin er vanedannande middel. Bensedin er meir potent og har lenger verknadstid enn Sobril.

– Forferdeleg tungt

Dødsfalla pregar dei som jobbar tett opp mot miljøet.

Ved den rusfrie møteplassen «Ovenpå» i sentrum av Bodø ber dei no folk vere ekstra forsiktige.

– Det har vore forferdeleg tungt. Spesielt med tanke på at gutane som har gått bort er så unge, seier medarbeidar Victor Torrisen.

 Victor Torrisen ved møteplassen "Ovenpå" har dongeriskjorte og grått hår. Han står i et rom med hvite og grå vegger.

Medarbeidar Victor Torrisen i «Ovenpå» tenkjer på familiane til gutane som no sit i botnlaus sorg. – Det er forferdeleg fortvilande for oss som er nære og kjenner gutane.

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Han høyrer rykte om kva som har skjedd, men veit ikkje sikkert kva som ligg bak dødsfalla. Det blir mellom anna snakka om fentanyl.

– Det er forferdeleg farleg om det er snakk om det. Det er det ingen tvil om.

Han oppfordrar folk i rusmiljøet i byen om å vere forsiktig, og vere der for kvarandre.

tillegg opplyser han om at det finst nasesprayar med motstoff mot stoffane i omløp. Det kan ein få hos Kirkens Bymisjon, og Torrisen meiner det reddar liv.

Plakat som viser åpningstider til den rusfrie møteplassen Ovenpå

Fleire av dei unge gutane var ofte på den rusfrie møteplassen «Ovenpå».

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Møteplassen har arrangert minnestunder for fleire av dei unge gutane. Der kan ungdommane ta forvel med den døde. Torrisen oppfordrar òg folk til å bruke hjelpeinstansane som hjelpetelefonar og vegleiingssenter for pårørande.

– Dei som er ramma av sorga vil eg oppfordre til å ta kontakt. Det er god stønad å få.

– Uroa for fleire dødsfall

Politiet ventar no på analysesvar mellom anna knytt til beslaga dei har gjort i sakene. Ifølge Holm er dei prioritert, men dei veit enno ikkje når svara vil ligge føre.

– Kva type beslag er det?

– Det kan eg ikkje kommentere, sidan det er ein stor del av etterforskinga. Det vil naturlegvis ha ein betydning for kva vi landar på til slutt, seier Holm.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. I bakgrunnen er Bodø i pent vær.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet. seier at politiet har ein kontinuerleg førebyggande verksemd i politiet, mellom anna retta inn mot ruskriminalitet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Sidan det er tidleg i etterforskinga vil ikkje politiet gå nærmare inn på kva hypotesar dei jobbar ut ifrå.

Det kan òg ta fleire månadar før obduksjonsrapportane frå dødsfalla er klare.

– Er du uroa for utviklinga?

– Eg er heilt ærleg uroa for at det vil bli fleire dødsfall, seier seksjonsleiaren.

– Miljøet har hardna til

Tidlegare har politiet åtvara om såkalla «dødsdop» i omløp i regionen.

– Kva kontroll har politiet over innføringa av narkotika til Nordland?

– Svaret er svært lite kontroll. Det er det som er sant, seier Holm.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. I forgrunn er en person med brunt hår i en hestehale.

– Vi er nok så blinde på det mørke nettet mellom anna, i likskap med mange andre kontrollorgan. Det er ei stor utfordring, seier Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I fjor skal personar frå det svenske kriminelle nettverket Foxtrot ha blitt observert i Bodø. Politiet konstaterer at dei er kjent med dette.

– Vil det seie at Bodø sitt rusmiljø har blitt tøffare?

– Det har heilt openbert blitt tøffare. Det har hardna til, seier Holm og legg til:

– Før blei det brukt truslar, no blir det brukt vald. Gjerningspersonane blir òg yngre.

Lokalet der den rusfrie møteplassen Ovenpå i Bodø ligger

Ved den rusfrie møteplassen «Ovenpå» har dei laga minnestunder for fleire av dei unge gutane som nyleg har gått bort i Bodø.

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Og Bodø er ikkje åleine. Rusmiljøet er samanliknbart med mange andre norske byer, ifølge seksjonsleiaren. I Bodø merker dei det mellom anna ved at kriminaliteten blir grovare.

Holm trur det har samanheng med at politiet ikkje er så til stades på arenaene der narkotika er i omløp. Det gjer at risikoen for å bli oppdaga er mindre.

– Det gjer at du får eit slags frislepp på dette området.

Publisert 20.04.2024, kl. 20.27 Oppdatert 20.04.2024, kl. 20.29

Read Entire Article