Klårt hav og spektakulære landskap lokkar stadig fleire reisande til Steigen i Nordland.
På Naustholmen har Randi Skaug, kjent som første norske kvinne på Mount Everest, bygd om ein gammal oljetank til eit hotellrom, med utsikt ut mot den vide Vestfjorden.
Alt er lagt til rette for ei ekstraordinær oppleving på Naustholmen Adventure Island.
Det einaste problemet er at gjestene ikkje kjem seg til øya med hurtigbåten som går frå Bodø til Steigen.
– Gjestene vil ikkje ha eit byhotell, dei vil ha unike opplevingar. Det er gullet vårt. Det er det me skal selje. Og det er det me skal tilby dei gjestene som både er norske og utanlandske, og som kjem hit.
Og til neste år varslar politikarane store kutt i hurtigbåtrutane.
Randi Skaug var den fyrste norske kvinna på verdas høgaste fjell Mount Everest og ho var den femte norske kvinna på Seven summits. Fleire gonger har ho trossa elementa på skiekspedisjonar i Arktis, Noreg, Svalbard og Grønland.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK– Gjester kjem ikkje fram i tide
Ei storstilt satsing på reiseliv i kommunen ber frukter. I Steigen har også polfarar Børge Ouslands Manshausen vunne prisar.
Skaug fortel at mange av gjestene bestiller lang tid i førevegen, men at dei ikkje klarer å kome seg fram til der dei har bestilt overnatting på grunn av trøbbel med transport.
Alt frå romantiske overnattingar til bryllaup vert råka av dei stadige kanselleringane på hurtigbåtruta nordover. Grunnen til kanselleringane er mannskapsmangel og tekniske feil på båtane.
– Det har ført til at gjester ikkje kjem fram i tide. Me har eit bryllaup no i helga der ein del av gjestene skulle kome med hurtigbåten midt på dagen. Det skjer ikkje, for hurtigbåten går ikkje, seier Skaug.
Nokre må køyre lange omvegar eller bestille dyre båtturar for å kome fram.
– Sjølvsagt ei flott oppleving å kome ut med rib-båt, men det var ikkje det dei hadde tenkt, legg ho til.
Ofte fører forseinkingane til at gjestene ikkje rekkjer lunsj eller middag. Då må Skaug betale dei tilbake. Og tilbodet vil ikkje bli betre, snarare tvert imot.
– Eit uføreseieleg transporttilbod
Hurtigbåtkaoset gjer ho redd for at reiselivet får eit dårleg omdøme.
– Eg opplever at me får eit litt frynsete rykte, fordi me har eit uføreseieleg transporttilbod.
Skaug peiker på fylkeskommunen har gjort bestemde val som har gjort hurtigbåttenesta ubrukeleg. Ho ber dei reversere kutta langs Salten-kysten i Nordland.
– Dei må satse på sjøvegen, understrekar ho.
Det har vore sterke reaksjonar etter at fylkestinget i Nordland før jul vedtok fleire kutt i hurtigbåttrafikken i fylket.
Kutt på om lag 30 millionar kroner, som blant anna vil ramme Steigen ytterlegare. Til neste år kuttast sommarruta heilt.
Katastrofesommar for reisande langs sjøvegen
Politikarane har også vedtatt å gjere store kutt i den ordinære hurtigbåtruta til Steigen, Hamarøy og Lofoten i vinterhalvåret. I sommarhalvåret vil Nordlandsekspressen framleis gå kvar dag både til Steigen, Hamarøy og Svolvær.
Om me samlar innstillingane på sambandet Bodø-Gildeskål-Værran, er det om lag 20 innstillingar til i sommar på grunn av mannskapsmangel.
Samla sett er det kring 40 innstillingar på grunn av mannskapsmangel på hurtigbåtruter i Salten-regionen i sommar. I tillegg har det vore ei handfull kanselleringar av tekniske årsaker.
Det gjer det krevjande for lokalbefolkninga og reiselivet i Steigen kommune, som ligg på ruta mellom Bodø og Skutvik hurtigbåtkai.
Desse båtane går på ruta mellom Bodø og Steigen.
Foto: Adrian Dahl Johansen / NRKÅtvara om konsekvensane – har blitt enno verre
Kysten av Nordland utgjer nær 23.000 kilometer inkludert øyene. Det er 30 prosent av Noregs kystlinje. Og samferdselsproblemane har stått i kø over fleire år.
Aase Refsnes (SV), ordførar i Steigen kommune, meiner at dette er ei varsla krise som kunne vore unngått.
– Me veit rett og slett ikkje om hurtigbåtane går eller ikkje, og dette er ein konsekvens av vedteken politikk.
– Heilt sidan Høgre, Frp og Senterpartiet vedtok hurtigbåtkutta, har me åtvara om konsekvensane. Dessverre så har det blitt enno verre enn det me åtvara mot og me har fått eit hurtigbåtkaos i Nordland og i Steigen.
Ordføraren seier folk er lei bortforklaringar frå fylket. Kutta i hurtigbåttilbodet må reverserast.
– Dette må skje noko umiddelbart. Situasjonen me har no er heilt uhaldbar. Og folk kan ikkje stole på hurtigbåten når dei planlegg hausten som kjem.
Dårlege politisk val frå Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet er grunnen til kaoset, hevdar Aase Refsnes (SV).
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKMåtte avbryte ferien på grunn av hurtigbåtkaoset
Fylkesråd Marianne Dobak Kvensjø (H) har avbrote ferien for å rydde opp i hurtigbåtproblema.
Ho meiner reiarselskapet Boreal må sørge for at båten går som avtalt resten av sommaren. Viss ikkje, vil fylkeskommunen ordne det sjølv.
– Me stiller no eit tydeleg krav: Enten må dei leige inn eit fartøy, eller så gjer me det for dei – slik at reisande og næringsliv veit kva dei har å forhalda seg til i august.
– Og kven skal ta rekninga?
– Den er det selskapet som skal dekke, seier Kvensjø.
Om ikkje Boreal ryddar opp vil Nordland fylkeskommune ordne opp i rotet ved å leige båtar som kan gå på strekninga. Rekninga meiner, Kvensjø skal gå til reiarlaget.
Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK– Dysfunksjonelt system
Politisk kommentator i Avisa Nordland, Stein Sneve, meiner det er noko grunnleggjande feil i måten fylkeskommunen kjøper inn desse tenestene på.
– I fyrste omgang er det reiarlaget sitt ansvar, som fylkesråden er inne på, og dei bør absolutt sette i verk tiltak for å få dette til å fungere.
Sneve seier det må meir til for å få systemet til å fungere.
– På lang sikt er det openbert eit eller anna fundamentalt feil med måten fylkeskommunen kjøper inn desse tenestene på. Heile anbodssystemet. Det er totalt dysfunksjonelt.
Den politiske kommentatoren vil ikkje seie kva som blir rett løysing.
– Men det er openbert behov for å gå gjennom dette grundigare, greie ut skikkeleg og få på plass eit betre system. Dette har blitt ei gjennomgåande problem, og det strekkjer seg også ut i vinterhalvåret som er i ferd med å bli ein sesong for reiselivsnæringa i Nordland også.
Boreal beklagar – måtte prioritere dei ordinære rutene
Boreal svarer ikkje på Kvensjø sitt ultimatum, men Jon Kristian Fadnes, presseansvarleg i reiarlaget Boreal, skuldar på mannskapsmangel.
– I denne vanskelege situasjonen har me måtta prioritere å få dei ordinære Nordlands-ekspressrutene til å gå stabilt, skriv Fadnes i ein e-post til NRK.
Jon Kristian Fadnes, presseansvarleg i reiarlaget Boreal, skuldar på mannskapsmangel.
Foto: Boreal– Slik det ser ut no, vil ruta i den resterande delen av perioden i stor grad bli gjennomført ved innleige. Me vil likevel jobbe for å køyre flest mogleg turar med eige mannskap.
Boreal meiner at fylkeskommunen har vore for uklare om sommarplanen som har ført til at det var utfordrande å få tak i tilgjengeleg mannskap i tide, meiner Boreal.
– Me beklagar ulempene innstillingane har medført for våre reisande, skriv presseansvarlege.
Publisert 30.07.2025, kl. 16.53