Fall for få freistingar

1 week ago 16



⚖️ – Eg er ein vippepinne, men velta rett veg, vedgår Rebecca.

Hadde det vore tikka masala på den hemmelege freistinga hadde ho tatt det, men det var berre eit kinderegg.

– Det kjem an på kven du omgåst. Er du med «big spenders» gjer du det same sjølv, heng du med sparsame folk vert du litt som dei, trur ho.

🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴🌴

Billigare bobler heime

🍾🥂– Eg et for å overleve, men ikkje for å nyte maten, men eg drikk for å nyte livet, ler Rebecca.

en kvinne med langt brunt hår, brun hud og mørke klær som smiler foran en trevegg

Proseccoen i jungelen var jo mykje dyrare enn eit glas her heime.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

Rebecca snusar på iskald prosecco fleire gonger, men som du kanskje har sett er det Johnny som brukar av gruppas pengar i den første baren.

– Eg følte eg kunne nyte den proseccoen på ein betre stad, fortel ho.

Forstanden fortalde henne også at å gå vidare på tur med promille ikkje var det luraste.

– Eg sleit allereie med å gå i jungelen, og tenkte at mine motoriske ferdigheiter ville bli dårlege av det glaset, seier ho.

Som ein sjølvutnemnt vippepinne blir ho lett påverka av gruppa.

– Eg fekk mykje ros frå laget og er ikkje van med å få ros for å vere atletisk eller sterk, så då følte eg meg skikkeleg stolt, fortel ho.

Tankane om å spare mest mogleg til ein ferie saman med mamma var også ein stor, indre motivasjon.

🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️🏖️

Pengane var motivasjonen

– Eg trur eg er ein person som har veldig tunnellsyn dersom eg først har bestemt meg for noko. For meg var det høg mental terskel for å gå med på noko som helst, fortel Ragnar.

En mann med krøllete oransj hår og sorte briller holder en arm under haka. Står foran en brun vegg og smiler.

– Eg var frykteleg sliten, fekk ikkje i meg bønnene, levde på kokt ris. Eg var underernært og veldig svolten dei første dagane, fortel Ragnar.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

Det var matfreistingane som var vanskelegast å seie nei til. Han blei matforgifta i Malaysia og kasta opp dei siste 48 timane før opptaket.

– Det er mange som elskar luksus. Eg vaks opp utan særleg god råd, derfor var pengane i seg sjølv ein stor motivasjon, fortel Ragnar.

Han kjøpte sin første bustad i november, ei leilegheit på Holmlia saman med ei venninne, og ville spare mest mogleg pengar til å betale ned på bustadlånet.

🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡🏡

Mental førebuing

Dame med brun stroppekjole, hvite sandaler, hvit veske og langt hr står mellom noen hus i syden

🍫– Du kan ikkje ta ei sjokolade kvar gong du har lyst på det dersom du vil ned i vekt, fortel Elise.

Foto: Privat

Ho samanliknar freistingane i jungelen med jobben som online coach. Ho hjelper blant anna andre å gå ned i vekt.

– Livet består av freistingar, men kva er viktigast? Skal du ta ei freisting no, eller nå det større målet? Dersom du vil noko nok, må du tenkje på det store målet og arbeide med å motstå freistingar for å nå det, eksemplifiserer ho.

For hennar del var ikkje ting så veldig freistande, og i likhet med Ragnar, var pengane i seg sjølv den største motivasjonen.

– Alle stinka jo, og du blir like sveitt etterpå. Heime må eg manne meg opp i fleire timar for å dusje håret, for det er eit ork, så det var eigentleg litt deilig å sleppe, ler ho.

🥤🚿Det var lett å takke nei til dyr cola i jungelen ved å tenkje på at ho kunne ta ei mykje billegare heime. Jålete er ho heller ikkje, så dusj og deo lokka ikkje.

🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟🫟

Livets første kebab-nei

Elias og Elises elleville eigenkontroll eignar seg kanskje for fleire.

En mann med sort hår og sort skjegg sitter på en benk. Han har brun bukse og stripete strikket genser i grønn, hvit, oransj og rød.

Automaten midt i jungelen var heilt absurd. Eg sa nei av prinsipp, men hadde skikkeleg lyst på Smash. Smash i jungelen hadde vore historisk, fortel Elias.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

– Kebaben ropte på meg, eg lovar. Eg kunne nesten høyre den synge namnet mitt. Eg sa nei, men eg skal lage meg ein kebab til 4500 kroner her heime som plaster på såret, fortel Elias.

Før innspelinga bestemte han seg. Elias ville heller sitje igjen med mest mogleg cash enn å falle for kebab, taco eller hotellseng.

Tegnet grønn palme

Dusj og massasje kjendest som å få tilbod om ferie midt i militæret. Han ville som Elise heller lukte våt hund heile opphaldet enn å betale for ein dusj.

– Bønner og ris blir kulinarisk blasfemi etter nokre dagar, eg er utruleg glad i digg mat. Men eg melde meg på for å utfordre meg sjølv og tøye grenser, så eg stod imot, fortel Elias.

🌯🌮🍪Kebab og taco er éin ting, men for Elias var det verst å takke nei til bollane.

🏆– Det kjendest nesten som å vinne i OL då eg klarte å gå vekk frå dei. Eg har trent i mange år, gått på diettar og har eigentleg ikkje problem med å motstå mat. Eg gjekk ned 17 kilo på tre månader fordi eg skulle stille i fitness. Så eg åt éin kanelbolle frå BIT, sprakk og gjekk opp 13 kilo på 13 dagar. Så dei bollane var verre å seie nei til enn kebaben, avsluttar Elias.

En mann med sot hår og sort skjegg sitter på en benk. han har brun bukse og stripete ullgenser.

🐜🐜🐜Vi var delt i to grupper, og eg lot heller ein annan frå vår gruppe som trengde det meir ta plassen i dobbeltrenga. Eg blei igjen ute med resten av solidaritetsgjengen og blei ete opp av maur.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

Hei!

🙋🏾‍♀️Jeg skriver økonomisaker for unge. Har du tips til saker jeg bør lage er det topp om du sender meg en e-post!

Vil du lese flere økonomisaker finner du de andre sakene her.

Publisert 13.10.2025, kl. 06.00

Read Entire Article