Miljødirektoratet har avgjort å utvide kvoten for ekstraordinært uttak av jerv i Hamarøy, skriv AN.
Jerven er det dyret som påfører mest skade på beitedyr og såkalla lisensfelling er eit verktøy for å halde bestanden under eit visst nivå.
Det betyr at ytterlegare ein jerv kan bli felt i delar av kommunen, etter at det blei registrert auka aktivitet av fleire jerv i området.
Det skjer berre ein dryg månad etter at direktoratet 9. oktober gav løyve til felling av éin jerv i delar av Hamarøy kommune.
Etter at den første jerven blei felt, har Statens naturoppsyn (SNO) gjort nye observasjonar og registrert sporaktivitet fra fleire jerveindivid i det aktuelle området.














English (US)