Fekk 600.000 i bot for ruskøyring – ankar saka til Høgsterett

15 hours ago 1



Mannen frå Rogaland blei gripen utanfor ein butikk i Stavanger i 2024.

Ein politibetjent hadde observert han i ein bil kort tid i førevegen.

Mannen hevda i retten at han ikkje var førar av bilen, og at han hadde nytta seg av pirattaxi. Retten festa likevel ikkje lit til mannen si forklaring.

Då saka blei behandla i tingretten blei bota sett til 200.000 kroner.

Saka blei anka vidare til lagmannsretten, som valde å tredoble bota til 600.000 kroner.

Blodprøven som blei tatt av mannen kort tid etter han blei gripen, viste ei påverknadsgrad tilsvarande over 1,2 i alkoholpromille, ifølge den ferske dommen.

Dette er hans fjerde domfelling for ruspåverka køyring sidan 2021.

Vil anke saka til Høgsterett

– Klienten min har forklart at han ikkje har køyrt bilen. Vi meiner det ikkje kan førast fullt bevis for dette, og i lagmannsretten blei det nedlagt påstand om frifinning, seier forsvarar Anne Kroken til NRK.

Advokat Anne Kroken ved skrivebordet på sitt kontor

Forsvarar Anne Kroken meiner bota er sett alt for høgt.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det viktigaste for min klient er likevel å få fram at han ikkje er skyldig, held ho fram.

Kroken seier at saka vil bli anka vidare til Høgsterett.

Meiner mannen hadde inntekt på meir enn 10 millionar kroner

Lagmannsretten meinte at mannen hadde høgare betalingsevne enn det tingretten la til grunn.

Retten viser til at mannen i 2024 hadde ei samla inntekt på meir enn 10 millionar kroner, og ein bruttoformue på rundt 30 millionar kroner.

«Hans inntekts- og formuesforhold gjer at han er i ei vesentleg betre økonomisk stilling enn ein vanleg lønnsmottakar», står det i dommen frå Gulating lagmannsrett.

Mannens forsvarar meiner bota er sett alt for høgt.

– Ei bot skal fastsettast med utgangspunkt i ei berekning av halvannan gong av brutto månadslønna til den tiltalte, seier forsvarar Kroken.

– Klienten min har rett nok god økonomi, men mitt syn er at dette er utan grunnlag, det er her ikkje gjort ei rett berekning når bota er sett så høgt, held ho fram.

Økonomien styrer bota og promillen styrer fengselsstraffa

Det er kostbart å bli tatt for promillekøyring i Noreg.

Praksis i dag er at bota skal svare til 1,5 gonger den brutto månadsinntekta føraren har.

Dersom ein til dømes har ei årsinntekt på 500.000 kroner, vil bota som hovudregel utgjere 62.500 kroner.

Tidlegare høgsterettsdommar Magnus Matningsdal seier at det i dag ikkje finst nokre øvre grense for kva ein kan få i bot viss ein blir tatt for promillekøyring.

– Eg pleier å seie at økonomien styrer bota og promillen styrer fengselsstraffa.

Magnus Matningsdal

– Eg pleier å seie at økonomien styrer bota og promillen styrer fengselsstraffa, seier tidlegare høgsterettsdommar.

Foto: Gry Veiby / NRK

Han seier at 600.000 er eit uvanleg høgt beløp.

Han kjenner likevel til ei anna sak der ein person blei dømt til å betale 750.000 kroner, etter å sett seg bak rattet i rusa tilstand.

– Når vi kjem opp i slike beløp, så er det snakk om ein person med høg inntekt. Stor formue kan også spele inn, seier Matningsdal.

Han seier det til no ikkje har blitt prøvd i Høgsterett om ein burde operere med eit maksimumsbeløp for bøter i promillesaker.

– Men eg kan ikkje hugse at ei slik sak har blitt anka inn til Høgsterett, seier Matningsdal.

Publisert 10.01.2026, kl. 07.47

Read Entire Article