Fredag fall over 800 millimeter regn på åtte timar. Det er meir enn det normalt fell på over eitt år.
Resultatet er katastrofalt for byen med 350.000 innbyggarar som ligg rundt 600 kilometer sør for Buenos Aires.
Rom på sjukehus står under vatn. Heile bydelar har blitt til øyar. Straumen er borte i store delar av byen.
Den nasjonale sikkerheitsministeren Patricia Bullrich seier ifølge AFP at Bahia Blanca er «øydelagt». Minst 13 menneske har mista livet.
Folk i Bahia Blanca blei evakuert ved hjelp av gravemaskinar.
Foto: AFPBabyar i kuvøse
Lokale medium fortel om ei mengde tragediar og dramatiske situasjonar.
To søstrer – på eitt og fem år – er sakna. AFP skriv at redningsfolk fryktar at dei er tatt av vassmassane.
På sjukehuset El Hospital Interzonal Dr. José Penna måtte ein evakuere kuvøseavdelinga for babyar som er fødde for tidleg.
Vatnet steig og trua krybbene samtidig som straumen hadde gått, skriv El Observador
Videoar der dei tilsette ber dei små babyane ut i mørket mens dei framleis er kopla til intravenøse slangar, har gått viralt.
Klimaendringar
Andrea Dufourg er ansvarleg for miljøpolitikk Ituzaingó utanfor Buenos Aires.
Ho seier at det ekstreme regnvêret fredag er «eit klart eksempel på klimaendringar».
– Dessverre vil dette fortsette å skje. Vi har ikkje noko anna val enn å førebu byane, lære opp innbyggarane og installere effektive varslingssystem, seier Dufourg.
Dei enorme regnmengdene gjorde om gater i Bahia Blanca til elvar.
Foto: ReutersStore skogbrannar
Argentina har den siste tida også vore ramma av andre konsekvensar av klimaendringar.
Langvarig tørke har ført til dei største skogbrannane i Patagonia på mange år.
Ifølge Nasa er over 300 kvadratkilometer skog tatt av flammane.
Etter at vatnet har trekt seg tilbake har det etterlate seg store mengder gjørme.
Foto: ReutersAndre gong på eitt drygt år
Også i desember 2023 blei Bahia Blanca ramma av ekstremvêr.
Da blei området ramma av ein kraftig storm som slo innover store delar av Argentina.
I Bahia Blanca mista då 13 menneske livet etter at ein vegg kollapsa.
Dagen etter ekstremvêret stod lokale og såg på øydeleggingane.
Foto: AFPPublisert 09.03.2025, kl. 10.43