– For ein thriller det blei mellom dei to! seier Fredrik Aukland.
Det blei ein tett kamp på herranes 10 kilometer fristil i Granåsen søndag.
Andreas Fjorden Ree gjekk over målstreken i Granåsen 0,4 sekund bak Einar Hedegart.
– Det er eit stort løp av Einar Hedegart, sa Fredrik Aukland i det han gjekk over målstreken.
– Det er berre å gje denne mannen ein OL-billett, seier Aukland.
Skiskyttaren vann sitt fyrste verdscuprenn. Ree tok andreplassen og Martin Løwstrøm Nyenget tok tredjeplassen.
– Sist ein skiskyttar vann eit verdscuprenn i langrenn er i 2009, seier Jann Post.
SKISKYTTAR: Einar Hedegart vann intervallstart fristil i Trondheim.
Foto: Geir Olsen / NTBStrøyma frå leiarstolen
Hedegart var blant dei fyrste norske startande og fekk sitte lenge i leiarstolen. Då det sto om sekund mellom han og Ree, sat han og filma med telefonen.
– Eg sende «live» på Instagram. Eg fekk streng beskjed etter nokre minutt at det tydelegvis ikkje var lov, seier ein blid Hedegart til NRK etter rennet.
– Men eg fekk nesten 6000 sjåarar ein periode der. Det var kanskje litt for mange som forlét NRK og blei med på direktesendinga mi, ler han.
Då Ree kryssa målstreken 0,4 sekund bak, kunne ein sjå Hedegart juble.
– Eg måtte beklage litt at eg jubla, for eg jubla sjølvsagt då eg såg han var bak meg.
Ree, som blei filma i det han kom i mål, tok det med eit smil
– Han tok meg på mitt svakaste.
– Synest du det var litt ubehageleg?
– Nei, Det var mykje å ta innover seg da eg kom i mål. Det var ikkje noko eg via mykje merksemd.
Andreas Fjorden Ree var 0,4 sekund bak Hedegart i mål.
Foto: Geir Olsen / NTBMåtte snakke med juryen
Hedegart måtte snakke med juryen etter manøveren.
– Men det blei ikkje noko represaliar av det. Berre til neste gang så blir det ikkje direktestrøyming, seier han.
Han held fram:
– Dessverre for mine kjære følgene. Men vi finn på noko nytt neste gang og så tar vi det derfrå.
Arrangementssjef i skiforbundet, Terje Lund, fortel at utøvarane gjennom eit system som FIS har fått tilgang til bilde frå rennet, men at dei må vente til rennet er over før dei får publisert noko,
– Slik at dei som da har rettar skal få lov til å få bilda sine først, seier Lund.
– Så dette er ein avtale mellom Norges Skiforbund og Infront. Vi har snakket med Infront, de forstår situasjonen. Han gikk sitt tredje verdscuprenn, dette var han nok ikkje klar over, og så justerer vi dette framover.
BEST: Einar Hedegart var best av dei norske.
Foto: Geir Olsen / NTB«Thriller»
– Premien her kan vere ein OL-plass! sa Jann Post.
Hedegart gjekk ut i leiinga frå start. Dei andre norske herrane, med høgare startnummer kom jaktande bak.
– Dette kjem til å bli ein thriller, sa Jann Post i det Harald Østberg Amundsen tok leiinga ifrå Hedegart etter to kilometer.
Resten av løpet var det ingen som klarte å matche skiskyttaren, berre Andreas Fjorden Ree som leia nokre få sekund framfor Hedegart då det var eitt par kilometer att.
Ree tapte på slutten og hamna på ein andreplass. Martin Løwstrøm Nyenget tok tredjeplassen.
Kamp om OL-plassane
Det blei ein stor norsk dag i Trondheim. Dei sju øvste plassane på resultatlista, blei delt ut til nordmenn: Hedegart, Ree og Nyenget på pallen. Og på dei neste plassane hamna: Emil Iversen, Harald Østberg Amundsen, Iver Tildheim Andersen og Johannes Høsflot Klæbo.
Fleire utøvarar var spente før rennet.
– Eg er spent. Det ein viktig dag, det er det, sa Andreas Fjorden Ree før rennet.
– I dag er det verdscup på det eg kan nesten kalle heimebane, mange ser på, det gjeld å prestere i dag, sa Einar Hedegart.
For fleire av dei norske utøvarane, gjaldt det å prestere for å kunne bli vurdert til å bli tatt ut til OL på nyåret.
Publisert 07.12.2025, kl. 12.59 Oppdatert 07.12.2025, kl. 13.59


















English (US)