Fellesforbundet rasar: Statlege aktørar bruker streikeramma hotell

3 hours ago 3



Måndag 11. mai gjekk 294 tilsette i hotell- og restaurantnæringa i Noreg ut i streik. Blant dei om lag 30 tilsette ved Scandic Lillehammer hotell.

Dagen etter arrangerte Demensnettverket Innlandet fagdag på Scandic-hotellet. Nettverket består mellom anna av Statsforvaltaren og Sjukehuset i Innlandet.

Det har vekt harme hos Fellesforbundet.

Dei forventar at fagforeiningar og kommunar ikkje nyttar seg av hotell der tilsette er tekne ut i streik.

– Dei kan halda seg for gode til å oppsøkja å bruka hotell som er ramma av streik. Det undergrev streiken vår og bidreg til at streiken blir oppretthalden betydeleg mykje lenger, seier organisasjonsarbeidar Svein Grandalen i Fellesforbundet.

Laurdag kan over 5000 tilsette i dei to bransjane vere tekne ut i streik.

Er det greitt av statlege organ å nytta streikeramma hotell?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Ikkje greitt

Leiar av Fellesforbundets avdeling 670, Martyna Kornikaite Sagsveen, reagerer på at fagdagen ikkje blei avlyst eller flytta.

Ho understrekar at dei prøver å få til ei løysing på streiken.

– Det at vi er ute og streikar, betyr ikkje at vi vil det. Dette er middelet vårt for å vinne fram det vi ønsker å vinne, og for å møtast igjen til eit møte med motparten.

en person med langt hår

Martyna Kornikaite Sagsveen, leiar av Fellesforbundet avdeling 670.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

NRK har stilt Statsforvaltaren fleire spørsmål om møtet, mellom anna om kva dei meiner om å ta i bruk eit streikeramma hotell. Noko kommunikasjonssjef Karianne Stordal ikkje vil svara på.

– Me har tillit til at begge partar i streiken følgjer spelereglane, og med det som utgangspunkt forheld me oss til kontraktane me har inngått og ønskjer ikkje å påverka streiken, svarar ho.

et skilt på en bygning

Statsforvaltaren i Innlandet er ein av fleire medlemmar av demensnettverket som hadde møte på det streikeramma hotellet.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Møter i Forsvaret

Det er ikkje berre Statsforvaltaren som har nytta det aktuelle hotellet etter at streiken var eit faktum.

Måndag denne veka hadde Cyberforsvaret møteverksemd på hotellet.

skilt foran jørstadmoen leir

Cyberforsvaret har hovudkvarteret sitt på Jørstadmoen på Lillehammer.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Kommunikasjonssjef Hanne Stine Kind har avvist NRKs førespurnad om intervju i saka, men skriv i ei melding:

– Dette er eit mindre arbeidsmøte mellom Forsvaret og partnarar som går føre seg over nokre dagar.

NRK har stilt Kind fleire spørsmål, mellom anna om omfanget av møtet, og om det var aktuelt å endre på planane. Spørsmåla har ho ikkje svart på.

Avlyste

Same dag som dei tilsette ved hotellet gjekk ut i streik, skulle Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Innlandet halde sin årlege fagkonferansen på hotellet.

Konferansen blei avlyst i solidaritet med dei streikande, opplyser leiar Ida Høiby.

– Årsaka er enkel: NSF støttar Fellesforbundet og den rettferdige kampen deira for krava. Det er sjølvsagt for oss å utvise solidaritet i denne situasjonen og derfor avlyse fagkonferansen. Vi har ikkje flytta eller utsett konferansen, den blei avlyst.

Ida Høiby

Ida Høiby, fylkesleiar i NSF Innlandet.

Foto: privat

Cirka 140 personar var påmelde konferansen. Den blei avlyst fire dagar før den skulle finne stad, fortel Høiby.

Organisasjonsarbeidar Svein Grandalen er takksam for solidariteten.

– Eg synest det er veldig vakse gjort, seier han.

Fleire titals tilsette ved Scandic Lillehammer er tekne ut i streik. Samstundes held fleire offentlege verksemder fram med å bruka hotellet til konferansane og møta sine.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Over 5000 i streik

Måndag blei streiken i hotell- og restaurantnæringa trappa ytterlegare opp. Då vart det sjuande uttaket eit faktum. Samla er 4 416 tilsette ved 331 bedrifter nå i streik.

Tysdag møttest partane i streiken, Fellesforbundet og NHO, hjå riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.

– Me har hatt eit godt møte i dag. Me er dessverre ikkje i mål. Me kjem til å ha kontakt vidare no i løpet av forholdsvis kort tid og jobba vidare for å prøva å finna ei semje, sa Ruland etter møtet.

Måndag enda det samtidig med brot i hotell- og restaurantmeklinga mellom Fellesforbundet og Virke. Partane skal nå møtast hos riksmeklaren. Fristen for å semjast er midnatt 22. mai.

Blir dei ikkje samde, kan 628 tilsette bli tekne ut i streik frå laurdag.

Publisert 19.05.2026, kl. 15.47

Read Entire Article