Fem personar i frontkollisjon på E39

1 week ago 9



To bilar har frontkollidert i ei 80-sone ved Juklestad, mellom Førde og Skei i Sunnfjord kommune.

Trafikkulukke på E39 ved Jølstravatnet.

Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse.

Foto: Privatfoto

Fem personar er sende til sjukehus etter ulukka. Skadeomfanget er førebels ukjend. Vegen var ein periode heilt stengd.

Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 1047.

– Det er ei alvorleg ulukke. Status no er at fire personar er køyrde i ambulanse til sjukehus. Ein person er frakta med luftambulanse, opplyser innsatsleiar for politiet, Ole Jørgen Eide.

Alle pasientar fekk tilsyn av helsepersonell før dei vart sende til Førde sentralsjukehus.

– Ein av bilane står i grøfta, den andre i delvis i vegbana. Det er snakk om ei høgenergiulukke, Jostein Steinsland Hauge ved 110 Vest.

Statens vegvesen opplyste tidleg at vegen kunne bli stengd i lengre tid. I 12-tida er eitt felt opna for manuell dirigering.

Innsatsleiar for politiet i Sunnfjord, Ole Jørgen Eide.

Ole Jørgen Eide er innsatsleiar for politiet i Sunnfjord.

Foto: Henning Levold / NRK

Eventuell omkøyring for personbilar er fylkesveg 5690 på sørsida av Jølstravatnet. Større køyretøy vart rådd til å køyre om riksveg 5.

Det har danna seg lange køar på staden.

Politiet kjenner ikkje årsaka til frontkollisjonen.

– Vi har dokumentert staden, snakkar med vitne og gjer tekniske undersøkingar, seier innsatsleiar Eide.

Ulukka har skjedd ved Juklestad, like før Årdal, mellom Førde og Skei i Sunnfjord.

Publisert 26.04.2024, kl. 11.19 Oppdatert 26.04.2024, kl. 12.25

Read Entire Article