Fersk Nordea-prognose: – Ingen rentekutt i år

1 week ago 14



Spådommar om kva slags veg renta vil ta, har i ei lengre periode vore ein snakkis. Styringsrenta er no på det høgaste nivået sidan 2008, og fleire ventar i spenning på kutt.

Skal ein tru økonomane i Nordea, så skjer det ikkje i år.

– Det er lite som skrik rentekutt, seier sjeføkonom Kjetil Olsen. Og han forklarer den vurderinga slik:

  • Den underliggande prisveksten, som er prisveksten utanom prisane på energi og endringar i avgifter, var på 4,5 prosent i mars. Det er ned frå toppnoteringa på 7 prosent i juni i fjor, men likevel langt unna Noregs Bank sitt mål om at dette talet skal vere på rundt 2 prosent.
  • Kronekursen er historisk svak – og eit rentekutt vil berre gjere vondt verre
  • Lønene ligg an til å stige med meir enn 5 prosent for andre året på rad. Då vil folk få meir pengar å bruke på ting, noko som kan bidra til å presse prisane opp. Folk sitt forbruk har ligge flatt det siste året, men vil ta seg opp som følgje av lønnsoppgjeret, ifølgje Olsen.
  • Arbeidsløysa har halde seg stabil på 1,9 prosent sidan august i fjor, noko som er nær rekordlåge nivå. Nordea trur den vil halde seg på nesten same nivå, og vere på 2 prosent ved utgangen av året.

Til samanlikning er storbanken DNB si prognose,som kom for ei veke sidan, at det kjem eit rentekutt i desember.

– Overraskande godt

Olsen meiner at det at det ikkje blir rentekutt faktisk er gode nyheiter.

– Det reflekterer at norsk økonomi har klart seg overraskande godt og toler det rentenivået vi har i dag, seier Olsen, og må erkjenne at han er forbausa over nettopp det.

– Arbeidsløysa er veldig låg, og den kjem til å halde seg låg. Så alternativet kunne ha vore at det gjekk dårleg i norsk økonomi, og at Noregs Bank difor måtte setje ned renta. Men slik vurderer vi ikkje utsiktene for norsk økonomi, held han fram.

For sjølv om rentene gjer eit kraftig innhogg i lommeboka for mange, så går det godt for norsk økonomi som heilskap.

Den svake kronekursen svir for mange som skal reise utanlands, og bidreg også til å presse prisane på varer vi importerer opp.

Men for andre, som oljenæringa og anna eksportindustri, renn pengane inn av akkurat same grunn. Det gjer at også Oljefondet legg på seg, og det gir meir oljepengar å hente og bruke for regjeringa.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Men ei næring har verkeleg fått kjenne på prisen for dei i alt 14 rentehevingane vi har hatt dei siste åra: byggenæringa. Tysdag var Eiendom Norge-sjef Henning Lauridsen igjen ute og sa at rentekutta ikkje kan kome raskt nok.

To rentekutt neste år

– Når kjem det mange opplever som eit etterlengta rentekutt?

– Det vil dryge. Det kjem to rentekutt neste år, eitt i første halvår og eitt i andre halvår, og det er dei rentekutta vi får. Folk må rekne med eit høgare rentenivå framover enn det vi har blitt vane med i løpet av det siste tiåret, seier Olsen.

I mars signaliserte sentralbanksjef Ida Wolden Bache at det kunne kome eit rentekutt i september. Men tysdag var ho klar på at det har kome mange nye tal og informasjon sidan mars, som alltids vil kunne føre til store endringar i planane.

Ida Wolden Bache

NYHEITER: Sentralbanksjef Ida Wolden Bache var tysdag klar på at det har kome inn nye tal sidan ho i mars signaliserte rentekutt i september. Blant anna at krona har svekka seg ytterlegare sidan den gong.

Foto: William Jobling / NRK

– Vi har i lang tid snakka om at vi no må sjå slutten på alle pengane folk sparte under koronapandemien. Kor hentar folk pengane, og er årsaka til at de trur forbruket no faktisk vil auke framover?

– Først så auka inntekta for alle med gjeld mykje under pandemien, fordi renta vart kutta til null. Så har kjøpekrafta falle mykje som følgje av rentehevingane. Men der vi er no, så har ikkje folk veldig mykje lågare kjøpekraft enn før pandemien, seier Olsen. Han held fram:

– Med det lønnsoppgjeret som vi får no, så er vår vurdering at kjøpekrafta vil vere over det den var før pandemien i løpet av 2024.

Se hvor mye du må betale hvis renta øker.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 18 783 kr

Økte renteutgifter 378 kr

Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 378 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,49%

Publisert 24.04.2024, kl. 09.00

Read Entire Article