FHI fann ikkje samanheng mellom skjermtid og psykiske plager: – På tide

1 hour ago 4



Skjermbruk blir ofte peika på som ei hovudårsak til at fleire unge slit psykisk.

Men det er kva ein bruker skjermtida på og ikkje kor lenge ein stirar på skjermen som betyr noko, ifølgje fleire studiar.

– No har vi fått bekrefta det gjennom ein ganske stor studie, som er metodisk sterk, seier forskar Turi Reiten Finserås ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Saman med andre forskarar frå University of Manchester og FHI fann Finserås ingen samanheng mellom tid brukt på sosiale medium eller gaming og psykiske plager hos over 25.000 engelske 12–14 åringar som dei følgde gjennom tre år.

Før vi høyrer meir om studien frå forskaren, tar vi turen ut for å høyre kva nokon som bruker skjerm mykje tenkjer om «frikjenninga».

– På tide

På ungdomshuset Tvibit i Tromsø samlar ei gruppe gaming-interesserte folk seg kvar tysdag for å snakke om kva som rører seg i kulturen, og spele saman. Sidan NRK er på besøk, diskuterer dei denne kvelden også den nye skjerm-forskinga til FHI.

Tvibit game guild

Tvibit Game Guild møtest kvar tysdag. På onsdagar arrangerer ungdomshuset Fight night der ein kan spele slåstespel mot andre.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK


Spelansvarleg i Tromsø kommune, Bjørn Giswold, leier diskusjonen.

– Forskjellige ting har fått skulda for mental uhelse opp gjennom åra. Anten det var bøker, radio, rock 'n' roll, internett eller spel. Når eit kulturelt uttrykk blir stort nok, er det lett å dra ut ekstremtilfella og skylde på at det er grunnen til dårleg mental helse hos unge, seier han til dei frammøtte.

Dataspill sjokkerer

Fædrelandsvennen-artikkelen «Perverst dataspill sjokkerer» har gått som ein farsott rundt på nettet i nyare tid, men i 1993 var det ikkje så mange som lo av den.

Foto: Fedrelandsvennen

Etter diskusjonen får vi Giswold med ut av rommet for å høyre meir om ungdomsarbeidaren sine refleksjonar rundt den ferske forskinga på skjermtid og psykisk helse.

– Kva tenkjer du om funna i studien?

– Det er på tide. Dette er noko mange gaming- og teknologiinteresserte har visst ganske lenge, at det handlar om kva du tar inn den tida du sit framfor ein skjerm. Er det verdt noko, eller er det berre hjernedaudt innhald for å få ein dopaminauke? spør Giswold og legg til:

– Kvifor bruker nokon mykje tid framfor ein skjerm? Er det fordi ein ikkje er interessert i sport, eller fordi ein er einsam eller blir mobba? Det er veldig subjektivt.

– Merkar du ingen negative følelsar etter ei veke med mykje gaming eller skjermbruk?

– Nei.

Fleire esker med pizza har blitt opna inne på rommet bak han. Lukta siver ut til oss. Reporteren har ikkje ete sidan lunsj. Vi avsluttar intervjuet.

Fremen Korsberg Ismetsson og Ismet Bachtiar

Son og far Fremen Korsberg Ismetsson og Ismet Bachtiar har begge brukt mykje tid på skjerm.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Medan vi et pizza kjem eg i prat med far og son, Ismet Bachtiar (50) og Fremen Korsberg Ismetsson (15).

Då sonen var tre år gammal byrja dei å spele saman, fortel Ismet.

– Vi spelte Skylanders. Det var favorittspelet mitt lenge. Eg har mange gode minne om det, skyt sonen Fremen inn.

– Eg trur foreldre treng å vere engasjerte i verda til ungane og kva dei gjer på skjermane. Problemet ligg der foreldre ikkje bryr seg om interessene til ungane. Det skaper ein avstand i relasjonen, seier faren.

I fleire år spelte sonen mykje. Foreldra sette ei grense på tre timar speling i vekedagane og seks timar på helgedagar.

Det var det sosiale rundt gaminga som var det viktigaste, fortel ungdommen sjølv.

Men den siste tida har 15-åringen spelt vesentleg mindre. Han fortel at han kan få ein følelse av å ha kasta vekk tid når han har spelt dataspel.

– Når eg spelar gitar sit eg derimot alltid att med ein veldig god følelse, for då kjenner eg at eg blir betre på noko som eg faktisk ønskjer å jobbe med i framtida, seier han.

Kattevideo

Å sjå på kattevideoar gjev ein anna følelse enn å sjå på videoar om sjølvskading, påpeikar FHI-forskar.

Foto: Skjermdump / YouTube

– Skjer mykje positivt på skjerm

Tilbake til FHI-studien og forskar Turi Reiten Finserås.

– Skjermtid rommar veldig mykje som er positivt, sjølv om det òg rommar ting som er negativt. Kva ein gjer med skjermen er mykje viktigare enn kor mykje tid ein bruker på skjerm, seier ho.

– Ein kan sitte éin time på sosiale medium og sjå på innhald om sjølvskading, eller bruke ein time på å sjå artige kattevideoar. Det vil ha veldig forskjellig påverknad, legg ho til som døme.

Kor stor skilnad er det mellom forskinga på dette og det folk flest trur om skjerm og psykisk helse?

– Eg trur tanken om at mykje skjermtid i seg sjølv er negativt, er noko som sit ganske sterkt i folk flest, seier ho.

Blant funna i studien som FHI nyleg publiserte kjem det også fram at:

  • Kor mykje tid ungdommane brukte på sosiale medium ikkje føresa seinare psykiske plager hos verken gutar eller jenter.

  • Og at auka gamingfrekvens ikkje vart knytt til auka psykiske plager over tid.

Korleis kan desse funna bidra til ein meir faktabasert samtale om skjermtid og psykisk helse, håpar du?

– Eg håpar det blir meir fokus på at det er masse positivt som skjer på skjermane. Men at det òg er ein del negative ting. At vi heller tar tak i det som er negativt og prøver å auke det som er positivt, i staden for å skulle fjerne skjermane heilt, seier Finserås.

Publisert 07.03.2026, kl. 18.50

Read Entire Article