1. september skreiv NRK om pengetrøbbel for filminnspelinga av Knut Hamsuns «Markens Grøde», som finn stad på ein fjellgard i Sogn.
Ei mellomfinansiering som glapp førte til at ei rekkje folk i produksjonen, tilsette og statistar ikkje fekk betaling.
Nokre hadde venta sidan 15. august, medan andre skulle hatt pengane på konto 15. juli.
Produsent: – Veldig lei oss
Produsent Håkon Øverås i filmselskapet 4 ½ lovde å ordne opp då NRK var i kontakt i slutten av august.
«Vi er bitte litt forseinka med betaling og ryddar fort opp i det. Det er ikkje dramatisk slik vi ser det.», skreiv han i ei tekstmelding.
Men slik har det ikkje gått. Fleire ventar den dag i dag på betaling.
Produsent Håkon Øverås i 4 ½ under innspelinga i Sogn i sommar.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKØverås ville ikkje la seg intervjue av NRK då saka først blei omtalt.
Det same gjeld no. I staden for har han sendt ein generell uttale.
– Vi er veldig lei oss for situasjonen som har oppstått, og gjer alt vi kan for å løyse den så raskt som råd, skriv produsenten.
Han viser til at filmbransjen er i krevjande økonomiske tider.
Sjå det heile svaret frå Øverås her.
Har enno ikkje fått betalt
Fleire av dei som jobbar bak kamera, og som er organisert i fagforeininga Norsk Filmforbund, er blant dei som ventar på betaling.
Det seier leiar Elisabeth O. Sjaastad.
Elisabeth O. Sjaastad i Norsk Filmforbund seier fleire medlemmer hos dei ventar på betaling.
Foto: NRKKor mange dette gjeld og kor lenge dei har venta, sit ho ikkje med detaljar om.
– Men dette er ei sak vi framleis er tett på, seier ho.
Sjaastad har tidlegare skildra situasjonen som krevjande for folka det gjeld.
Heller ikkje statistane har fått betaling for å vere med under innspelinga på fjellgarden i Luster i sommar.
Fleire har honorar frå 3000 kroner til det nær tredoble. Nokre av dei tok fri frå jobb for å vere med, medan andre statistar også har lagt ut for innleigd utstyr til innspelinga.
Skodespelarane er derimot ikkje råka av pengeproblema. Dei får nemleg betaling fortløpande, fortel Per Emil Grimstad, forbundsleiar i Norsk Skuespillerforbund.
Budsjett på over 50 millionar
At så store filmproduksjonar som «Markens Grøde» slit å betale ut lønn, er uvanleg, uttalte Sjaastad i Norsk Filmforbund, til NRK.
Herbert Nordrum spelar Isak i «Markens Grøde», som blei spelt inn i Luster i sommar. Asta Kamma August har rolla som Inger. Skodespelarane er ikkje råka av pengeproblema.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKFilminnspelinga har fått 17,5 millionar kroner i produksjonstilskot frå Norsk filminstitutt.
Totalbudsjettet i filmen har eit totalbudsjett på 52 millionar kroner.
Publisert 18.09.2025, kl. 18.07