Fleire arresterte for eldrebedrageri i Oslo-området

2 weeks ago 14



Det er fire personar som er arresterte. To av dei sitt i varetekt no, opplyser politiet til NRK.

Pågripingane har skjedd i Noreg, og ein av dei i Danmark. Sistnemnde har ikkje bustadadresse der.

Politiet har og ransaka fleire adresser i Noreg.

Dei kriminelle aktørane har både ringt og fysisk møtt opp, og sagt dei var frå politiet. Slik har dei fått tilgang til dei fornærmas bankkontoar og bankkort.

Alle dei fornærma er eldre personar, ofte einslege kvinner. Personar over heile landet har blitt svindla, men dei fleste bur i Oslo-området.

– Deretter har dei fornærmas kontoar blitt tappa, og korta brukt til kjøp av dyre gjenstandar, opplyser pressesjef Unni Grøndal i Oslo politidistrikt.

Ifølgje politiet dreier det seg om millionbeløp.

Grøndal seier vidare at politiet ser på dette som svært alvorlege lovbrot som lèt etter seg traumatiserte personar.

Publisert 15.04.2024, kl. 12.20 Oppdatert 15.04.2024, kl. 12.30

Read Entire Article