I løpet av ei vekes tid har det vore innbrot i seks kyrkjer i hovudstaden. – Vi synest det er veldig leit, seier talsperson for kyrkja.
Publisert 05.02.2026 15:08
Den siste veka har det vore uvanleg mange innbrot i kyrkjer i Oslo.
– Det har vore ein serie innbrot den siste veka. Det følgjer det same mønsteret kvar gong at dei knuser ei rute eller bryt seg inn, og det framstår som at dei har vore på jakt etter kontantar eller verdisaker, seier kommunikasjonssjef Torkil Hvidsten i Kyrkjeleg fellesråd i Oslo.
Både kyrkjene på Skøyen, Ullern, Bygdøy, Ila, Bøler og Rødtvedt har vore utsett for innbrot sidan natt til laurdag, ifølge Akersposten. I Skøyen kyrkje har det vore innbrott to gonger.
Same mønster
Ingen store verdiar har blitt stole, ifølge Hvidsten, men fleire vindauge er knust, og nokre dører er øydelagde.
– Vi synest det er veldig leit. Det kjem nokre kostnadar og meirarbeid, og det er ubehageleg for dei tilsette at det er innbrot, seier Hvidsten.
Måten innbrota har skjedd på har tilsynelatande vore ganske lik alle stadene.
– Dei knuser ei rute, bryt seg inn og ser ut til å søke rundt etter pengar
eller verdisaker. Så finn dei ingenting, og forlèt åstaden med uforretta sak, seier Hvidsten.
Han understrekar at kyrkja ikkje oppbevarer pengar etter til dømes kollekt i kyrkjene.
To innbrot på ein morgon
Torsdag morgon blei både Skøyen og Ullern kyrkjer utsett for innbrot.
Politiet har sikra seg videoovervaking frå kyrkjene, og dei har gjennomført undersøkingar. Ingen er pågripne så langt.
– Vi vil ikkje gje ein eksakt konklusjon, men det er naturleg å sjå dette i ein samanheng, ut frå startblokkene, seier operasjonsleiar Vidar Pedersen i Oslo-politiet.
– Det har vore same framgangsmåte. Det har vore knust ruter der nokon har tatt seg inn. Så har det vore brote opp nokre øskjer eller boksar der det har vore søkt etter verdisaker, seier Pedersen.





English (US)