Fleire medium om FN-gransking: Ingen bevis frå Israel på at UNRWA-tilsette er kopla til terror

1 week ago 16



Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 22.4.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Slik konkluderer den etterlengta uavhengige rapporten, ifølge både Reuters og The Guardian.

Det heiter vidare, skriv dei, at UNRWA sine «problem knytte til nøytralitet» framleis er til stades, trass i organisasjonen sitt «robuste rammeverk».

Den fullstendige rapporten er varsla til klokka 18 måndag kveld.

Catherine Colonna

Granskingsgruppa er leidd av, og namngitt etter, den tidlegare franske utanriksministeren Catherine Colonna.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Det var i januar at Israel hevda at 12 UNRWA-tilsette hadde koplingar til terrorgrupper, og hadde vore involvert i Hamas-angrepet 7. oktober.

Fleire enn 1100 menneske blei drepne. Som svar har også Israel invadert Gazastripa.

UNRWA-arbeidarane som fekk skuldingane mot seg i januar, fekk sparken umiddelbart. FN bestilte då denne eksterne granskinga av organisasjonen, og etterforska også internt.

Framleis nektar Israel å sleppe inn livreddande matleveransar til Gaza via UNRWA.

Generalsekretær i FN lovar «handlingsplan»

Colonna-komiteen kom med ein mellombels rapport sist månad, der dei viste til «kritiske område» der UNRWA måtte endre praksis. Kva område dette gjaldt, stod der ikkje.

No har generalsekretæren i FN, António Guterres, godkjent anbefalingane komiteen har kome med.

 Displaced Palestinians wait to receive United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) aid, in Rafah

I Gaza er det stort behov for matleveransar frå omverda. UNRWA er svært viktig for at desse skal kome fram, seier generalsekretæren i FN.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

– UNRWA, med generalsekretæren si støtte, skal få på plass ein handlingsplan for å innføre dei anbefalte endringane, seier talspersonen hans i eit utsegn.

– På vegen vidare ber han alle aktørar om å aktivt støtte UNRWA, fordi det er ei livbøye for palestinske flyktningar i regionen.

Dei fleste har teke opp att pengestøtte

Ei rekke land valde å setje pengestøtta til FN-byrået på pause medan skuldingane blei etterforska.

Allereie i januar blei det meldt at UNRWA hadde mista 4,6 milliardar kroner i støtte.

Mange, som Sverige, Danmark og Australia, har starta opp att med støtta. Andre, som EU-kommisjonen, har utsett heile eller delar av si støtte.

Noreg stoppa aldri sine utbetalingar.

USA gir framleis ingen støtte til UNRWA, og vedtak om noko framtidig støtte har blitt blokkerte i Kongressen.

Publisert 22.04.2024, kl. 15.42 Oppdatert 22.04.2024, kl. 15.46

Read Entire Article