Fleire titalls hundar stakk av på nyttårsaftan: – Rørande engasjement

3 hours ago 2



– Truleg har ho gøymt seg ein stad, livredd og sikkert kald, seier Nina Roe.

Hunden hennar Fie stakk av frå heimen på Hovland i Larvik nyttårsaften og er framleis ikkje funnen.

Smell frå fyrverkeri skremte den drygt 1,5 år gamle cockapoo-kvalpen, og ved ein glipp kom ho seg ut gjennom ei dør som ikkje var lukka heilt igjen.

Fie er heller ikkje den einaste hunden som har stukke av etter å ha vorte skremt av rakettar.

I Facebook-gruppa «Rømlingen» har det runne inn med innlegg om sakna hundar frå heile landet det siste døgnet.

Ifølge administrator Hanne-Lill Kjølner har det vore 55 innlegg berre om hundar som forsvann på fjorårets siste dag.

25 av dei er førebels komne til rette.

Et brunt hundedyr ligger på et teppe ved en glassdør inn til et rom. Gulvet er av lys tre, og det er møbler i rommet, inkludert et bord. Det er svakt lys, muligens fra utendørs belysning. Bak hunden er det vinduer med mørket synlig utenfor. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)En liten, hvit hund sitter under en parasoll.

Hundene Walter og Fie forsvant på nyttårsaften.

Foto: Privat

Framande har hjelpt til

Matmor Nina Roe og familien var ute nesten heile natta og lette etter Fie, men førebels utan resultat.

Torsdag har dei fått hjelp frå både vener og kjende – og heilt framande – i leitinga etter den vesle brune hunden.

– Det har vore eit så rørande engasjement. Så mange har hjelpt meg, gått rundt med hundane sine og lett etter Fie, seier ho.

Sjølv brukte ho store delar av natta på å leita etter den brune pelsdotten.

– Eg var ute og leita etter Fie til klokka 5 i dag tidleg, så sov eg usamanhengande i to timar, før eg gjekk morgonrunden vår klokka 7.

Bildet viser en hund som ligger sammenkrøp på en myk måtte på et tregulv. Hunden har en krøllete, brun pels og ser ut til å sove. I bakgrunnen er det en stuhl og ledninger synlige på gulvet. Omgivelsene gir en koselig innendørs atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fie er ein blanding av cocker spaniel og puddel, ein såkalla cockapoo. Ho vert to år gamal i mai.

Foto: Privat

Roe anslår at rundt 50 personar har kome for å hjelpa til i leitinga.

– Folk har køyrt frå Skien og Sandefjord. Folk har ringt og spurt korleis det går. Og veldig mange naboar har gått ute og sett etter Fie.

Ho vonar at Fie ikkje er altfor langt unna heimen og oppfordrar folk i nabolaget til å ta ein titt under verandaer og skur, i tilfelle hunden har gøymt seg der.

– Hoppa ut av armane mine

Walter klarte òg å stikka av på nyttårsaftan, trass i at familien var inne nesten heile kvelden.

– Me var på veg frå bilen og inn i leilegheita då det plutseleg small frå ein rakett ti meter unna oss. Då hoppa han ut av armane mine, seier matmor Vanessa Johansen.

Den vesle, kvite hunden forsvann frå Kjeller i Lillestrøm. I løpet av torsdagen har matmor fått tips om at han kan ha vorte sett på ein video frå Leirsund, fleire kilometer heimanfrå.

Et hvitt hundedyr, iført en rød sele, står på gresset med en pinne i munnen. Den ser mot kameraet, med øyne som uttrykker nysgjerrighet. Bakgrunnen viser et grønt område med trær og bygninger i det fjerne. Det er en solfylt dag. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Walter er ein nesten to år gamal malshi, ein blanding av maltesar og shih tzu. Han forsvann frå Kjeller i Lillestrøm rundt klokka 23.30 nyttårsaftan.

Foto: Privat

Johansen har òg fått mykje hjelp etter å ha lagt ut eit innlegg i Facebook-gruppa.

– Det har vore ein heilt sinnssjuk respons. Kjempemange som ønsker å hjelpa og har gått og leita heile dagen, seier ho.

Dei har leita gjennom heile dagen, og vonar at dei skal finna han snart.

– Han har hatt éi natt ute, me vonar jo at han skal sleppa å ha ei natt til ute, seier Johansen.

Det er ikkje berre i år at fleire hundar har stukke av på nyttårsaftan:

Engasjerte frivillige

Administrator Hanne-Lill Kjølner i «Rømlingen» stadfestar at veldig mange i gruppa har hjelpt til i leitinga etter dei forsvunne hundane.

Fleire av innlegga har fleire hundre kommentarar og liker-klikk.

Oppfatninga hennar er at det er fleire forsvunne hundar i år enn tidlegare år.

Ho knyter auka i forsvunne hundar opp mot det ho sjølv oppfattar som auka mengde fyrverkeri.

– Eg kan berre tala for der eg sjølv bor, i Oslo. Men her har det aldri vore så gale som det har vore i år, meiner ho.

Kjølner meiner løysinga er enkel: Forby fyrverkeri. For sjølv om det i dag er reglar for når og kor ein kan skyta opp fyrverkeri, vert dei ikkje følgde.

Det er Nina Roe heilt einig i.

– Eg er heilt einig med alle som vil ha totalforbod mot fyrverkeri, seier ho, og utdjupar:

– Det skremmer jo ikkje berre kjæledyra våre. Dyra i naturen må jo vera heilt vettskremte av alle desse høge smella. Det er berre å fyra opp pengar og masse søppel overalt, det er heilt ubrukeleg.

Publisert 01.01.2026, kl. 20.25

Read Entire Article