Israelske styrkar har gjennomført målretta angrep mot barn i Gaza, meiner ein uavhengig FN-granskingskommisjon for Palestina.
Angrepa har bidratt til folkemord, brotsverk mot menneska og krigsbrotsverk i Gaza, og krigsbrotsverk på Vestbredden, konkluderer rapporten som blei offentleggjort tysdag.
FN-granskinga har undersøkt brot mot palestinske barn sidan konflikten mellom Israel og Hamas starta 7. oktober 2023.
Israel har avvist rapporten.
Seniorforskar Erik Skare ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) seier at rapporten føyer seg inn i ei lang rekke FN-rapportar dei siste tre åra som argumenterer for at det har vore målretta israelske angrep mot kritisk palestinsk infrastruktur.
– Også no konkluderer FN-rapporten med at det går føre seg eit folkemord mot palestinarane som viser kor uuthaldeleg den humanitære situasjonen er for palestinarar, trass den nominelle våpenkvila i Gaza.
I oktober i fjor blei Israel og Hamas einige om ei våpenkvile. Likevel har fleire hundre personar blitt drepne i Gaza det siste halvåret.
To barn står på balkongen i Gaza by.
Foto: DAWOUD ABU ALKAS / REUTERS,NTBOver 20.000 barn drepne
Kommisjonen peiker på at Israel held fram med å bruke kraftigare våpen med stor spreiing i folketette bustadområde, trass i at mange barn har blitt drepne.
Dette viser at angrepa var intensjonelle, meiner kommisjonen.
Dei påpeiker at barn framleis blir drepne og skadde, sjølv etter våpenkvila i fjor.
Skare seier at sjølv om konklusjonen om at barn intensjonelt har blitt drepne kan verke sensasjonell, er språket i rapporten nøkternt og bygger på tusenvis av offentlege kjelder og intervju.
– Når FN-rapporten argumenterer for at dette er tilfellet fordi israelske styrker har bomba tettbebudde område med svært tunge eksplosiv kor det openbert ville bli høge sivile tapstal, er det vanskeleg å la seg overraske.
Over 20.000 barn har blitt drepne i Gaza mellom 7. oktober 2023 og 7. oktober 2025, ifølge rapporten.
Dei utgjer 30 prosent av dei som er drepne.
Jabalia i Gaza er totalt jamna med jorda etter Israels krig mot Hamas i februar.
Foto: OMAR AL-QATTAA / OMAR AL-QATTAA / AFP / NTB– Heilt øydeleggande
Skare meiner at konsekvensane er store for det palestinske samfunnet.
– For barna, som resten av det palestinske samfunnet, er det sjølvsagt heilt øydeleggande, og vi snakkar om eit heilt samfunn som er gjennomtraumatisert.
Skare poengterer samstundes at Israel nektar for konklusjonen og påstandane i rapporten.
Kommisjonen seier at alvorlege fysiske og psykiske plagar, store traume, foreldrelausheit, funksjonsnedsettingar, fordrivingar, svolt og kollaps i utdannings- og helsesystemet har viska ut barndommen for palestinske barn.
Dette kjem også til å påverke barna gjennom heile livet, står det i rapporten.
– Gjennom å angripe barn angrip Israel moglegheita for det palestinske folket til å eksistere og å bestemme over framtida si, seier leiar av kommisjonen Srinivasan Muralidhar i ei pressemelding.
To gutar ser utover ein teltleir Khan Younis sør på Gazastripen.
Foto: Ramadan Abed / REUTERS,NTBAvviser rapporten
Ifølge Reuters avviste Israel sin delegasjon i Genève rapporten.
– Vi avviser dette ærekrenkande falskneriet, seier dei i eit fråsegn.
Israel la til at alle barn fortener beskyttelse og hevda at rapporten ignorerte Hamas sin «brutale taktikk».
I september konkluderte FN sin granskingskomité med at Israel har gjort seg skuldig i folkemord i Gaza.
Israel kalla granskingsrapporten for «skandaløs» og «falsk».
Publisert 24.06.2026, kl. 22.23 Oppdatert 24.06.2026, kl. 23.07









English (US)