Fødselstala aukar i nord: – Eg merka det på barselgruppa

3 hours ago 1



– Eg har to gutar frå før, så det var veldig stas å få ei jente. Det er eit par stolte storebrør heime, seier mamma Malin Thomassen.

I juni kom vesle Pernille til verda i Brønnøysund.

Det Pernille ikkje veit enno, er at ho er ein del av ein positiv statistikk. For i første halvår i år auka talet på fødslar.

Og den største auken er i Nord-Noreg, skriv Folkehelseinstituttet.

I Helse Nord blei det fødd 6,1 prosent fleire barn i dei første seks månadane i år, samanlikna med i fjor.

Det er også eit par kommunar i Nord som skil seg ut.

Brønnøysund, Rana, Harstad og Narvik har alle nemleg ein auke på over 10 prosent.

Og det har Malin Thomassen merka.

– Eg merka faktisk det på barselgruppa. Vi var fleire i barselgruppa i Brønnøysund i år, samanlikna med gruppa eg var i med nummer to, i Trondheim i 2019.

Malin Thomassen som kneler ved siden av en dattera Pernille i en barneseng

Malin Thomassen seier det er kjempebra at det er auke i fødselstala i Brønnøysund.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Det er ikkje berre i nord det er fødd fleire barn. Helse Vest har også merka ein auking, medan i dei to andre regionane er tala meir stabile.

– Tala for månadane april, mai og juli i år er nær tilsvarande tal for 2021, som var det året vi for første gong på 12 år såg ein auke i fødselstala på årsbasis i Noreg.

Det seier overlege i Medisinsk fødselsregister, Liv Cecilie Vestrheim Thomsen.

På landsbasis blei det fødd 27.858 barn i Noreg det første halvåret av 2025.

– Bildet er samansett

På Helsehuset i Brønnøy er dei nøgd med fødselstala, og einingsleiaren på fødestova der, Louise Tjøsvold seier at i 2025 blir det eit stort kull på Sør-Helgeland.

– Vi ser positivt på den nærmaste framtida.

Louise Tjøsvold ser i kamera og smiler mens hun står inne på ei fødestue

Einingsleiaren på fødestova i Brønnøysund, Louise Tjøsvold seier det er flott at

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Men Nord-Noreg som region kan likevel ikkje juble over fødselstala. For folkeveksten går nemleg i minus.

I andre kvartal i år blei det 621 mindre folk i regionen, viser tal frå SSB.

Det føyar seg i rekka av ein negativ trend.

For rundt 50 år sidan budde 12 prosent av befolkninga i Noreg i Nord-Noreg. I dag er berre litt under 9 prosent av oss nordlendingar.

Men Maja Blomberg, doktorgradsstipendiat ved Nordområdesenteret på Nord universitet forskar på befolkningsutvikling, meiner situasjonen ikkje er heilt mørk.

– Bildet er veldig samansett, og ikkje berre dystert.

en stor bygning med en fontene foran

I Helse Nord blei det fødd 6,1 prosent fleire barn i dei første seks månadane i år, samanlikna med i fjor.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Ofte blir befolkningssituasjonen framstilt i Nord-Noreg som meir negativ enn han er.

Ho seier det er fleire utfordringar som eit umetta arbeidsmarknad, «forgubbing», færre skattebetalarar og mindre pengar til sosiale tenester visse stadar.

– Samtidig er det viktig å hugse på at det går veldig mykje betre med Nord-Noreg samanlikna med andre regionar rundt om i verda som verkeleg slit med fråflytting. I Nord-Noreg har vi framleis befolkningsvekst på grunn av innflyttarar og låg arbeidsløyse.

Difor meiner ho det er fint å gle seg over tal som indikerer at utviklinga går rette vegen.

– Det blir spennande å sjå om denne utviklinga fortset, og kva samanhengar ein kan finne med andre utviklingstrekk.

Trist å gå glipp av søndagsmiddagane

Malin Thomassen er ein av dei som valde å flytte til Nord-Noreg og heim att til Brønnøysund.

Ein viktig grunn til at ho gjorde det var familie.

– No kan eg møte familien kvar helg om eg vil. Det kunne eg ikkje i Trondheim. Der hadde eg ikkje familie, og det var litt trist å gå glipp av søndagsmiddagane.

Spesielt etter at ho fekk dei to første ungane kjende ho på trongen til å flytte.

– Det var kjempebra å bu i Trondheim med mykje ting ein kunne gjere, men det mangla bestemor, bestefar, tanter og onklar. Eg trur dei får ein betre barndom her.

Malin Thomassen står ved stellebordet der dattera Pernille ligger.

Ein viktig grunn for at Malin Thomassen flytta heim var familien.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

For at andre gravide i kommunen skulle føle seg like heime som ho, så oppretta Thomassen ei gruppe på Facebook for dei som har termin Brønnøysund i 2025.

– Då eg var i Trondheim og fekk baby i 2019, så hadde fleire i barselgruppa mi to og tre barn frå før, og hadde det travelt og ikkje tid til å møtast. Då tenkte eg at nokon ikkje skal oppleve det same i Brønnøysund, seier ho og legg til:

– Det var også fordi eg ville vite kven som var i same livssituasjon som meg.

I dag har gruppa 58 medlemmer, og møtast på heimebesøk og gåturar.

– Vi har også hatt gravid-svømming, som har hatt fleire fullbooka timar. Det er jo kjempebra.

Publisert 21.08.2025, kl. 20.08

Read Entire Article