Du har kanskje høyrt om «FOMO», «fear of missing out», eller på godt norsk: Frykta for å gå glipp av noko.
Og er det éin som truleg har FOMO søndag kveld når Noreg 99,9 prosent sikkert går til VM, er det kaptein Martin Ødegaard.
– Har det vondt
Arsenal-spelaren hadde vore bombesikker i startellevaren om han hadde vore skadefri, men skaden han pådrog seg mot West Ham 4. oktober held han framleis ute av spel.
26-åringen har allereie 67 landskampar, men han skulle nok betalt mykje for at Italia-kampen på San Siro søndag kveld hadde blitt hans 68. opptreden med flagget på brystet.
– Han har det vondt, fortel landslagssjef Ståle Solbakken til NRK i Milano.
I KULISSANE: Martin Ødegaard er tett på laget i Milano. Men han skulle nok helst snørt på seg fotballskoa.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånHan meiner Ødegaard handterer det godt, men Noreg-bossen påpeikar at Ødegaard dessverre har fått god trening i å miste viktige kampar for Noreg det siste året.
– Han fekk god trening med (å miste) fire av seks kampar i Nasjonsligaen, og nå mistar han dei tre siste her, seier landslagssjefen.
Ødegaard har likevel vore til stades og bidratt utanfor banen dei siste landslagssamlingane.
Fleire medspelarar i Noreg-garderoben fortel at Ødegaard har møtt opp og bidratt på sin eigen måte utan å kunne spele.
Landslagsassistent Brede Hangeland er blant dei som ikkje får fullrosa Ødegaard nok.
Etter Israel-sigeren på Ullevaal i oktober, der både Martin Ødegaard og Leo Østigård møtte opp trass i skade, sa Hangeland til NRK:
– Det sender eit ganske sterkt signal når Ødegaard og Østigård, som begge har meldt forfall med skade, stiller på kampmaten i dag. Og er med gutane på bussen til stadion, er med i garderoben, er dei første ned (i garderoben) etter kamp og er med, sa han.
Ødegaard: – Litt annleis
Solbakken legg seg på same spor.
– Det viser jo kor mykje det betyr for han, og kor viktig han er for oss, at vi klarer å lage ein «deal» med Arsenal, som gjer at han får lov til å føre vidare «rehaben» sin her og bli her i fire–fem dagar, seier han.
Martin Ødegaard har ikkje stilt til noko større intervju denne samlinga, men i ein kort kommentar til TV 2 etter Estland-kampen sa han:
– Det er jo litt annleis å sjå kampane frå sidan, ein kjenner meir på nervar og litt meir på stress. Men det var herleg å få vere på plass, sa han.
Løkberg: – Må vere smertefullt
NRK-ekspert Kristoffer Løkberg føler med Ødegaard som ikkje får spele kampen alle involverte vil hugse til dei sit på gamleheimen.
– Det må rett og slett vere smertefullt for Ødegaard å gå glipp av desse kampane, spesielt kveldens på sjølvaste San Siro. Samtidig gleder han seg enormt på vegner av laget og ser ut til å elske å vere med i og rundt dette laget, uavhengig eiga speletid, seier Løkberg.
Bilde frå @herrelandslaget på Instagram.
NRK-eksperten meiner det seier mykje om Ødegaard som person at han vel å troppe opp på samlingar sjølv om han er skadd og sikkert kunne ha dratt til meir solfylte strøk og trena seg opp der.
– Mange ville ha trekt seg unna i slike situasjonar, rett og slett for å unngå å kjenne for mykje på den smerta av at ein ikkje har høve til å bidra på banen. Martin Ødegaard tar verkeleg kapteinsansvar og set laget langt over seg sjølv, rosar Løkberg.
Haaland: – Bygger noko spesielt
I Ødegaard sitt skadefråvær er det Erling Braut Haaland som ber kapteinsbindet for Noreg. Jærbuen uttalte nyleg at det største målet i karrieren for hans del er å ta Noreg til meisterskap.
Haaland blei på pressekonferansen før kampen spurd om han merkar presset før den avgjerande kampen.
– Eg har kjent på press sidan eg kom på landslaget i 2019. For å vere ærleg, eg kjente meir press da enn eg gjer nå, fordi eg ikkje var så god til å handtere det. Nå er eg betre til det, nå synest eg at eg er ein ekspert på det, seier han.
STYRER SKUTA: Erling Braut Haaland er kaptein i Martin Ødegaard sitt fråvær.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBHaaland er som mange andre fornøgd med retninga og utviklinga dette landslaget har hatt det siste året.
– Vi bygger noko spesielt, og i karrieren min vil eg oppleve mange VM og EM, det er målet mitt, og det er det eg jobbar for. Om ti år får vi sjå kor vi er, og eg håpar tinga eg seier nå har gått i oppfylling, seier han.
Kampstart på San Siro søndag kveld er 20.45. Dramatikken kan du høyre på NRK Sport på radio eller sjå på TV 2.
Publisert 16.11.2025, kl. 18.25
















English (US)