Følg påsketrafikken: Store forseinkingar på E16

1 day ago 1



Mange har teke påskeferie, pakka bilen og er kanskje på veg til fjells.

På E16 mellom Sollihøgda og Hønefoss er det store forseinkingar onsdag ettermiddag, ifølge trafikkoperatør Marita Bakkebø ved Vegtrafikksentralen sør.

– Det er rundt 50 minutt forseinkingar på E16 på grunn av trafikkmengda, seier ho.

16 Skaret mot Hønefoss

Kø på E6 ved Skaret i retning Hønefoss onsdag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

Om du skal køyre den strekka, eller kanskje står i køen der no, er oppfordringa frå Bakkebø:

– Ikkje stress, ta det med ro og rekn med ekstra tid, seier ho.

Her kan du sjå status i din del av landet:

Aust: – Rimeleg uproblematisk

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Aust, Hilde Bjørnstad, seier trafikken stort sett flyt greitt på Austlandet på ein av dei største utfartsdagane i påska.

Mellom klokka 11 og 15 var det mykje trafikk på vegane, men det skal ha roa seg utover ettermiddagen.

– Det er rimeleg uproblematisk. Trafikken går så langt vi kan sjå veldig greitt.

Påsketrafikk Lillehammer retning Hafjell

Mykje trafikk på E6 ved Lillehammer i retning Hafjell.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Det har vore nokre hendingar som har ført til køar enkelte stader. Mellom anna på E6 ved Skedsmovollen i Lillestrøm. Der var det ei trafikkulukke mellom tre bilar.

På riksveg 3 mellom Elverum og Rena har det vore vegarbeid onsdag. Det var manuell dirigering og lange køar på staden.

– Sjølve arbeidet er no ferdig, men det kan vere noko etterslep i trafikken, seier Bjørnstad.

Ein påkøyrsel bakfrå fører til kø på E6 Mjøsbrua. Politiet i Innlandet ber trafikantar om å velje alternative køyretrasear medan ein ventar på berging.

Det er manuell dirigering på staden.

Kø Mjøsbrua

Det har vore eit trafikkuhell på Mjøsbrua. Det fører til kø.

Foto: Statens vegvesen

Dei fleste fjellovergangane er opne, men fv. 51 over Valdresflye mellom Beitostølen og Vågå er stengd som følge av snøfokk. Vegen blir ikkje opna i løpet av dagen.

Sør: Mykje trafikk

Sett bort frå forseinkingane mellom Sollihøgda og Hønefoss, flyt trafikken greitt i området som trafikkoperatør Bakkebø overvakar.

Det er vegane i Agder, Vestfold, Telemark og Buskerud.

– Det ser veldig greitt ut sørover. Det er ein del trafikk på vegane, men det er ingen hendingar, seier ho.

Vest: – Ver tolmodig

Det er mykje trafikk på vegane i Rogaland og Vestland ifølgje trafikkoperatør Tor Evensen ved Vegtrafikksentralen vest.

– Det har vore stor trafikk frå klokka 12 og den er gradvis aukande. Frå Bergen er det hovudsakeleg køar nordover og austover.

Altså på E39 ved Åsane og nordover og på E16 ved Arna og austover.

I tillegg er det ein del kø på E16 mellom Voss og Vinje.

Det er sett opp ekstra ferje mellom Larvik – Oppedal og Arsvågen – Mortavika for å ta unna all påsketrafikken.

I Rogaland flyt trafikken stort sett greitt, men det er mykje trafikk på E39 frå Sandnes mot Ålgård.

– Dette er ein av dei to store utfartsdagane i påska. Ein kan samanlikne denne dagen som fredagen før palmehelga. Det er omtrent likt trafikkbilete som då.

Om du skal ut å køyre onsdag, anbefaler han at ein ventar litt utpå ettermiddagen med å reise.

– Då har trafikken lagt seg og ein slepp unna dei lengste køane. Ver tolmodig og følg trafikken slik at alle kjem seg trygt fram, seier Evensen.

Midt: Slapseføre

I Midt-Noreg flyt trafikken greitt, ifølge trafikkoperatør Erlend Karlsen ved Vegtrafikksentralen midt.

Det har kome noko snø enkelte stader i Møre og Romsdal som har lagt seg på vegane og ført til slapseføre. Elles er føret greitt.

– Hald avstand, tilpass farten og køyr etter forholda, er oppfordringa frå Karlsen.

Nord: Uvêr pregar trafikken

På Tjeldsundbrua i Sør-Troms og Sandnessundbrua i Tromsø er vinden så sterk at det er manuell dirigering på staden.

Vinden har blitt målt til over 30 meter i sekundet på E10-brua som knyter Hinnøya, Vesterålen og Lofoten til fastlandet.

Då må brua bli stengt.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for vindkast langs kysten av Troms for onsdag.

Kartet viser stor vindstyrke i deler av Nordland og Troms.

Det er venta lokalt kraftige vindkast på 27 til 30 meter i sekundet frå sørvest. Utover dagen vil vinden auke endå meir.

Foto: Yr

– Utover dagen vil vinden auke til sørvestleg sterk kuling, og på kysten liten storm. Det kan bli full storm, seier meteorolog Maiken Vassel.

Uvêret vil vere verst mellom klokka 14 og 2 natt til onsdag. Då vil det også auke på med regn og snø.

– Det kan bli vanskelege køyreforhold med regn og sludd i lågare strøk, og snø i høgare strøk, seier Vassel.

Publisert 01.04.2026, kl. 16.15 Oppdatert 01.04.2026, kl. 16.31

Read Entire Article